Tilsynsrapport Direktoratet for e-helse
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Direktoratet for e-helse. Inspeksjonen avdekte 3 avvik på områda kontrast, koding og navigasjon.
1 Samandrag
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Direktoratet for e-helse. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://helsenorge.no/.
Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Inspeksjonen avdekte 3 avvik. Det vart ikkje gitt merknader.
1.1 Kva er avvik og merknad
Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
1.2 Oversikt over resultat
Avvik
Avvik 1: Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.
Avvik 2: Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik 3: Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
2 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.
Vi gjennomførte i tidsrommet 21.09.2016 – 01.11.2016 tilsyn med Direktoratet for e-helse. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://helsenorge.no/.
Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming av ikt.
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen. Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Direktoratet for e-helse sitt arbeid med universell utforming av ikt, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.
3 Tema for inspeksjonen
Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Føremålet er å kontrollera om Direktoratet for e-helse etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
4 Nettstaden
4.1 Om nettstaden
Direktoratet for e-helse har det overordna ansvaret for nettstaden.
Kontaktperson under tilsynet var seksjonssjef for produktutforming Annike Høysæter Asserson.
Rundt 60 tilsette er på ulike måtar involvert i arbeidet med helsenorge.no. Verksemda har redaksjon, designerar, frontend designerar, utviklingsteam og testavdeling. I tillegg er det ei rekkje samarbeidspartnarar og bidragsytarar frå andre fagområde og verksemder.
Nettstaden blei oppretta i 2011, og er den offentlege helseportalen for innbyggjarar i Norge. Den er laga for at pasientar, pårørande og innbyggjarar skal få eit enklare møte med helsetenesta. Helsenorge.no er delt i to hovuddelar:
- Opne informasjonssider - med kvalitetssikra og oppdatert informasjon om helse, livsstil, sjukdom, behandling og rettar.
- Sjølvbeteningsløysingar - innlogga tenester der du ser helseinformasjonen som er registrert om deg. Du kan mellom anna sjå og redigera kjernejournalen din, bytta fastlege, få oversikt over reseptane dine, og sjekka vaksinane dine.
Nettstaden blir utvikla løpande med nytt innhald og tenester. Verksemda gjer jamleg ulike testar. Det omfattar automatiserte testar, testar med brukarar og ekspertar, i tillegg til internrevisjon.
Direktoratet for e-helse har oversikt over kjente feil knytt til universell utforming, og ein plan for retting med prioritering. Verksemda har laga interne retningslinjer og rutinar for arbeidet med nettstaden, som også omhandlar universell utforming.
4.2 Om verifikasjonen
Verifikasjonane er gjort ved testing av 15 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.
Under tilsynet testa vi bytte av fastlege, gjeldande reseptar, eigenandelar, timeavtalar og meldingar, ei rekke sider under Min profil som kjernejournal, kontakt og varseloppsett, bruk av helsetenester og ordningar, fullmakter og logg over bruk. Vidare testa vi opne informasjonssider og kontaktskjema til Direktoratet for e-helse.
Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a. Syntaks i HTML-koden er sjekka automatisk med kodevalidatoren til W3C. Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.
4.3 Enkeltsider som vart testa
- Startsiden
- Min helse - ikke innlogget
- Min helse - innlogget
- Bytte fastlege
- Timeavtaler
- Meldinger
- Min Profil - Kontakt- og varseloppsett
- Min Profil - Bruk av helsetjenester og ordninger
- Min Profil - Fullmakt
- Min Profil - Logg over bruk
- Mine egenandeler
- Kjernejournal
- Kontakt oss
- Egenandel hos lege
- Kjernejournal - Resepter
5 Resultat
5.1 Innleiing
Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
5.2 Avvik
Avvik 1
Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.4, 2.1.1, 2.4.1 2.4.7 og 3.3.2.
Suksesskriterium i WCAG:
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.1 Hoppe over blokker
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
Avvik 1 byggjer på
- Oversyn over funksjonar det ikkje er mogleg å nå eller bruke med berre tastaturet:
- Ingen av lenkjene i undermenyen let seg aktivera. Navigasjonen hoppar tilbake til søkefeltet på toppen av sida. Dette gjeld alle sider med meny.
- Modalvindauge for kvittering på skifta fastlege.
- Modalvindauge for å gje fullmakt er ikkje mogeleg å bruke etter at brukaren har trykt på knappen Neste.
- Det er ikkje mogeleg å opne eller lukke boksane med dei ulike reseptane for å få meir informasjon om kvar resept.
- Oversyn over innhald utan synleg fokusmarkering:
- Søkeknappen. Dette gjeld alle sider.
