Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Helse Førde HF

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Helse Førde HF. Tilsynet avdekte brot på 5 av 13 krav som blei testa.

2025:2
08. august 2025

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Helse Førde HF i perioden 29.04.2025 – 30.05.2025. Tilsynet retta seg mot nettstaden www.helse-forde.no.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som blei testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    2 Resultat

    Det er avdekka brot på 5 av 13 krav som er testa.

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot på følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    NrReferanseSideElement
    1131aDoku2025-1fodekap-sluttrapport.pdfBÆREKRAFTIG UTVIKLING FOR FØDEKAPASITET PÅ VESTLANDET, øvst
    2131aDoku2025-2fodekap-sluttrapport.pdfOppsummering, øvst
    3131aDoku2025-11fodekap-sluttrapport.pdfSide 19 Bærekraftig fødekapasitet på Vestlandet
    4131aDoku2025-12fodekap-sluttrapport.pdfSide 20 Trygge medarbeidere gir god kvalitet
    5131aDoku2025-13fodekap-sluttrapport.pdfSide 21 God og avklart oppgavedeling bidrar til god fordeling av oppgaver i avdelingene
    6131aDoku2025-14fodekap-sluttrapport.pdfSide 22 Fleksible vaktordninger og arbeidsplaner
    b) Sidetittel er ikkje beskrivande for innhaldet i dokumentet.
    NrReferanseSideElement
    1242aDoku2025-1fodekap-sluttrapport.pdfDokument

    Kommentar til brot

    Innhald og element på nettstaden, inkludert dokument skal vere koda slik dei ser ut. Feila som er avdekka gjer at nettstaden og dokument kan vere vanskeleg og uoversiktlege for brukarer som er blinde eller har nedsett syn. Mange brukar sidetittel for å halde oversikt ved navigasjon, for eksempel for å skilje mellom ulike faner i nettlesaren. Der sidetittel ikkje beskriv innhaldet i dokumentet, er dette utfordrande for dei som brukar den til navigasjon.

    • Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrift.
    • Sidetittel skal beskrive innhaldet i dokumentet.

    Rettleiing til suksesskriterium

    2.2 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Bilde som er rein dekorasjon, nyttast utelukkande til visuell formattering eller ikkje vert presentert for brukarane er koda slik at det ikkje blir ignorert av hjelpemiddelteknologi.
    NrReferanseSideElement
    1111a2025-18Side 2: ADHD hos barn og ungeBlå form i rektangel under Indre Sogn psykiatrisenter Sogndal BUP
    b) Komplekst bilde har eit langt tekstalternativ, som ikkje er beskrivande for innhaldet i bildet.
    NrReferanseSideElement
    1111a2025-12Side 8: Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtidaStolpediagram
    2111a2025-15Side 2: ADHD hos barn og ungeKart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
    c) Meiningsberande bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    NrReferanseSideElement
    1111a2025-10Side 7: NyheitssakEi gruppe menneske med skjørt og shorts i ulike farger klar for eit løp forran ein bygning og eit grønt fjell.

    Kommentar til brot

    Ikkje-tekstleg innhald som er meiningsberande skal vere koda på ein slik måte at brukaren får presentert eit tekstalternativ som er beskrivande.

    Komplekst bilde skal ha eit langt tekstalternativ som beskriv innhaldet. Ikkje-tekstleg innhald som er rein dekorasjon skal vere koda slik at innhaldet kan bli ignorert av hjelpemiddelteknologi.

    Rettleiing til suksesskriterium

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell beskrivande liste er ikkje korrekt koda.
    NrReferanseSideElement
    1131c2025-1Side 1: FramsideTelefon 57 83 90 00 i botnteksten
    2131c2025-2Side 1: FramsidePostadresse Helse Førde HF Postboks 1000 6807 Førde
    3131c2025-3Side 1: FramsideOrganisasjonsnummer 983 974 732
    4131c2025-6Side 2: ADHD hos barn og ungeUnder Praktisk informasjon>Visittider Førde sentralsjukehus
    5131c2025-7Side 3: Kurs: Pårørandekveld ved psykisk helseUnder overskrift Tid og stad
    6131c2025-9Side 4: Helse Førde Kontakt ossUnder overskrift Kontaktinformasjon til behandlingsstader

    Kommentar til brot

    Brota som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for blinde eller brukarar med nedsett syn som nyttar hjelpemiddelteknologi for å navigere på nettstaden.

    • Visuell liste skal kodast korrekt.

