Hopp til hovudinnhald

Korleis lage og publisere tilgjengelegheitserklæring?

Det å lage ei tilgjengelegheitserklæring handlar om fleire ting. Det viktigaste er at verksemda har kontroll på krava og har ein plan for korleis ein skal jobbe med universell utforming av løysingane.

    Seks steg fram til ferdig erklæring

    Kven som gjer sjølve jobben med testing og utfylling vil variere. Det kan vere innleigde konsulentar, nettredaktør, kommunikasjonsmedarbeidar, ikt-medarbeidar eller uu-teamet. Vi har oppsummert dei seks stega for å få på plass ei tilgjengelegheitserklæring.

    1 Kjennskap om krava til universell utforming

    Er universell utforming av nettstader og appar nytt for verksemda? Då må verksemda sette seg inn i krava først. Dette er den viktigaste jobben og den som tek mest tid.

    Bruk gjerne rettleiinga vår for å få oversikt over innhaldet i krava og kva dei betyr. Kjennskap til krava er ein føresetnad for å kunne opprette tilgjengelegheitserklæringa.

    Nyttig informasjon og rettleiing

    2 Test nettstaden eller appen

    Før verksemda kan fylle ut tilgjengelegheitserklæringa treng ein oppdatert informasjon om universell utforming. Det betyr at ein først må teste og vurdere nettstaden eller appen opp mot krava i regelverket.

    Test av nettstaden eller appen kan gjerast internt om ein har kompetansen, eller med ekstern hjelp, eventuelt ein kombinasjon av begge deler. Eksterne kan vere leverandør eller konsulent.

    Omfanget av testinga

    Nettstader og appar skal testast og vurderast mot minstekrava i regelverket. Nettstader skal testast mot alle minstekrava:

    For appar er det nokon unntak. Det er totalt seks krav som ikkje er relevante for appar:

    • 2.4.1 Hoppe over blokker 
    • 2.4.2 Sidetitler 
    • 2.4.5 Flere måter 
    • 3.1.2 Språk på deler av innhold
    • 3.2.3 Konsekvent navigering
    • 3.2.4 Konsekvent identifikasjon

    Merk også at kravet om synstolking først blir gjeldende fra og med 1. februar 2024.

    Verksemda skal svare på eit fast sett med spørsmål for kvart krav. Sjå oppsettet under Spørsmål i tilgjengelegheitserklæringa.

    Det er verksemda som avgjer omfanget av testen, for eksempel kva prosessar som skal inngå, og kva og kor mange enkeltsider som skal testast. Regelverket har ikkje føringar for dette. Testinga skal sette verksemda i stand til å ta stilling til om krava er oppfylt eller ikkje.

    Verksemda bør teste

    • ulike sidetypar (malar), inkludert startsida
    • ulike innhaldstypar, for eksempel bilde og grafikk, tabellar, skjema, overskrifter, lyd og video, dokument, lenker, innhald som blinkar eller bevegar seg
    • koding, navigasjon, tastaturnavigasjon, styring av lyd, kontrast, språk, bruk av farge
    • viktig funksjonalitet, for eksempel sider som er ofte brukt

    Tidsbruk

    Første gong verksemda skal få opp resultat for alle krav, er det ein omfattande jobb. Kor stor jobben er vert påverka av kompetanse og kor god oversikt ein har frå før.

    Det er viktig å sette av tid og ressursar til arbeidet. Vi kan ikkje estimere tidsbruk, for det vil variere frå verksemd til verksemd.

    Testing skjer på ulike måtar, og den som testar kan bruke støtteverktøy. Med dagens teknologi er det berre delar av krava som let seg teste automatisk, og det er nødvendig å kombinere med halvautomatisk eller manuell testing.

    Informasjon og tips om testing

    Tilsynet utfører ikkje testing for verksemda i samband med tilgjengelegheitserklæring. Verksemda må sjølv sørge for nødvendig testing.

    I marknaden er det mange som tilbyr både testing av universell utforming, opplæring og kurs. Tilsynet kan ikkje tilrå bestemte verksemder til eit slikt oppdrag.