- Dei lenkja bileta bak bildekarusellen.
- Lenkja Skriftstørrelse. Dette gjeld alle sider.
- Bildene/knappane på Min helse.
- Menyen for innlogga brukar kan brukaren navigera til, utan å opne menyen. Då får desse stega ikkje fokusmarkering.
- I skalert modus får boksane ikkje markering for at brukaren kan utvida dei.
- Dei utvidbare lenkjene Mine egenandeler i 2016 og Sjekk konto- og adresseinformasjon
- Lenkjene Mer om helsenorge.no, Hjelp og brukerstøtte og Mer informasjon får svært svak fokusmarkering i skalert modus. Markeringa er stipla grå linje på svart bakgrunn.
- Det er svært vanskelig å sjå når brukaren kan lukka ei opna melding.
- Lenkjene for å opne kommunar under fylka.
- Oversyn over feil i forstørra visning:
- Enkelte gonger blir hovudmenyen hengande på midten av sida.
- Delar av teksten under Digitale tjenester hos fastlegen legg seg over anna tekst.
- Det er svært vanskelig å navigera i meldingane i skalert modus på grunn av svak fokusmarkering.
- Delar av tabellen Egenandeler hos lege blir borte, og brukaren har ikkje tilgang til scrolling.
- Snarveglenkje til hovudinnhaldet fungerer ikkje på side 2,3 og 4.
- Det er fleire tomme tabsteg på dei sidene som er testa. Dette kan ha samanheng med ein skjult dropdownmeny for innlogga brukar og skjult hjelpemeny.
- Søkefeltet manglar synleg ledetekst som viser at feltet gjeld søk.
Kommentar
Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.
Tomme tab-steg er unødvendig, og dersom det er mange av dei på nettstaden, vil det skapa irritasjon og verka forvirrande for brukarar som navigerer på nettstaden med tastatur.
Avvik 2
Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.3.1 og 4.1.1
Suksesskriterium i WCAG:
Avvik 2 byggjer på
- Oversyn over skjemaelement som ikkje er identifisert med informasjon som skildrar føremålet med feltet. Felta manglar koda kopling til ein ledetekst, og dei har heller ikkje eit beskrivande <title>-attributt:
- Søkefeltet for søk etter fastlege
- Tekstfeltet for å foreslå ny time
- Tekstfeltet for å skriva melding
- Tekstfeltet for å fortsetta dialog
- Feltet for å velje dato
- Oversyn over tilsvarande feil i skjemaet Kontakt oss:
- Skjemaelementet Namn
- Skjemaelementet E-postadresse*
- Skjemaelementet Nettadressen det gjelder
- Tekstfeltet Beskrivelse
- Oversyn over feil knytt til overskrifter:
- Systemfeil er ei overskrift, men er ikkje koda som det.
- Namna til fastlegane i boksen Dine barns fastleger, ser ut som overskrifter, men er ikkje koda som det.
- Modalvindauge for å visa detaljar om dei ulike timeavtalene har overskrifter, men dei er ikkje er koda som overskrifter.
- Oversyn over tomme overskrifter:
- Mellom Resepter og Frikort for helsetjenster
- Mellom overskrifta Foreldre og teksten Vær oppmerksom på at mange behandlere... Dette gjeld side 7 og side 12.
- Oversyn over feil knytt til tabellar:
- Det er tomme overskriftsceller i tabellen med oversikt over fastlegar som er koda med <th>. Desse cellene skal vere koda som <td>.
- Oversyn over feil knytt til lister:
- Oversikta over alle barna til brukaren er koda i eitt listepunkt. Kvart barn skal vera eige listepunkt. Dette gjeld side 7 og side 12.
- Vanleg brødtekst Du har fått innvilget frikort for 2016… er koda som liste.
- Tabellen under gir oversyn over syntaksfeil i HTML-koden:
Side | Feil nøsting av element (element not allowed) | Element som ikkje er avslutta korrekt (unclosed) | Element har same attributt fleire gonger (duplicate attribute) | Fleire element har same id-verdi (duplicate id) | Sum per side |
---|---|---|---|---|---|
Side 1 | 0 | 0 | 3 | 0 | 3 |
Side 2 | 6 | 0 | 3 | 0 | 9 |
Side 3 | 2 | 0 | 3 | 0 | 5 |
Side 4 | 2 | 0 | 3 | 0 | 5 |
Side 5 | 10 | 0 | 0 | 0 | 10 |
Side 6 | 43 | 0 | 0 | 0 | 43 |
Side 7 | 1 | 0 | 3 | 0 | 4 |
Side 8 | 7 | 0 | 0 | 1 | 8 |
Side 9 | 1 | 0 | 3 | 0 | 4 |
Side 10 | 1 | 0 | 0 | 0 | 1 |
Side 11 | 2 | 0 | 0 | 0 | 2 |
Side 12 | 1 | 0 | 0 | 0 | 1 |
Side 13 | 0 | 0 | 3 | 0 | 3 |
Side 14 | 1 | 0 | 3 | 0 | 4 |
Side 15 | 3 | 0 | 0 | 132 | 135 |
Sum | 80 | 0 | 24 | 133 | 237 |
Kommentar
WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.
Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
Avvik 3
Direktoratet for e-helse sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.3.
Suksesskriterium i WCAG:
Avvik 3 byggjer på
- Oversikt over tekst som ikkje har tilstrekkeleg kontrast mot bakgrunnen:
- Teksten Hjelp og ikona med spørjeteikn i hjelpemenyen har ein målt kontrast på 2,6:1. Dette gjeld alle sider med hjelpemeny.
- Teksten Dine barns fastleger har målt kontrast på 4,1:1.
- Teksten Vis filter har målt kontrast på 4,2:1.
- Teksten Skjul filter har målt kontrast på 4,1:1
- Teksten som viser 0 plassar på lista til fastlegen har målt kontrast på 2,3:1.
- Alle knappar med teksten Avbryt eller Forkast endringer har målt kontrast er 2,9:1.
- Grøn tekst som viser tal teikn i tekstfelt har ein målt kontrast på 2,6:1. Dette gjeld alle tekstfelt som viser tal teikn.
- Den raude teksten Ukast i vedlegg har ein målt kontrast på 4,0.
- Kjernejournal – resepter har tekst med målt kontrast på 2.85:1. Dette gjeld teksten:
- Om virkestoff for legemiddelet.
- Denne resepten kan fortsatt brukes.
- Status ukjent, Se resepten og Utgått på dato.
- Ingen fleire utleveringer.
Kommentar
Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
6 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
7 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
8 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Direktoratet for e-helse omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarsel: Tilsynsvarselet vart sendt 21.09.2016.
- Dokumentasjon: Vi fekk dokumentasjon . Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9.
- Formøte: Formøte vart gjennomført 18.10.2016. Formøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar WCAG 2.0 og tilsynet som myndigheitsorgan.
- Verifikasjon og vurdering: Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 43 og 44. For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.
- Sluttmøte: Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført 01.11.2016.
- Førebels rapport: Førebels rapport vart sendt 15.11.2016.
- Tilbakemelding frå verksemda: Vi fekk kommentarar til førebels rapport i e-post 28.11.2016.
9 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Direktoratet for e-helse sendte følgjande dokumentasjon:
- Hovuddokument med omtale av:
- Dokumentasjonen
- Nettstedet helsenorge.no
- Topp 15 mest brukte sider og tjenester
- Standarder brukt på nettstedet
- Oversikt over ansatte som arbeider med nettstedet
- Ansvars- og oppgavefordeling
- Oversikt over innhold og maler
- Tester og resultater
- Kjente feil - bugs og reported issues
- Plan for feilretting
- Organisasjonskart
- Kompetanseplan
- Ivaretakelse av universell utforming i ikt-løsningene
- Forprosjektrapport DIS
- Brukertest – bytt fastlege
- Ekspertevaluering – bytt fastlege – NAV ikt
- Revisjon av pasientreiser – WCAG 2.0 - Funka Nu AB
- Oversikt over brutte lenker
- Retningslinjer – redaksjon
- Sjekkliste – redaksjon
- Testmatrise
- Sjekkliste – utvikling
- Sjekkliste – test
- Testverktøy
10 Deltakarar
10.1 Frå Direktoratet for e-helse deltok
Namn | Stilling | Formøte | Sluttmøte |
---|---|---|---|
Annike Høysæter Asserson | Seksjonssjef produktutforming | x | x |
Stine Camilla Bjerkestrand | Avdelingsdirektør redaksjon | x | x |
Daniel Walø | Rådgiver redaksjon | x | x |
Sjur Seibt | Rådgiver produktutforming | x | |
Sarah Brodwall | Seniorrådgiver produktutforming | x | x |
Are Thunes Samsonsen | Rådgiver redaksjon | x | |
Juni Angelfoss | Konsulent - SopraSteria | x |
10.2 Frå tilsynet deltok
Rådgjevar Martin Skifte Swartling
Rådgjevar Geir Sindre Fossøy
Seniorrådgjevar Siv Bianca Kjosås (Inspeksjonsleiar)