Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Forbrukerrådet

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Forbrukerrådet. Ettersynet avdekte 2 avvik på områda tastaturnavigasjon og koding. Det blei gitt 1 merknad på skjema.

2018:2
25. april 2018

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven (ldl) § 36 første ledd jf. ldl. § 18 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Forbrukerrådet i tidsrommet 26.01.2018 - 27.02.2018. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.forbrukerradet.no/.

    Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising står i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Forbrukerrådet sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Skjema
    • Navigasjon
    • Tastaturnavigasjon
    • Koding av innhald
    • Struktur og presentasjon
    • Tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollere om Forbrukerrådet etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

    2.2 Testinga av nettstaden

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 12 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og vi har brukt 11 indikatorar.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Chrome, versjon 63
    • Firefox, versjon 58
    • Internet Explorer, versjon 11
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0
    • Kodevalidatoren til W3C
    • WhatFont for Chrome og Internet Explorer

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Startsiden
    2. Husleiekontrakt
    3. Forbrukerrådets husleiekontrakt – Partene
    4. Forbrukerrådets husleiekontrakt - Eiendommen og leieavtalen
    5. Forbrukerrådets husleiekontrakt – Utfyllingsveiledning
    6. Sjekk dine flyrettigheter
    7. Klage til flyselskapet
    8. Slik klager du
    9. Klagebrev til selger
    10. Tapt bagasje (nynorsk)
    11. Solkremtesten 2017
    12. Kontaktskjema

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Tastaturnavigasjon

    Forbrukerrådet sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg tastaturnavigasjon på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Element det ikkje er mogleg å nå eller bruke med tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 3, 4, 5 Hjelpetekst bak knappen Hjelp
    2 Side 7 Trekkspel for å opne meir informasjon om klagemoglegheiter hjå dei ulike flyselskapa
    3 Side 9 Trekkspel for å få tilgang til klageskjema på dei ulike områda
    4 Side 11 Trekkspelet Liste over stoffene som er funnet
    b) Nettsider utan snarveglenke for å hoppe direkte til hovudinnhaldet
    Nr Side Element
    1 Side 1, 2, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12 Heile nettsida
    2 Side 3, 4, 5 (skjemaet Forbrukerrådets husleiekontrakt) Heile nettsida
    c) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1, 2, 6, 8, 9, 11 Alle element på sida (med unntak av søkefelt)
    2 Side 3, 4, 5 Logoen øvst på sida, knapp for å opprette brukar/logge inn, sidenavigasjonen (stega i skjemaet, 9 steg). Gjeld Firefox.
    3 Side 3 Knappen Legg til (i delen Flere leiere). Gjeld Firefox
    4 Side 3, 4, 5 Tomt tab-steg mellom knappen Neste og lenka Personvernerklæring
    5 Side 7 Alle element på sida (med unntak av søkefelt og skjemaet Fant du det du lette etter?)
    6 Side 10 Alle element på sida (med unntak av søkefelt og skjema med klagebrev)
    7 Side 12 Alle element på sida (med unntak av søkefelt og skjemafelt og knapp i kontaktskjema)

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker og topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet.
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.2 Avvik 2: Koding

    Forbrukerrådet sikrar ikkje alltid korrekt koding av nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Visuell overskrift som er koda med feil nivå
    Nr Side Element
    1 Side 6 Hva har skjedd?
    b) Visuell overskrift som ikkje er koda som overskrift
    Nr Side Element
    1 Side 5 Til punkt 1. Partene i avtalen.
    2 Side 5 Til punkt 3. Leieavtalen gjelder.
    3 Side 5 Til punkt 5. Leieforholdets form og varighet.
    4 Side 5 Til punkt 8. Utkastelse og særlig tvangsgrunnlag
    5 Side 8 1 - Klage til selger
    6 Side 8 2 - Klag saken inn for Forbrukerrådet eller klagenemnd
    7 Side 8 3 - Klag til Forbrukerklageutvalget
    8 Side 9 Overskrifter til skjema
    9 Side 11 Overskrifter inni trekkspelet Liste over stoffene som er funnet (4 overskrifter)
    10 Side 11 Liste over stoffene som er funnet
    c) Sider med syntaksfeil i koden
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    9 63 0 0 0 63 Nei
    12 1 0 0 0 1 Nei
    Sum 64 0 0 0 64
    d) Skjemaelement som ikkje er kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 3 Fødselsdato/evt. Org.nr. (Kommentar: Gjeld to plassar i skjemaet)
    2 Side 4 Gr.nr/br.nr/seksjonsnr/leilighetsnr.
    3 Side 4 Antall boder/Antall parkeringsplasser
    4 Side 7 Tekstfelt for å skrive tilbakemelding
    5 Side 10 Skjemafelta Ditt navn, Din adresse, Ditt postnr, Ditt Poststed, Motpartens navn, Motpartens adresse, Motpartens postnr og Motpartens poststed
    6 Side 10 Skjemafelta skriv inn dato, skriv inn avreisested, skriv inn ankomststed, skriv inn beløp og skriv inn kontonummer.
    7 Side 12 Skjemafelta Tema, E-post, Postnummer, Telefonnummer, Navn på butikk/selger/håndverker
    8 Side 12 Tekstfeltet Spørsmål
    9 Side 12 Avkryssingsboksen Ja
    e) Knapp som er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer knappen
    Nr Side Element
    1 Side 3, 4, 5 Forrige, Neste, Avbryt

    3.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som til dømes ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Døme på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn og kva som skjer når dei trykker på knappen.

    3.3 Merknad: Skjema

    Forbrukerrådet har eit forbetringspotensial når det gjeld forstørring og feilmeldingar i skjema.

    Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning
    Nr Side Element
    1 Side 3, 4, 5 Knapp for å logge inn
    2 Side 3, 4, 5 Steg i skjemaet (Kommentar: Lange ord blir kutta)
    3 Side 3, 4, 5 Knappane for Forrige, Avbryt og Neste
    4 Side 3, 4, 5 Hjelpetekst (i Firefox)
    5 Side 4 Gr.nr/br.nr/seksjonsnr/leilighets nr.
    b) Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil, med tekstleg feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått
    Nr Side Element
    1 Side 12 E-post
    2 Side 12 Postnummer

    3.3.1 Kommentar merknad

    Feila som er avdekka kan gjere nettstaden vanskeleg og uoversiktleg for alle.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.

    4 Regelverk

    • Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
    • Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løsninger
    • Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0
    • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
    • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Forbrukerrådet omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 26.02018.
    2. Vi fekk dokumentasjon 05.02018 og 06.02018. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 7 - 9.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 27.02.2018.
    5. Vi fekk tilbakemelding på førebels rapport med forslag til plan for retting 19.03.2018.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

    Forbrukerrådet sendte følgjande dokumentasjon:

    • Oversendingsbrev
    • Oversikt over kjende feil
    • Oversikt over mest besøkte sider på nettstaden
    • Kravsspesifikasjon til leverandør
    • Avtale mellom leverandør og Forbrukerrådet om interaksjon og design på nettstaden