    3 Tilgang og innlogging for tilgjengelegheitserklæring

    Løysinga uustatus.no blei open for pålogging 3. oktober 2022.

    Offentlege verksemder har i løpet av 2022 og 2023 fått påloggingsinformasjon med PIN-kode. Private verksemder skal ikkje ha tilgjengelegheitserklæring, og har derfor ikkje tilgang til løysinga.

    Informasjon om innlogging blei send til verksemdene i offentleg sektor, anten via eFormidling eller på e-post.

    Innlogging skjer i to trinn:

    • Du blir sendt til ID-porten, og identifiserer deg først med eigen eID, for eksempel BankID.
    • Deretter loggar du deg inn med verksemda sitt organisasjonsnummer og PIN-kode, som verksemda får tilsendt.

    Verksemder i offentleg sektor som ikkje har fått tilgang

    Ei verksemd som meiner ein er offentleg sektor og har minst ein nettstad eller app som er omfatta av regelverket, men likevel ikkje har fått informasjon, kontaktar Digdir på e-post post@uutilsynet.no. På grunn av stor pågang kan de oppleve litt ventetid før de får svar på e-post.

    Dersom verksemda meiner dei ikkje er del av offentleg sektor

    Det er berre verksemder i offentleg sektor som skal ha tilgjengelegheitserklæring. Dersom ei privat verksemd har fått melding om tilgjengelegheitserklæring, er det viktig at verksemda gir beskjed til tilsynet ved å svare "Nei" på spørsmålet om verksemda er del av offentleg sektor, ved innlogging.

    Dersom verksemda har svara feil på om dei kan reknast som del av offentleg sektor

    Dersom verksemda har lagra feil svar på dette spørsmålet ved første innlogging i løysinga, eller i ettertid har funne ut at de ikkje er del av offentleg sektor, kan de ikkje endre svaret sjølv. De må då sende e-post til post@uutilsynet.no for å få endra svar i løysinga.

    4 Fyll ut skjemaet for tilgjengelegheitserklæring

    Skjemaet har ikkje responsivt design. Vi anbefaler at den som fyller ut skjemaet bruker PC. Det er mindre eigna å fylle ut på mindre skjermar som nettbrett eller mobil.

    Tidsbruk

    Tidsbruk er avhengig av kor grundige førebuingar verksemda har gjort, kjennskap til krava og om det er mange brot på regelverket som krev grunngjeving.

    Vi kan ikkje sei kor lang tid det tek å fylle ut informasjonen i skjemaet, når det vert gjort første gong. Føresetnaden er at ein har testa og vurdert nettstaden eller appen i forkant. WCAG-sjekklista til Uu-tilsynet er eit verktøy som kan nyttast til dette arbeidet.

    Å endre på ei ferdig tilgjengelegheitserklæring går vesentleg raskare. Etter at du som verksemd har oppretta erklæringa for første gong, skal du oppdatere minst ein gong i året.

    Informasjonen blir synleg i ferdig erklæring

    All informasjon verksemda fyller ut i skjemaet vert synleg i den ferdige tilgjengelegheitserklæringa ein publiserer. Derfor er det viktig å gi rette opplysningar og å vere bevisst på korleis ein svarer på spørsmåla.

    Automatisk lagring

    Informasjonen i skjemaet vert først lagra automatisk når du trykker på Neste.

    Tilgjengelegheitserklæringa er eit utkast fram til du har stadfesta informasjonen og produsert den.

    Stega i utfyllinga av tilgjengelegheitserklæringa

    Følgande steg er med i tilgjengelegheitserklæringa:

    Å velje type ikt-løysing

    Det første verksemda gjer er å velje kva type ikt-løysing ein lagar erklæring for, om det er nettstad eller app.

    A. Om nettstaden/appen

    Steg A gjeld overordna informasjon om nettstaden eller appen og grunnlaget for testing.

    B. Vurdering av nettstaden/appen

    I steg B fyller verksemda ut resultat frå testinga, grunngir brot på kravet og viser til eventuelle tilgjengelege alternativ.

