Hopp til hovudinnhald

Om tilgjengelegheitserklæring

Alle verksemder i offentlege sektor skal ha ei tilgjengelegheitserklæring på plass på sine nettstader og appar. Fristen var 1. februar 2023 for nettstader og er 1. februar 2024 for appar.

    Kva er ei tilgjengelegheitserklæring?

    Ei tilgjengelegheitserklæring er ein sjølvdeklarasjon om i kva grad ei verksemd sin nettstad eller app etterlever krava til universell utforming av ikt.

    Erklæringa skal fyllast ut i Digitaliseringsdirektoratet sin eiga løysing, uustatus.no. Gå til sida Korleis lage tilgjengelegheitserklæring for hjelp til å kome i gang.

    Kven er underlagt kravet om tilgjengelegheitserklæring?

    Kravet gjeld for verksemder i offentleg sektor. Omgrepet offentleg sektor skal tolkast på same måte som i regelverket om offentlege anskaffingar. Det betyr at dersom verksemda skal følgje anskaffingsreglane, skal ein også ha tilgjengelegheitserklæring for sine nettstader. Det er verksemdene sjølv som pliktar å gjere denne vurderinga.

    Les meir om kven som er omfatta av kravet, på EUs webdirektiv (WAD).

    Kven er tilgjengelegheitserklæringa for?

    Brukaren

    Tilgjengelegheitserklæringa er først og fremst til for brukaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad eller app er universelt utforma. Brukaren får informasjon om brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følgjer regelverket. Brukaren melder frå om feil og manglar direkte til verksemda i erklæringa, og sender eventuelt klage til Diskrimineringsnemnda. Brukaren kan derfor påverke universell utforming av nettstader og appar. Les meir om kva det betyr for brukaren.

    Verksemda

    Tilgjengelegheitserklæringa vil sørge for at verksemda set seg inn i krava og har eit bevisst forhold til om ein følgjer regelverket eller ikkje. Å få opp status hjelper verksemda å prioritere universell utforming. Via tilbakemeldingsfunksjonen får verksemda tilbakemeldingar frå reelle brukarar om kva problem og utfordringar dei møter. Verksemda skal svare brukaren og bruke tilbakemeldingane dei får til å forbetre universell utforming og auke etterlevinga av krava.

    Tilsynet

    Tilsynet brukar tilgjengelegheitserklæringa som ei informasjonskjelde i kontroll, rettleiing, samt statistikk og analyse, for eksempel knytt til status for etterleving og utval av verksemder til tilsyn.

    Kva nettstader skal ha tilgjengelegheitserklæring?

    Alle nettstader som verksemda er ansvarleg for, skal ha ei tilgjengelegheitserklæring.

    Føresetnadane er at nettstaden nyttast for å tilby informasjon eller tenester til innbyggarar/brukarar, er knytt til verksemda si alminnelege funksjon, og at det er ei hovudløysing for verksemda. Verksemda må sjølv vurdere om nettstadene er hovudløysingar for verksemda, og om dei er knytt til verksemda sin alminnelege funksjon.

    Ein nettstad er eit sett eller ei samling av relaterte nettsider med felles formål, som er eigd av same verksemd, og som vanlegvis ligg på same domenenamn på internett. Ein nettstad kan bestå av ei eller fleire nettsider.

    Eksempel på nettstader som etter hovudregelen skal ha éi tilgjengelegheitserklæring:

    • uutilsynet.no
    • digdir.no
    • altinn.no
    • nav.no
    • norge.no
    • uio.no
    • regjeringen.no
    • Digdirs intranett

    Må det kun vere ei erklæring per nettstad?

    Vanlegvis skal undersider, underdomene (subdomene) og tenester som er knytt til eit hovuddomene ikkje ha ei separat tilgjengelegheitserklæring. Desse skal i utgangspunktet vere dekka av tilgjengelegheitserklæringa for hovuddomenet.

    Verksemdene kan sjølv velje å dele opp nettstaden og lage eigne erklæringar for ulike deler av hovuddomenet. Det kan du for eksempel gjere når det er ulike underdomene som dekker ulike tenesteområde.

