Hopp til hovudinnhald

Status for tilgjengelegheitserklæringar

Frå 1. februar 2023 skal alle offentlege verksemder publisere tilgjengelegheitserklæringar som viser i kva grad innhald på nettstadene er universelt utforma. Digdir har utvikla ei sentral løysing for tilgjengelegheitserklæringane slik at vi løpande held oversikt over kor mange som har erklæringar. Her oppdaterer vi status for tilgjengelegheitserklæringar. Uu-tilsynet kan pålegge verksemder i offentleg sektor å publisere tilgjengelegheitserklæringar.

Talet på produserte tilgjengelegheitserklæringar per 1. juni 2023

Diagrammet viser talet på produserte tilgjengelegheitserklæringar for nettløysingar i offentleg sektor.

Kort oppsummert

Per 1. juni 2023:

  • 5 249 produserte tilgjengelegheitserklæringar om grad av samsvar med krav til universell utforming. Fleire verksemder har fleire nettstader og tenesteområde knytt til ansvarsområdet sitt.
  • 2 686 verksemder har fått tilsendt PIN-kode for innlogging i løysinga for tilgjengelegheitserklæring, uustatus.no.
  • 1179 verksemder, tilsvarande 43 % av dei som har tilgang til den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæring, har publisert erklæringar på nettsidene sine.

Kjelde: Uu-tilsynet

Kva er status for samsvar med krava til universell utforming?

Diagrammet viser korleis verksemdene sjølv vurderer nettløysingane sine opp mot regelverket for universell utforming.

Kort oppsummert

Per 1. juni 2023 viser erklæringane frå verksemdene at

  • 79 % av nettløysingane det er produsert erklæringar for, er delvis i samsvar med regelverket, dvs. at nokre, men ikkje alle krav er ivaretekne
  • 20 % av nettløysingane med tilgjengelegheitserklæring vert vurdert av verksemdene til å vere fullt ut i samsvar med regelverket
  • 1 % av nettløysingane er ikkje i tråd med regelverket i det heile

Kjelde: Uu-tilsynet

Kva deler av regelverket er det rapportert flest avvik frå?

Diagrammet viser krav til universell utforming av ikt som minst 25 % av tilgjengelegheitserklæringane viser manglande samsvar med.

Kort oppsummert

Per 1. juni 2023 viser erklæringane frå verksemdene at:

  • For personar med lese- og skrivevanskar, synshemming m.m. som treng å få lese opp innhald er det avgjerande at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ og at kodegrunnlaget er fullstendig og rett.
    • 41 % bryt med kravet om at det skal vere tekstalternativ til bilde, grafiske framstillingar m.m.
    • 34 % bryt med krav til samsvar mellom visuell presentasjon og kodegrunnlag, noko som inneber at for eksempel rutetider, informasjon om obligatoriske skjemafelt, nummererte lister m.m. ikkje er tilgjengelege.
    • 31 % bryt med krav om at kodegrunnlaget skal vere fullstendig og rett.
    • 27 % bryt med kravet om at brukargrensesnittkomponentar som f. eks. knappar eller avkryssingsfelt er ivaretekne i koden slik at dei er tilgjengelege med bruk av hjelpemiddel.
  • Personar med moderate synshemmingar, eldre, dei som betjener skjerm utandørs og liknande, er avhengige av god kontrast mellom tekst og bakgrunn.
    • 34 % bryt med krava til kontrast mellom bakgrunn og ikkje tekstleg innhald som f. eks grafiske framstillingar, skjemaelement og knappar.
    • 25 % bryt med minimumskrava til kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • Mange med motoriske funksjonsnedsetjingar, varige eller forbigåande, kan ikkje bruke mus for å bruke innhald på nettsider. Derfor skal alle nettløysingar kunne brukast med tastatur.
    • 26 % av nettløysingane bryt med kravet om at alt innhald og all funksjonalitet skal kunne nåast med tastatur.
    • 25 % bryt med kravet om at det skal vere synleg fokusmarkering når ein navigere med tastatur.

Kjelde: Uu-tilsynet

Komplett oversikt over krav tilgjengelegheitserklæringane viser manglande samsvar med

Diagrammet viser kor stor prosent av produserte tilgjengelegheitserklæringar som viser manglande samsvar med kvart enkelt krav i regelverket. Utfyllande informasjon om dei enkelte krava i regelverket for uu av ikt, finn du på Uu-tilsynet sine nettsider.

Kjelde: Uu-tilsynet