Hopp til hovudinnhald
19. januar 2023

No skal snart også den offentlege verksemda sitt intranett og ekstranett vere universelt utforma, men dette har kanskje kome litt i skuggen for det store engasjementet rundt tilgjengelegheitserklæring og nye tekniske krav i WCAG 2.1. Så kva er eigentleg intra- og ekstranett, og kva skil det frå nettstadar, appar og fagsystem? 

Eitt av spørsmål som mange stiller oss no, er spørsmålet om korleis vi definerer eit intranett. Dette er eit aktuelt spørsmål fordi eitt av dei nye krava er at no skal også intranett og ekstranett vere universelt utforma. Innføringa EUs webdirektiv fører til strengare krav for offentlege verksemders nett-løysingar enn kva som er tilfelle for privat sektor. Den mest omtala endringa for offentlege verksemder er nok kravet om tilgjengelegheitserklæring, med dei nye tekniske krava i WCAG 2.1 som ein god nummer to. Kravet om universell utforming av offentlege verksemders intranett og ekstranett har derimot kome litt i skuggen, og vi skal gå no litt nærare inn på kva intra- og ekstranett er, og kva skil det frå nettstadar, appar og fagsystem.

Berre for å avklare det først som sist: Fagsystem er unnateke krava til universell utforming. Appar og nettstadar er fullt og heilt underlagt alle krava. Medan offentleg verksemders intra- og ekstranett er ein plass midt-i-mellom, det vil seie at krava gjeld dersom løysingane er nye eller vesentleg reviderte etter 1. februar 2023. Dette gjer at det er ekstra viktig å halde tunga beint i munnen når det kjem til kva som fell inn under dei ulike løysingskategoriane.

Vurdering av innhaldet

Her, som ofte elles, er det diverre vanskeleg å gje eit klart svar på kva innhald som fell inn under dei ulike løysingskategoriane. Av og til ser vi for eksempel at ein del funksjonalitet som tidlegare var på intranettet, er teke ut og lagt på eigne eksterne løysingar. Andre gonger er det motsett, at fagsystem er saumlaust integrert i intranettet på ein slik måte at det ikkje er godt å skilje det frå det meir tradisjonelle intranettinnhaldet. Eit tredje alternativ er når intranett blir lagt inn i eit fagsystem, for eksempel i Teams. Så dette betyr at for å finne ut om innhaldet skal følge krava om universell utforming, må du gjere ei konkret vurdering basert på det aktuelle innhaldet, ikkje berre på løysingsnivå.

Kjenneteikn på løysingar

For å gjere denne vurderinga enklare kan det vere nyttig å sjå på kva som kjenneteiknar dei ulike løysingstypane i sin puraste form:

Nettstadar

Nettstadar er kjenneteikna av at dei er ei samling nettsider som er tilgjengelege for ei større og ikkje-avgrensa gruppe. Kven innhaldet primært er retta mot, har som hovudregel ikkje så mykje å seie. Det avgjerande er kven som i teorien kan ta i bruk løysinga.

Som utgangspunkt har det ikkje noko å seie om innhaldet på nettstaden er ope eller bak innlogging. Det avgjerande er om den potensielle brukargruppa ikkje er definert. Dette gjer at for eksempel nettbankar, avisartiklar bak betalingsmur og «mi side»-funksjonalitet bak innlogging hos Skatteetaten og andre, også reknast som nettstadar som er omfatta av krava til universell utforming.

Appar

Verkeområdet på appar byggjer på den same vurderinga som for nettstadar. Her er det likevel verdt å merke seg at det er eit krav om at appane krev nett-tilgang etter nedlasting for at dei skal vere omfatta av regelverket om universell utforming.

Terskelen for når dette kravet er oppfylt er likevel låg. Det er tilstrekkeleg at appen i visse situasjonar krev nett-tilgang, for eksempel for å opprette ein brukar etter nedlasting, laste ned innhald for seinare lesing eller lytting utan nett-tilgang osb.

Det klassiske eksempelet på appar som ikkje er omfatta av regelverket, er statiske appar som lommelykt-appar og tilsvarande.