    Rettleiing til suksesskriterium

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Brukargrensesnittkomponenten med synleg ledetekst som ligg i, rett ved sida av eller under, har ikkje tilgjengeleg namn i same rekkefølgje som den synlege ledeteksten.
    NrReferanseSideElement
    1253aNett2025-15Side 6: SøkKnapp med pil ->
    2253aNett2025-16Side 6: SøkKnapp med pil <-
    b) Skjemaelementet har tilgjengeleg namn, men er ikkje koda med riktig rolle som identifiserer funksjonen til det aktuelle elementet.
    NrReferanseSideElement
    1412aNett2025-1Side 1: ForsideSøkefelt vert aktivert ved knappen Søk ved sida av meny
    2412aNett2025-2Side 1: ForsideSøkefelt på forside under overskrift Velkommen til Helse Førde
    3412aNett2025-11Side 6: SøkSøkefelt
    c) Knappen er ikkje koda med role="button."
    NrReferanseSide
    1412bNett2025-17Side 6: Søk

    Kommentar til brot:

    Leietekst i namn skal sikre at synleg (visuell) leietekst i form av tekst eller bilete av tekst, for ein brukargrensesnittkompenent, er spegla i koden til den same brukargrensesnittkomponenten via tilgjengeleg namn. Dette er særs viktig for at talenavigasjon skal fungere. Alle brukargrensesnittkomponentar skal ha korrekt rolle i koden. Krava skal særleg ivareta brukarar som er blinde eller har nedsett syn, motorikk eller kognisjon.

    • Brukargrensesnittkomponentar skal ha tilgjengeleg namn i same rekkefølgje som synleg ledetekst.
    • Skjemaelement og knappar skal vere korrekt koda.

    Rettleiing til suksesskriterium

    3 Informasjon i tilgjengelegheitserklæringa vurdert opp mot resultat

    Helse Førde HF har publisert tilgjengelegheitserklæring for nettstaden www.helse-forde.no.

    Uu-tilsynet har vurdert resultata frå vår testing opp mot erklærte brot i tilgjengelegheitserklæringa. Dette inneber ei samanlikning og vurdering av samsvar, brot, bruk av unnatak, inkludert uhøveleg stor byrde, og opplysingar om tilgjengelege alternativ.

    Helse Førde HF har erklært brot på 9 av 48 krav.

    Brot som er erklært i tilgjengelegheitserklæringa som også har vore del av vår kontroll:

    • 1.3.1 Informasjon og relasjoner
    • 1.4.10 Dynamisk tilpasning
    • 3.3.2 Ledetekster og instruksjoner
    • 4.1.2 Navn rolle, verdi

    3.1 Uu-tilsynet si vurdering

    Brot i tilgjengelegheitserklæringa som er verifisert

    1.3.1 Informasjon og relasjoner

    Vår kontroll har avdekka brot på kravet på nettstaden og i dokumentet. Det var nokre visuelle overskrifter som ikkje var koda som overskrifter.

    Helse Førde HF skriv i tilgjengelegheitserklæringa at dei er kjende med at dei har overskrifter som ikkje er koda som det. Det blir vist til element på nettstaden, men innhald i dokument er ikkje nemnt. Regelverket omfattar også dokument som er publisert på nettstaden.

    Vi reknar derfor med at Helse Førde HF med rette har erklært brot på krav 1.3.1 i tilgjengelegheitserklæringa, og at dokument med brot også kan reknast som erklært sjølv om det ikkje er uttrykkeleg nemnt.

    Helse Førde har meldt kjente brot til utviklarane sine og feila er tenkt retta i løpet av året.

    Då feila no er avdekka og verifisert i tilsyn, kan det bli sett ein frist for retting som verksemda må etterleve. Dette vert eventuelt gjort i pålegg om retting.

    4.1.2 Navn, rolle verdi

    Helse Førde HF har erklært brot på krav 4.1.2 Navn, rolle verdi. Feila dei har erklært gjeld dels andre element og feil enn dei vi har avdekka i kontrollen. Våre funn er at skjemaelement og knappar ikkje alltid er korrekt koda.

    Då feila er avdekka og verifisert i tilsyn, kan det bli sett ein frist for retting som verksemda må etterleve. Dette vert gjort i pålegg om retting.

    Av dei fire krava som var erklært og som har vore del av vår testing, er det to krav vi ikkje har avdekka brot på.

    Brot erklært i tilgjengelegheitserklæringa som ikkje er verifisert

    1.4.10 Dynamisk tilpasning

    Vår testing har ikkje avdekka brot på krav 1.4.10 Dynamisk tilpassing.

    At vi ikkje har avdekka brot på krav 1.4.10, betyr ikkje at vurderingane Helse Førde HF har gjort i tilgjengelegheitserklæringa er feil.