    Eksempel på undersider/underdomene der det kan vere føremålsteneleg å ha eigen tilgjengelegheitserklæring:

    • data.norge.no
    • ub.uio.no
    • altinn.no/skjemaoversikt
    • familie.nav.no

      Underdomene som reknast som hovuddomene

      Mange verksemder, for eksempel kommunar, har nettstader med nettadresse på forma [kommunenamn].kommune.no/. Hovuddomenet er her kommune.no, og sogndal.kommune.no er eit underdomene. Når de lagar tilgjengelegheitserklæring, skal underdomenet sogndal.kommune.no likevel forståast som eit hovuddomene.

      Eksempel på undersider/underdomene som skal reknast som eit hovuddomene:

      • sogndal.kommune.no
      • bodø.vgs.no
      • vigeland.museum.no

      Kva appar skal ha tilgjengelegheitserklæring?

      Alle appar som verksemda er ansvarleg for, skal ha ei tilgjengelegheitserklæring. Dette gjeld både appar som verksemda har utvikla sjølv, og appar som dei har kjøpt frå eksterne.

      Føresetnadane er at appen nyttast for å tilby informasjon eller tenester til innbyggarar/brukarar, er knytt til verksemda si alminnelege funksjon, og at det er ei hovudløysing for verksemda.

      Tilsynet skiller mellom webapplikasjonar og hybride/native mobilapplikasjonar. Webapplikasjonar opnast i ein nettlesar (t.d. Google Chrome) og blir vurdert som ein nettstad. Webapplikasjonar skal derfor ha ei tilgjengelegheitserklæring for nettstad. Hybride og native appar er derimot applikasjonar som køyrer på eit bestemt operativsystem og kan lastast ned i ein appbutikk, til dømes i Apple store eller Google Play. Hybride og native appar vurderast som appar og skal ha tilgjengelegheitserklæring for app.

      For at appen skal vere omfatta av krava, skal den i tillegg trenge tilkopling til nett minst ein gang etter at den er installert. Dette inneber at appar som fungerer heilt utan nettilkopling fell utanfor forskrifta sitt verkeområde, og vil derfor heller ikkje trenge ei tilgjengelegheitserklæring.

      Kor mange ulike tilgjengelegheitserklæringar må verksemda ha for sine appar?

      Ein app kan ha ulik utforming basert på kva mobiloperativsystem, kva versjon og kva eining som blir nytta. Dette vil ha innverknad på kor mange tilgjengelegheitserklæringar verksemda må opprette for den aktuelle appen.

      Ulike mobiloperativsystem 

      Mobilapplikasjonar som ikkje er webapplikasjonar, men «native apps» vil i utgangspunktet berre fungere på eit bestemt operativsystem. Dette inneber at det ofte blir utvikla fleire variantar av appen - éin variant for kvart operativsystem. Dei ulike variantane kan ha ulik utforming, som gjer at tilsynet vurderer appar som er laga for ulike operativsystem som separate appar, som igjen skal ha kvar si tilgjengelegheitserklæring.

      Dersom appen er tilgjengeleg på fleire ulike operativsystem, t.d. iOS og Android, skal det utarbeidast éi erklæring per operativsystem.  

      Ulike versjonar 

      Ein app kan også vere tilgjengeleg i ulike versjonar. Som regel vil brukaren nytte seg av den nyaste versjonen, og tilgjengelegheitserklæringa skal derfor gjelde for den nyaste versjonen. Verksemda treng altså ikkje å utarbeide ei tilgjengelegheitserklæring for alle dei ulike versjonane.

      Ulike mobile enheter

      Ein app fungerer stort sett likt på eit nettbrett og ein mobil, men appen kan ha ulik utforming basert på om den blir brukt på mobil eller nettbrett. Tilsynet ser ikkje behov per i dag for at det skal utarbeidast ulike erklæringar for nettbrett og mobil. For unntakstilfelle der det er store funksjonelle forskjellar mellom mobil og nettbrett, bør det vurderast om det skal produserast to ulike erklæringar.  

      Tilbakemeldingsfuksjon for appar

      Det er opp til verksemda å velje korleis ein vil motta tilbakemeldingar. Det kan vere via eit digitalt skjema, e-post eller telefon. Tilbakemeldinga går direkte til verksemda. Verksemda kan også velje å motta tilbakemeldingar gjennom funksjonen i Apple Store eller Google Play. Lenke til tilbakemeldingsfunksjonen skal gå fram av erklæringa. Verksemda pliktar å svare brukaren så snart som mogleg, og vanlegvis innan tre veker.

