Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Sarpsborg kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Sarpsborg kommune. Ettersynet avdekte 3 avvik på områda kontrast, navigasjon og koding av innhald.

2017:5
14. desember 2017

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Sarpsborg kommune i tidsrommet 21.08.2017 – 30.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.sarpsborg.com/

    Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Sarpsborg kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Sarpsborg kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt , innanfor tema.

    2.2 Om verifikasjonen

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 12 indikatorar.

    Verifikasjon er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Internet Explorer 11
    • Firefox for Windows, versjon 55
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
    • Kodevalidatoren til W3C

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Startsida
    2. Ledig stilling
    3. Skole og SFO
    4. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 1
    5. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 2 (sjå side 4)
    6. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 3 (sjå side 4)
    7. Tømmekalender
    8. Åpningstider
    9. Kontakt oss
    10. Bibliotek

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Kontrast

    Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 1 (forstørra visning) 3 oransje boksar (tømmekalender, søknadsskjemaer, feilmeldingen)
    2 Side 1-10 (forstørra visning) Prek med oss
    3 Side 2,3,7,8,9 (forstørra visning) Knappane Ja, Nei og Send tilbakemelding i Fant du det du lette etter?
    4 Side 3,7,10 (forstørra visning) Blå boks med kvit skrift
    5 Side 10 (forstørra visning) Oransje boks med kvit skrift
    b) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 2,7 (forstørra visning) Grøn boks med kvit skrift
    c) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1 i både vanleg visning og høgkontrastmodus
    Nr Side Element
    1 Side 5 Feilmeldingar i skjema (både ved skjemafelt og i høgre spalte)
    2 Side 1 3 datoar i kalender
    3 Side 1-10 Start chat (i vanleg visning) og hjelpetekst (forstørra visning)
    d) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1 i både vanleg visning og høgkontrastmodus
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Powered by (eDialog) 24
    2 Side 7 Blå overskrifter i tømmekalenderen
    3 Side 7 Blå knappar i tømmekalender
    4 Side 7 Grøn knapp i tømmekalender
    5 Side 7 Tekst i tømmekalender
    e) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1 i vanleg visning og kontrast under 3,0:1 i høgkontrastmodus
    Nr Side Element
    1 Side 10 Tekst under hovudoverskrift (Bibliotektilbudet i Sarpsborg består av tre avdelinger (…))

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    3.2 Avvik 2: Navigasjon

    Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Det er ikkje mogleg å lukke chattefunksjonen i forstørra visning.
    2 Side 5,6 Knappar for å lagre, avbryte og gå til forrige/neste og Du er her (steg i skjema og utfyllingsrekkefølge).
    b) Element det ikkje er mogeleg å bruke med tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Funksjonar i innstillingane til ReadSpeaker, etter alternativa om Ordfarge
    2 Side 1-10 Knapp for å lukke chat
    3 Side 3 Innlogging til Fronter
    4 Side 7 Søk opp din adresse (Tømmekalender)
    c) Nettside med snarveglenke for å hoppe til hovudinnhaldet, der lenka ikkje flyttar visuelt eller funksjonelt fokus når den blir aktivert
    Nr Side Element
    1 Side 1 Heile nettsida
    d) Nettside med snarveglenke for å hoppe til hovudinnhaldet, der lenka ikkje flyttar funksjonelt fokus når den blir aktivert
    Nr Side Element
    1 Side 2-10 Heile nettsida
    e) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Snarvegar for tastaturnavigasjon på starten av sida
    2 Side 1-10 Powered by eDialog (i chat)
    3 Side 2 utlysning@sarpsborg.com i venstremeny
    4 Side 2,3,7,8,9 Knappane Ja, Nei og Send tilbakemelding i Fant du det du lette etter?
    5 Side 7 Se her! Under Returpunkter i Sarpsborg
    6 Side 7 Knappar, avkryssingsboksar og lenker til App Store og Google Play
    7 Side 10 Ikon med lenker til Facebook, Instagram, Twitter og RSS
    8 Side 4 16 steg mellom siste aktive punkt i brødsmulestien og skjemaet (personopplysninger) som ligg inni ein iframe på sida.
    9 Side 5,6 2 tomme tab-steg mellom Neste-knappen og lenka Om utfylling og bruk

