Kva seier forskrifta?
Det er fleire faktorar som avgjer kven som skal følgje reglane og kva ikt-løysingar krava gjeld for.

Kven skal følge reglane?
Både private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar skal følgje regelverket. For at reglane skal gjelde, må verksemda ha ein nettstad, applikasjon eller automat (ei ikt-løysing) som er
- retta mot innbyggjarar eller kundar (brukarar) i Norge
- ein viktig kanal for å informere eller tilby tenester - hovudløysing
- knytt til verksemdas alminnelege funksjon
Dersom du svarer ja på desse punkta, gjeld reglane for verksemda.
Reglane gjeld uansett kor mange tilsette verksemda har, kva omsetnad eller organisasjonsform den har. Øvste leiar har ansvaret for at verksemda følgjer reglane om universell utforming av ikt.
Under forklarer vi nærare kva tidsfristar som gjeld, typar ikt-løysingar som er omfatta, unntak for arbeidslivet, kva som er meint med omgrepa brukarar, hovudløysing, alminneleg funksjon og bruk av tredjeparts ikt-løysingar.
Sjå også:
- Løysingsforslag og eksempel for nettsider.
- Forskrift om universell utforming av ikt (Lovdata, ekstern side).
- Likestillings- og diskrimineringslova (Lovdata, ekstern side).
Delt regelverk
Forskrift om universell utforming av ikt-løsninger er ei sektorovergripande forskrift. Det vil seie at ho i utgangspunktet regulerer alle verksemder, uavhengig av om dei er offentlege eller private.
Med innføringa av EUs webdirektiv (WAD) kom det nye krav til applikasjonar og nettstadar som berre gjeld offentleg sektor. Dette gjer at det gjeld ulike krav for offentleg og privat sektor.
Privat sektor
Private verksemders nettløysingar skal minimum utformast i samsvar med 35 suksesskriterium i WCAG 2.0, eller tilsvarande. Dette er suksesskriteria på nivå A og AA, med unntak av suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5.
Offentleg sektor
Offentlege verksemders nettløysingar skal utformast på ein måte som gjer at innhaldet er mogleg å oppfatte, mogleg å betene, er forståeleg og robust. Viss løysinga er utforma i samsvar med krava i EN 301 549 v3.2.1, er desse krava oppfylte
EN 301 549 v3.2.1 er ein europeisk standard som tek inn i seg WCAG 2.1. Som utgangspunkt vil derfor ei løysing i offentleg sektor oppfylle krava viss ho er utforma i samsvar med dei aktuelle krava i WCAG 2.1.
WCAG 2.1 byggjer på WCAG 2.0, noko som gjer at dei tekniske krava som gjeld for privat sektor også gjer seg gjeldande for offentleg sektor, men i tillegg kjem det ytterlegare 12 suksesskriterium som berre gjeld for offentleg sektor.
I tillegg til dei tekniske krava, må offentlege verksemder ha ei oppdatert tilgjengelegheitserklæring på alle sine applikasjonar og nettstadar.
Endringane som medfører tilleggskrav for offentleg sektor, dvs. dei 12 nye suksesskriteria og kravet om tilgjengelegheitserklæring, er gitt ei innføringstid på 1 år. Dette inneberer at løysingane må vere i samsvar med dei nye krava frå 1. februar 2023.
Automatar
Automatar skal som eit minimum utformast i med følgjande ti standardar, som du finn under krav til automatar.
Sjå Uu-tilsynets rettleiar for utplassering av automatar.
Dispensasjon og unntak
Private verksemder kan søke Uu-tilsynet om dispensasjon frå regelverket for sine nettstadar, applikasjonar og automatar.
Offentlege verksemder kan berre søkje om dispensasjon frå automatregelverket. For nettstadar og applikasjonar kan offentlege verksemder gjere vurderinga sjølv i tilgjengelegheitserklæringa, men vurderinga i tilgjenglegheitserklæringa kan overprøvast av Uu-tilsynet i tilsyn og Diskrimineringsnemnda ved klage.
Føringane for dispensasjon og unntak er dei same. Det er berre opna for det i unntakstilfelle, og terskelen er høg.
Ikt-løysingar som er omfatta
Forskriftas verkeområde er avgrensa til ikt som er nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar.
Nettløysingar
Med nettløysingar meinast alle typar nettstader, inkludert sosiale medium som Facebook og YouTube, digitale læringsplattformar (LMS) og læringsverktøy, innhald som ligg bak innlogging og betalingsmur med meir.
Tre kriterium må vere oppfylt for at ikt-løysinga er ei nettløysing etter forskrifta:
- Formidling av informasjon eller teneste som er tilgjengeleg i nettlesar eller tilsvarande.