      Tredjepartsløysingar frå private verksemder

      Privat sektor skal ikkje ha tilgjengelegheitserklæring for sine nettstader eller appar.

      I tilfelle der offentlege verksemder brukar appar til private verksemder for å tilby informasjon eller tenester til innbyggjarane, skal den offentlege verksemda publisere ei tilgjengelegheitserklæring for appen. Sjå også Publiser tilgjengelegheitserklæringa.

      I tilfelle der offentlege verksemder brukar underdomene eller undersider på nettstaden til private verksemder for å tilby informasjon eller tenester til innbyggjarane, skal den offentlege verksemda publisere ei tilgjengelegheitserklæring som dekker dette på det aktuelle underdomenet eller undersida.

      • Det betyr for eksempel at dersom ein kommune nyttar eit skjema som ligg på undersida visma.no/[kommunenamn] for å tilby søknadsskjema for barnehageplass, skal kommunen publisere ei separat tilgjengelegheitserklæring for skjema på den aktuelle undersida.
      • Tilsvarande gjeld der ein skule opprettar eigen nettstad på eit underdomene eller undersider der hovuddomenet er eigd av ei privat verksemd. Eksempel på dette er minskole.no/[skulenamn].

      Grunnen er at tilgjengelegheitserklæringa skal vere publisert på nettstaden ho gjeld for, og det er ikkje tilstrekkeleg at tilgjengelegheitserklæringa for nettstaden til kommunen dekker skjemaet for barnehagesøknad. Dersom verksemda ikkje kan gjere det sjølv, skal de sørge for at leverandøren publiserer lenka til tilgjengelegheitserklæringa på det aktuelle underdomenet eller undersida.

      Tilsynet vil i 2024 utvide uustatus.no med ein leverandørportal. Leverandørportalen vil gjere det mogleg for leverandørar av ikt-løysingar å legge inn informasjon direkte i uustatus.no, slik at offentlege verksemder kan bruke denne informasjonen til å lage tilgjengelegheitserklæringar. Vi tilrår derfor at de ventar med å lage tilgjengelegheitserklæring for appar som heilt eller i stor grad er utvikla av eksterne leverandørar.

      Intranett og ekstranett

      Verksemdene har plikt til å lage tilgjengelegheitserklæring for, og å gjere innhald på intranett og ekstranett universelt utforma. Det gjeld innhald på løysingar som er nye eller vesentleg reviderte etter 1. februar 2023.

      Regelverket gjeld ikkje for fagsystem eller administrative ikt-løysingar (programvare), sjølv om dei kan nåast via intra- og ekstranett. Eksempel på slike fagsystem er nettløysingar eller appar du brukar for å gjere jobben din, som system for sak/arkiv, time- og reiserekning, faktura, rekruttering og andre administrative arbeidsverktøy. Desse løysingane skal derfor heller ikkje ha tilgjengelegheitserklæring. Merk at dersom eit system har ein publikumsdel, så må publikumsdelen vere universelt utforma, som for eksempel ei side for å søkje på ei stilling.

      Sosiale medium

      Innhald i sosiale medium skal vere universelt utforma, så lenge det er ei hovudløysing for verksemda. På noverande tidspunkt blir det ikkje stilt krav om tilgjengelegheitserklæring for sosiale medium, men det kan kome seinare.

      Kva skjer om tilgjengelegheitserklæringa manglar?

      Dersom verksemda ikkje har publisert tilgjengeligheitserklæring for sine nettstader innan 1. februar 2023, eller årleg oppdaterer tilgjengelegheitserklæringa for sine nettstader, kan tilsynet ta i bruk reaksjonar. Dette kan vere pålegg om retting og dagbøter. For appar er fristen 1. februar 2024.

      Verksemder utan publisert og oppdatert tilgjengelegheitserklæring har i tillegg vesentleg større sjanse for å bli utvald til kontrollar og tilsyn.

      Dersom du ikkje finn svar på det lurte på her, kan du sjå ofte stilte spørsmål om tilgjengelegheitserklæringa.