    3.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.3 Avvik 3: Koding

    Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Visuell overskrift som ikkje er koda som overskrift
    Nr Side Element
    1 Side 8 3 overskrifter om bibliotek
    2 Side 8 Opningstider i svømmehallen (7 ukedagar)
    3 Side 9 Opningstider til hovedbibliotek, brannvesen, NAV og kemnerkontor
    4 Side 2 For bistand i søkeprosessen
    5 Side 3 Mellomtitlar inni trekkspel
    6 Side 7 Returpunkter i Sarpsborg
    b) Sider med syntaksfeil i koden
    Side Feil nøsting av element Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har ID-ar som ikkje er unike Sum
    1 1 0 0 0 1
    2 1 0 0 0 1
    3 2 0 0 0 2
    7 1 0 0 0 1
    8 1 0 0 0 1
    9 1 0 0 0 1
    10 1 0 0 0 1
    Sum 8 0 0 0 8
    c) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Send en melding (chat)
    2 Side 1-10 Jeg ønsker en e-postkopi (chat)
    3 Side 10 Søk i bibliotekets bok- og mediekatalog
    4 Side 7 Ditt mobilnummer
    d) Knapp som ikkje er koda med standardelementa <input> eller <button> og som ikkje har role="button"
    Nr Side Element
    1 Side 1-10 Send melding (i chat)
    e) Iframe er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 1 Google-kart
    2 Side 1-10 ed24ChatClientContainerVideofield
    3 Side 4,5,6 Skjema for SFO
    4 Side 4,5,6 iframeresizer

    3.3.1 Kommentar avvik 3

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
    • Språket på innhaldet på nettsida skal vere rett koda, slik at brukaragentar og skjermlesarar les opp innhaldet på rett måte.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Sarpsborg omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 21.08.2017.
    2. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Sarpsborg, Oslo, Bærum, Skedsmo, Moss og Horten.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 35 og 36.
    5. E-post 24.10.2017 om at utsending av førebels rapport er forseinka.
    6. Førebels rapport vart sendt 31.10.2017.
    7. Vi fekk kommentarar frå kommunen på førebels rapport 20.11.2017.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Sarpsborg kommune sendte følgjande dokumentasjon:

    • Hoveddokument – Innledning og oppsummering
    • Spørreundersøkelse 2015 – spørsmålene og resultat
    • Kravspesifikasjon til internettportal fra 2010.
    • Notat videreutvikling av www.sarpsborg.com - til kommuneledelsen i Sarpsborg kommune 30.04.2015.
    • Notat til ledergruppen i Enhet kommunikasjon og service – begrunnelse for videre samarbeid med Prokom 09.06.2015.
    • Notat til ledergruppen i Enhet kommunikasjon og service – hovedtrekk for forside www.sarpsborg.com 11.06.2015
    • Våre tilbakemeldinger til Prokom på skisser for artikkelsider 17.08.2015
    • Referat telefonmøte med Prokom presiseringer før lansering 12.11.2015
    • FunkaNu sine tilbakemeldinger på de første designskissene for nye www.sarpsborg.com 27.08.2015
    • FunkaNu sine tilbakemeldinger etter gjennomgang av prototyp 27.10.2015
    • FunkaNu sine tilbakemeldinger rett før lansering 25.11.2015
    • Informasjon til innbyggerne ved lansering – artikkel på www.sarpsborg.com 30.11.2015
    • Kommunetest – gjennomgang ved FunkaNu 27.02.2017
    • Topp 15 sider og tjenester i www.sarpsborg.com