    Spørsmålsoppsettet og eksempel er likt for alle krav. Vi tilrår at verksemda gjer testinga først, før ein går vidare til steg B. Det er uansett mogleg å lagre eit utkast som ein fullfører seinare.

    C. Om tilbakemeldingsfunksjonen

    I steg C oppgir verksemda korleis brukaren kan kontakte dei for å gi tilbakemelding om universell utforming (tilbakemeldingsfunksjon). Det kan vere på e-post, digitalt skjema eller telefon.

    D. Arbeid med uu av ikt

    I steg D kan verksemda gi informasjon om arbeid med universell utforming av ikt. Dette steget er frivillig.

    E. Publisering av tilgjengelighetserklæringa

    I steg E informerar verksemda om kor tilgjengelegheitserklæringa skal publiserast.

    F. Oppsummering

    I steg F får verksemda ei oppsummering av informasjonen som er fylt ut i skjemaet og høve til å kvalitetssikre opplysningar, gjere endringar og rette opp eventuelle manglar. I dette steget stadfestar verksemda at informasjonen i skjemaet er riktig.

    G. Produser tilgjengelegheitserklæring

    I steg G blir ferdig tilgjengelegheitserklæring produsert. Det blir generert ein URL. Det er denne URL‘en verksemda publiserer på nettstaden.

    5 Publiser tilgjengelegheitserklæringa

    Etter at verksemda har produsert tilgjengelegheitserklæringa, vert det oppretta ei lenke. Verksemda skal deretter publisere lenka til tilgjengelegheitserklæringa slik at den er enkel for sluttbrukaren å finne. Følgande skal til for at tilgjengelegheitserklæringa regnast som publisert:

    • Lenka skal føre til erklæringa på www.uustatus.no, for det aktuelle nettstedet eller appen. 
    • For nettstader skal lenka ligge på nettstaden den gjeld for.
      • Tredjepartsløysingar: Dersom verksemda har sitt eige område på ei underside eller eit underdomene der publisering er mogleg, skal lenka ligge her. Dersom dette ikkje er mogleg, skal lenka ligge på ein av den offentlege verksemda sine andre nettstader.
    • For appar skal lenka ligge på verksemda sin nettstad, eller saman med nedlastingsinformasjon for mobilapplikasjonen. 

    Tilsynet har i tillegg følgande anbefalingar til publisering:

    • Lenketeksten bør innehalde ordet “Tilgjengelegheitserklæring” eller “Tilgjengelighetserklæring”. 
    • For nettstader bør lenka ligge synleg på framsida på nettstaden den gjeld for.
    • For nettstader bør lenka ligge i botnteksten, slik at den er lett å finne frå alle sider på nettstaden.
    • Lenka bør ikkje ligge bak innlogging.

    6 Oppdater tilgjengelegheitserklæringa

    Verksemda kan når som helst logge inn og endre informasjon i tilgjengelegheitserklæringa.

    Ein skal oppdatere tilgjengelegheitserklæringa minst éin gong i året, og etter større endringar på nettstaden eller appen.

    Kva som er større endringar vil variere, men det omfattar for eksempel skifte av publiseringsløysing, større endringar av struktur eller visuell presentasjon, kjeldekode eller funksjonalitet som er felles for heile nettstaden.

    Tilsvarande gjeld dersom innhaldet på nettstaden eller appen går frå å bryte krava til å vere i samsvar med krava, eller omvendt. Eit eksempel er at mange videoopptak går frå å vere utan teksting, til å ha teksting.

    Kva skjer om tilgjengelegheitserklæringa manglar?

    Dersom verksemda ikkje publiserer og årleg oppdaterer tilgjengelegheitserklæringa for sine nettstader eller appar, tek tilsynet i bruk reaksjonar. Dette kan vere pålegg om retting og dagbøter.

    Verksemder utan publisert og oppdatert tilgjengelegheitserklæring har i tillegg vesentleg større sjanse for å bli utvalt til kontrollar og tilsyn.