Intra- og ekstranett

Ikt-forskrifta definerer intra- og ekstranett som «Nettsteder som er tilgjengelig på et lokalt nettverk eller på det åpne internett til bruk for virksomhetens ansatte (intranett), eller som gir utvalgte tredjeparter adgang til avgrenset innhold (ekstranett)».

I korte trekk kan vi seie intra- og ekstranett er to sider av same sak. Begge løysingstypane er interne ein-vegs kommunikasjonsplattformar for nyhende, generisk personalinformasjon og så vidare. Dei to løysingstypane skil seg frå kvarandre når det kjem til kven som har tilgang. Er det berre tilsette i éi verksemd som har tilgang til løysinga, er det eit intranett. Er det derimot tilsette i fleire definerte, men klart avgrensa, verksemder som har tilgang, er det eit ekstranett.

Kravet om avgrensing til ei lukka gruppe personar gjer at ein ikkje berre kan sjå på kva innhald som er publisert, men også kven som har tilgang. Dette gjer at ein plattform for internkommunikasjon som innhaldsmessig liknar eit intranett, likevel blir rekna som ein nettstad dersom det ligg ope på internett. På same måte vil generisk informasjon retta mot alle tilsette på ein avgrensa ekstern portal, for eksempel ei personalhandbok levert av ein tredjepart og tilgjengeleggjort for tilsette i verksemda gjennom ei single-sign-on-løysing, ofte bli rekna som eit intranett.

Fagsystem

Vi kan på mange måtar seie at fagsystem er ein sekkekategori som femner om alle andre ikt-løysingar enn dei som er omtala over, enten det er tradisjonell lokalt installert programvare eller skybaserte løysingar som er tilgjengelege gjennom eigne appar, nettstadar eller anna. Eksempel på fagsystem er mellom anna sak- og arkivsystem, time- og reiserekningssystem, fakturasystem, Office-pakken, Adobe og andre.

På generelt grunnlag kan vi seie at fagsystem skil seg frå intranett ved at dei krev inndata frå brukaren. Dette gjer at for eksempel system for innmelding av saker og hendingar, og intern oppfylging av desse, blir rekna som fagsystem, då det har preg av saksbehandling.

Konkret vurdering

Innføringa av krav til offentlege verksemders intra- og ekstranett tek i lita grad høgde for at det ikkje nødvendigvis er eit klart skilje mellom kva som ligg på dei ulike løysingstypane. Særleg er dette aktuelt for kva som ligg på intranett og i fagsystem. Dette gjer at vi må ta ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, og stundom må seie at det er ulike krav til ulikt innhald i den same løysinga.

Krav til universell utforming i anskaffingsregelverket

Merk likevel at sjølv om ikt-forskrifta ikkje stiller krav til fagsystem, så stiller også forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) krav til universell utforming. FOA § 15-2 stiller krav om at «Kravspesifikasjonene skal ta hensyn til universell utforming når oppdragsgiveren skal anskaffe ytelser som skal brukes av personer, enten det er allmennheten eller ansatte hos oppdragsgiveren, med mindre unntak kan begrunnes særskilt».

Dette inneber eit krav om å «ta hensyn til» universell utforming også i anskaffingar av ikt-løysingar som fell utanfor ikt-forskriftas verkeområde, inklusive fagsystem. Det er altså ikkje eit krav om at løysingane skal vere universelt utforma, men at det skal vektleggjast. Vidare definerer ikkje FOA tekniske krav som gjer noko universelt utforma. Dei tekniske krava i WCAG 2.1 som gjer seg gjeldande etter ikt-forskrifta må likevel leggjast til grunn å vere tilstrekkelege. For anskaffingar av ikt-løysingar som ikkje er omfatta av ikt-forskrifta kan ein då møte krava i FOA ved å vise til dei 47 tekniske krava i WCAG 2.1 på nivå A og AA ,og at oppfylling av eitt, fleire eller alle krava som eit minimum tel positivt i evalueringa.

Når ei offentleg verksemd kjøper tenester eller løysingar frå ein privat aktør, vil vi identifisere den eksterne løysinga med den offentlege verksemda. Dette gjer at det er den offentlege verksemda som er ansvarleg for å sikre at løysinga er i samsvar med gjeldande krav, og at det er krava til offentlege verksemder som gjeld også for desse løysingane - sjølv om dei er utvikla av ein privat aktør.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
10 + 5 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.