- Tilgjengeleg via ein URI (Uniform Resource Identifier).
- Brukar http-protokollen (Hypertext Transfer Protocol) eller tilsvarande for å gjere innhald tilgjengeleg.
Kva eining nettløysinga blir opna på, kodespråk eller operativsystem har ikkje betydning.
Toppdomene
Regelverket femner om alle typar toppdomene, for eksempel verksemd.no, verksemd.net, verksemd.com, så lenge nettstaden er retta mot brukarar i Norge.
Utanlandsk server
Det betyr ikkje noko at nettstaden til verksemda ligg på ein server i utlandet, så lenge nettstaden faktisk er retta mot brukarar i Norge.
Applikasjonar (appar)
Appar til nettbrett og mobil er omfatta av krava viss dei krev nettilgang for å fungere etter at dei er lasta ned. Slike appar er då nettløysingar, og skal då vere universelt utforma. Eksempel på denne typen appar er Ruter, Vipps, Finn, Avinor, SAS, Posten, Yr, Hotels.com og appar for mobilbank.
Applikasjonar er programvare som er laga for å køyre på smarttelefonar, nettbrett og andre mobile einingar. Applikasjonar er utbreidd, og blir ofte brukt som supplement eller erstatning for tradisjonelle nettstader.
Automatar
Ein automat legg til rette for sjølvbetening. Det finst mange ulike automatar, for eksempel minibank, billettautomat, innsjekkingsautomat og betalingsterminalar.
I forskrifta er automat definert slik:
«Maskin eller annen innretning som brukeren opererer alene for å kjøpe en vare eller få utført en tjeneste.»
Unntak for ikt-løysingar i arbeidslivet
Ikt-løysingar i arbeidslivet er som hovudregel ikkje omfatta av krava. Fagsystem du berre har tilgang til som tilsett i verksemda, er då i utgangspunktet ikkje omfatta av krava til universell utforming. Eksempel på denne typen fagsystem er
- saksbehandlingssystem
- publiseringsløysing
- system for tidsregistrering og reiserekningar
Intranett og ekstranett er i utgangspunktet også fagsystem, og slik ikkje omfatta av krava. For offentlege verksemder gjer det seg likevel her gjeldande eit unntak som inneber at intranett og ekstranett i offentleg sektor skal vere universelt utforma dersom dei er nye eller vesentleg endra etter 1. februar 2023.
Unntak for kart og karttenester
Nettbaserte kart og karttenester er som hovudregel unntatt krava til universell utforming.
For kart meint for navigasjonsføremål skal likevel nødvendig informasjon vere tilgjengeleg på anna måte. Føremålet er å hjelpe brukarar som ikkje kan oppfatte visuell informasjon eller bruke komplekse navigasjonsfunksjonar til å finne bestemte besøksadresser. Det skal derfor vere eit tilgjengeleg alternativ til visse typar informasjon som blir presentert med kart, i eit format som er enkelt og lesbart for dei fleste brukarar. Eksempel på kart menit for navigasjonsføremål kan vere eit kart som viser besøksadressa til ei verksemd med nærliggande stoppestadar for offentleg transport.
Kart som ikkje har navigasjon som føremål, men berre er ei geografisk skildring, for eksempel snøkart, vatnkart eller klimakart, er ikkje omfatta av krava til universell utforming. For slike kart er det heller ikkje krav om tilgjengeleg alternativ. Det vil likevel vere til hjelp for fleire, om de gjer innhaldet så tilgjengeleg som mogleg. Ei god skildring av kva kartet illustrerer i tekstleg form, vil bidra til at fleire brukarar kan dra nytte av innhaldet.
Kva betyr til rådvelde for brukarar?
Dei fleste nettstader, applikasjonar og automatar er retta mot brukarar, og er derfor gjort til rådvelde for brukarar. Ikt-løysinga treng ikkje å rette seg mot alle innbyggjarar for å vere omfatta av regelverket.
Eksempel på løysingar som er til rådvelde for brukarar er nettaviser, nettbutikkar, nettstadar og appar for utdanningsinstitusjonar, tog og taxi, bankar, offentlege etatar, hotell- og overnattingsstader, restaurantar- og serveringsstader, advokatfirma, røyrleggjarar, arkitektar, idrettslag og organisasjonar.
Vilkåret må forståast som løysingar som er opne for, eller kan brukast av, innbyggjarar. Det avgrensar mot løysingar innanfor den private sfære.
Avgrensa målgruppe eller B2B
Sjølv om verksemda rettar seg mot bestemte mål- eller kundegrupper, vil det likevel vere omfatta av regelverket, så lenge ho er stor og ubestemd.