    Slik endrar eller slettar verksemda ei tilgjengelegheitserklæring

    Verksemda kan når som helst logge inn og endre informasjon i tilgjengelegheitserklæringa. Det er også mogleg å slette tilgjengelegheitserklæringa. Prosessen for endring eller sletting er påverka av om verksemda endrar på eit utkast eller ei produsert erklæring.

    Kvar unike nettstad eller app kan ha inntil to tilgjengelegheitserklæringar på same tid.

    • Ei tilgjengelegheitserklæring som har status utkast.
    • Ei tilgjengelegheitserklæring som har status produsert.

    Endring av utkast til erklæring

    Når verksemda har valt om dei skal lage ei tilgjengelegheitserklæring for ein nettstad eller app, blir det oppretta eit utkast til erklæring. Vi reknar med at verksemda ikkje nødvendigvis fyller ut skjemaet for tilgjengelegheitserklæring i ei arbeidsøkt, men jobbar med eit utkast i fleire omgangar.

    Neste gong verksemda loggar inn, hentar ein opp det påbegynte utkastet i løysinga, og jobbar vidare med det utkastet.

    Verksemda finn utkastet til erklæring i oversikta i menypunktet Utkast.

    Sletting av utkast til erklæring

    Det er mogleg å slette eit påbegynt utkast til erklæring. Verksemda finn utkastet til erklæring i oversikta i menypunktet Utkast.

    Finn utkastet til erklæring som du skal slette, vel deretter Slett utkast og trykk Stadfest.

    Utkastet er no sletta.

    Endring av ei produsert erklæring

    Verksemda finn produsert erklæring i oversikta i menypunktet Produserte erklæringar.

    Når verksemda skal endre ei produsert erklæring, blir det tatt ein kopi av den produserte erklæringa, som får status som utkast. Dette utkastet gjer ein nødvendige endringar i.

    Den erklæringa som er produsert og publisert på nettstaden til verksemda vert ikkje endra så lenge ein jobbar med oppdatert erklæring som utkast. Endringane blir først synlege i den publiserte erklæringa, etter at verksemda har stadfesta oppdateringa i det siste steget i løysinga, steg F Produser tilgjengelegheitserklæring.

    Stadfest at opplysningane er korrekte. Oppdateringa går deretter live, utan at verksemda treng å endre lenka på nettstaden.

    Sletting av ei produsert erklæring

    Det går an å slette ei produsert erklæring. Verksemda finn oversikt over produserte erklæringar i menypunktet Produserte erklæringar.

    Finn produsert erklæring som du skal slette, vel Slett erklæring i kontekstmenyen (pila ved sidan av Vis detaljar). Stadfest at du skal slette erklæringa

    Produsert erklæring er no sletta.

    Kopi av produsert erklæring

    Viss verksemda har fleire nettstader eller appar som bygger på same rammeverk, kan det vera nyttig å ta kopi av ei tilgjengelegheitserklæring frå ein annan nettstad eller app.

    Verksemda kan gjenbruke delar av informasjonen, til å fylle ut ei tilgjengelegheitserklæring for ein nettstad eller app som ikkje har det frå før. Gjenbruk av informasjon er særleg aktuelt for Steg B i erklæringa, Vurdering av løysinga.

    Kopifunksjonen skal ikkje brukast til å gjere endringar i tilgjengelegheitserklæringa til ein nettstad eller app som allereie har utkast til tilgjengelegheitserklæring eller ei produsert tilgjengelegheitserklæring.

    Slik kan verksemda endre svar på om dei har nettstad eller app

    Dersom ein har svara feil på om verksemda har nettstad eller app, eller om verksemda har fått nettstad/app etter å ha svara "Nei" ved første innlogging, kan ein endre dette sjølv i løysinga ved å gjere følgjande:

    • Logg inn på uustatus.no.
    • Under «Mi side», velg «Mi verksemd».
    • Trykk på lenka i det blå feltet nedst på sida, kalla "Du kan endre informasjon om eigarskap her.". Her kan du endre svara på om verksemda di har nettstad eller app.