    Tilsynet er stikkprøvebasert, og gjeld bestemde sider, jf. kapittel 4.5. Helse Førde HF kan ha testa andre enkeltsider på nettstaden når dei oppretta tilgjengelegheitserklæringa. At Uu-tilsynet ikkje har avdekka dei same brota kan også tyde at det ein enkeltståande feil, slik at brota ikkje er gjennomgåande.

    3.3.2 Ledetekster og instruksjoner

    Helse Førde HF har vidare erklært brot på krav 3.3.2 Ledetekster og instruksjonar.

    Vi har testa søkefeltet på nettstaden og kome til at søkefeltet ikkje bryt kravet 3.3.2 Ledetekstar eller instruksjonar.

    Brot som er avdekka, men ikkje erklært i tilgjengelegheitserklæringa

    Under tilsynet har vi avdekka brot på tre krav som ikkje er erklært i tilgjengelegheitserklæringa. Dette gjeld:

    • 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
    • 2.4.2 Sidetitler
    • 2.5.3 Ledetekst i navn

    Ettersom brota er avdekka og verifisert i tilsyn kan det bli sett en frist for retting som verksemda må etterleve. Dette vert gjort i pålegg om retting.

    Brot som er erklært i tilgjengelegheitserklæringa på krav som ikkje er testa

    Fire av krava det er erklært brot på er ikkje testa under tilsynet. Dette gjeld:

    • 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
    • 1.4.5 Bilde av tekst
    • 2.4.3 Fokusrekkefølge
    • 2.4.6 Overskrifter og ledetekster
    • 4.1.1 Parsing

    Då desse krava ikkje inngår som del av testing i kontrollen jf. at kontrollen er stikkprøvebasert, vert dei ikkje følgt opp som del av tilsynet.

    Oppsummering

    Vi har i kontrollen verifisert brot som er erklært av verksemda i tilgjengelegheitserklæringa, og brot som ikkje er erklært.

    Brota som er avdekka i kontrollen skal rettast. Det blir sett ein frist for retting i eige vedtak.

    4 Om kontrollen

    4.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Helse Førde HF etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor temaet for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Navigasjon
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    4.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    4.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • Doku-1.3.1a Visuelle overskrifter er korrekt koda 2025
    • Doku-1.3.1c Visuelle lister er korrekt koda 2025
    • Doku-2.4.2a Dokument har beskrivande sidetittel 2025
    • Doku-3.1.1a Hovudspråket på nettsida er programmatisk bestemt 2025
    • Nett-1.1.1a Ikkje-lenka bilde har tekstalternativ 2025
    • Nett-1.1.1b Føremålet med lenka bilde går fram av lenketekst eller tekstalternativ 2025
    • Nett-1.3.1a Visuelle overskrifter er korrekt koda 2025
    • Nett-1.3.1c Visuelle lister er korrekt koda 2025
    • Nett-1.4.10a Dynamisk tilpassing av nettsider 2025
    • Nett-1.4.3a Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn 2025
    • Nett-2.1.1a Det er mogleg å nå innhald og bruke funksjonalitet med tastatur 2025
    • Nett-2.4.7a Innhald som kan brukast med tastatur, får synleg fokusmarkering 2025
    • Nett-2.5.3a Synleg leietekst er en del av tilgjengeleg namn 2025
    • Nett-3.3.1a Skjema gir feilmelding dersom tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk 2025
    • Nett-3.3.1b Skjema gir feilmelding dersom feil inndata blir oppdaga automatisk 2025
    • Nett-3.3.2a Inndataelement har instruksjon eller leietekst 2025
    • Nett-4.1.2a For skjemaelement kan tilgjengeleg namn, rolle og tilstand bli bestemt programmatisk 2025
    • Nett-4.1.2b For knappar kan tilgjengeleg namn, rolle og tilstand bli bestemt programmatisk 2025
    • Nett-4.1.2c Iframe har et tilgjengeleg namn som beskriv føremålet med innhaldet i iframe 2025
    • Nett-4.1.3a Statusbeskjeder kan bli bestemt programmatisk 2025

    4.4 Testing av nettstaden

    Vi har testa 13 av dei 48 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 20 testreglar.

    4.5 Enkeltsider som vart testa

    4.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Helse Førde HF omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet blei sendt 29.04.2025
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 07.05.2025 og 08.05.2025
    3. Formøte med verksemda blei gjennomført 08.05.2025
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava blei gjort i veke 20-21
    5. Sluttmøte med verksemda blei gjennomført 28.05.2025
    6. Førebels tilsynsrapport vart sendt 02.06.2025