Det gjeld også dersom kundane er andre bedrifter/næringsdrivande (B2B). Til dømes vil ei verksemd som har ein nettstad som er retta inn mot andre verksemder for å promotere deira tenester opp mot kundane i bedriftsmarknaden, reknast som å vere retta mot «brukarar», sjølv om denne målgruppa er avgrensa. Ikt-løysingar som reknast som fagsystem fell på si side utanfor regelverkets verkeområde.
Logg inn og registrering
Ein nettstad er retta mot omfatta av regelverket, også om det er nødvendig å logge seg inn, den krev medlemskap, registrering eller eit kundeforhold. Til dømes skal nettbankar følgje krava, sjølv om bruk føreset både eit kundeforhold i banken og logg inn.
Sider og profilar på sosiale medium
Verksemder sine sider og profilar på sosiale medium er vanlegvis omfatta av krava til universell utforming, fordi dei er til rådvelde for brukarar.
Krava gjeld ikkje for privatpersonar sine heimesider eller profilar på sosiale medium. Desse sidene er ikkje rekna som til rådvelde for brukarar, men reknast som private.
Kva er ei hovudløysing?
Det er berre ikt-løysingar som reknast som hovudløysingar som er omfatta av krava til universell utforming.
I forskrifta er omgrepet hovudløysing definert slik:
«Ikt-løsninger som er en integrert del av den måten virksomheten informerer og tilbyr sine tjenester til allmennheten på og som er knyttet til virksomhetens alminnelige funksjon.»
Internett er ein viktig digital samfunnsarena, og det er berre i heilt spesielle tilfelle at vi kan kome til at nettstaden til ei verksemd ikkje er ei hovudløysing mot publikum og kundar. Det same gjeld for ulike automatar som publikum og kundar brukar til å betala for varer, kjøpa billettar eller liknande.
Ei verksemd kan ha fleire hovudløysingar som alle må vere universelt utforma. Ein bank kan for eksempel ha desse hovudløysingane:
- Nettstad.
- Minibankar.
- Betalingsterminalar.
- Appar.
- Fysisk lokale.
Døme på løysingar som ikkje er hovudløysingar kan til dømes vere ein nettstad som er til pilotering eller ein gamal app som er erstatta, men framleis er tilgjengeleg i ein overgangsperiode.
Alminneleg funksjon
Vurderinga av om løysinga byggjer opp under verksemdas «alminnelige funksjoner» må skje konkret sett opp mot verksemdas føremål.
Eit hotell sin alminnelege funksjon er eksempelvis å tilby overnatting mot betaling. Nettstaden med informasjon om hotellet og rombestilling er då ei hovudløysing. Tilsvarande gjeld hotellet si side på Facebook, fordi sida er ein kanal hotellet brukar for å nå ut med informasjon og tenester til kundane.
Har det same hotellet eit bedriftsidrettslag i fotball vil ikkje lagets nettstad vere omfatta av regelverket, då fotball på bedriftsnivå ikkje kan seiast å vere ein vanleg funksjon for eit hotell.
Verksemder med fysisk lokale
Mange verksemder har både ein nettstad, gjerne med nettbutikk, og eit eller fleire fysiske lokale, der verksemda tilbyr informasjon og tenester til allmenta.
Vanlegvis er både det fysiske lokalet og nettstaden hovudløysingar for verksemda. Det betyr at også nettstaden skal vere universelt utforma. Det er likevel ikkje eit krav om nettbutikk for at nettstaden skal vere ei hovudløysing.
Tredjeparts ikt-løysingar
Verksemda har ansvaret for å følgje reglane, sjølv om verksemda brukar tenester frå ein tredjepart for å gi informasjon og tilby tenester til allmenta.
Leverandørens ansvar
Det er verksemda som brukar ikt-løysingar i sin kontakt med innbyggjarar og kundar, som er ansvarleg for at reglane vert følgde.
Om verksemda har kjøpt løysinga frå ein tredjepart eller nyttar ein ekstern publiseringsplattform, er leverandørens ansvar overfor verksemda avgrensa til det som er regulert avtalen som er inngått mellom partane. Dersom tilsynet i ein kontroll av til dømes nettstaden til ein kommune finn feil med skjemaløysinga, som er levert av ein tredjepart, er det derfor kommunen som er ansvarleg for at feil blir retta.
Difor er det viktig at verksemdene stiller krav om samsvar i avtalen, og at den også inneheld reglar om misleghald og erstatning. Med grunnlag i avtalen må kommunen og leverandøren deretter bli einige om kven som gjennomfører retting i praksis og dekker kostnadane.
Søke om dispensasjon?
Regelverket tek høgde for at krava eller tidsfristane i regelverket kan få utilsikta konsekvensar eller gje urimelege utslag for enkeltverksemder. Det er derfor mogleg å søke om dispensasjon frå krav eller tidsfristar.