Hopp til hovudinnhald

I EUs eGovernment Benchmark 2023 kjem Noreg ut på 1. plass i ei pilotmåling av offentlege digitale tenester i Europa. I målinga er det testa eit avgrensa utval kriterium i WCAG 2.1 på tvers av landegrenser.

13. november 2023

I haust kom den nye statusen på digital transformasjon i Europa dei to siste åra i
EUs eGovernment Benchmark 2023. Målinga viser korleis det står til med offentlege digitale tenester, og no viser rapporten også til ei pilotmåling av WCAG som har målt etter eit lite utval av dei lovpålagde krava til universell utforming. WCAG er standarden som lovkrava for universell utforming av ikt peikar på. I rapporten vert det understreka at det er eit overordna mål at offentlege verksemder sikrar at alle brukarar kan få tilgang til og dra nytte av digitale offentlege tenester. Med dette målet skal ein sikre at nettsider følger kriteria for tilgjengelege nettsider.

– Vi synest det er veldig kjekt at Noreg kjem så godt ut i denne målinga. Vi veit at svært mange jobbar godt og bevisst med krava, ikkje minst på grunn av det nye kravet om tilgjengelegheitserklæring, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Målinga dekker ikkje alt, så det finst område vi veit det er større utfordringar på. Men at vi hevdar oss så godt i europeisk samanheng, viser at det gode arbeidet med universell utforming i Noreg verkar.

Fleirtalet av nettsider i offentleg sektor i EU bryt eitt eller fleire av kriteria i WCAG 2.1. Mest vanleg er mangel på tekstalternativ eller dårleg fargekontrast. Dette går ut over alle brukarar, men spesielt brukarar med synshemmingar, og gjer også nettsidene vanskelege å bruke i situasjonar med sterkt sollys.

Målinga viser at Noreg ligg på 1. plass. I lista viser vi her prosentfordeling av nettsider som møter dei åtte kriteria:

  1. Noreg 84 %
  2. Nederland 83 %
  3. Sverige 78 %
  4. Finland 73 %
  5. Danmark 67 %
  6. Luxemburg 57 %
  7. Estland 51 %

Kva er målt?

WCAG står for Web Content Accessibility Guidelines. På norsk er det omsett til Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald, og er standarden som lovkrava om universell utforming av ikt peikar på. Pilotmålinga har vurdert nettsider etter åtte av dei lovpålagde kriteria i WCAG:

Heile pilotmålinga ser du i EUs eGovernment Benchmark, vedlegg 2, Background report, s. 16-17.

Les meir om WCAG på tilsynet sine nettsider.