Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Moss kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Moss kommune. Ettersynet avdekte 2 avvik på områda navigasjon og koding.

2017:7
19. desember 2017

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Moss kommune i tidsrommet 18.08.2017 – 27.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.moss.kommune.no/.

    Rapporten gjer greie for avviket og merknadane som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Moss kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Moss kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

    2.2 Om testinga

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 11 indikatorar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Internet Explorer 11
    • Chrome versjon 61
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
    • Kodevalidatoren til W3C.

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Startsiden
    2. Tilskudd til transport
    3. Ledige stillinger
    4. Barnehageplass, søknaden gjelder - informasjon om barnet
    5. Barnehageplass, søknaden gjelder - informasjon om barnet
    6. Søknad serveringsbevilling, Styreforman/daglig leder - driftskonsept
    7. Søknad serveringsbevilling, Styreforman/daglig leder - driftskonsept
    8. Postliste innsyn
    9. Bolig, eiendom og vei
    10. Kontaktinformasjon Moss kommune

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Navigasjon

    Moss kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Lenkene skil seg ikkje visuelt frå ikkje-lenka tekst med andre verkemiddel enn berre farge
    Nr Side Element

    1

    Side 3 Overskrifter ledige stillinger
    2 Side 9 Artikkeloverskrifter
    b) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning
    Nr Side Element

    1

    Side 1-3 og
    side 6-10
    Alle 5 hjelpeikon: kontakt, talefunksjon, forstørring, høgkontrast og nettstadkart. Feilen gjeld alle sider unntatt søknad om barnehageplass
    2 Side 4-5 Kommunevåpen skalerer ikke
    3 Side 5 Knappane Forrige-Avbryt-Neste. Dei blir også dekka av pup-up om informasjonskapslar
    4 Side 4-5 Fremdriftsinformasjon
    5 Side 10 Beredskapstelefoner
    6 Side 4-5 Teksten i modalvindauge for hjelp
    7 Side 4-5 Deler av teksten på knappen Logg inn blir dekka av grafikk
    8 Side 4 Knappane Avbryt og Neste
    c) Element det ikkjer er mogeleg å nå eller bruke med tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 2 Vis/skjul informasjon om TT-kort
    2 Side 4-5 Logg inn via ID-porten
    3 Side 4-5 Hjelpe-spørsmålsteikn
    d) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1-3 og
    side 6-10
    Alle 5 hjelpeikon: kontakt, talefunksjon, forstørring, høgkontrast og nettstadkart. Feilen gjeld alle sider unntatt søknad om barnehageplass
    2 Side 1 Dei lenka bilda/overskriftene i nyheiter i karusellar
    3 Side 1 Lenka Valgresultater under saka om Stortingsvalg
    4 Side 1 Lenka bilda til Facebooksida til kommunen
    5 Side 2 Bilde av rullestol
    6 Side 1-3 og
    side 6-10
    Dei 14 lenkene i nedtrekkslista for språk

    3.1.1 Kommentar til avvik 1

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for alle, og spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Lenker skal skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja med meir enn berre farge. Dette kan for eksempel vera at lenker har understreking, feit skrift, annan skrifttype med meir.
    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.2 Avvik 2: Koding

    Moss kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjemaelement på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Side med valideringsfeil element som ikkje er avslutta korrekt
    Nr Side Element
    1 Side 8 Ei uordna liste
    b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden, men er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden
    Nr Side Element
    1 Side 6 Fødselsinformasjon
    2 Side 6 Fødselsinformasjon
    3 Side 6 Etablererprøven avlagt
    4 Side 5 Flytter barnet inn til kommunen?
    c) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 6 Fornavn Etternavn
    2 Side 6 Postnr, Poststed
    3 Side 6 Fornavn Etternavn
    4 Side 6 Postnr, Poststed
    d) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden og plassert i ei gruppe, men gruppa er ikkje identifisert i koden
    Nr Side Element
    1 Side 5 Barnet har (informasjon om barnet)

    3.2.1 Kommentar til avvik 2

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg eller umogleg å bruke for skjermlesarbrukarar.

    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn.

    3.3 Merknad 1: Kontrast

    Moss kommune har eit forbetringspotensial når det gjeld kontrast i skjema.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 4-5 Tekst på knappane Lukk og Hjelp i Om informasjonskapslar
    b) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 6-7 Feilmelding i skjema

    3.3.1 Kommentar til merknad 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Moss kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 18.08.2017.
    2. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Oslo, Bærum, Skedsmo, Sarpsborg, Moss og Horten.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.
    5. Førebels rapport vart sendt 27.10.2017.
    6. Tilbakemelding på førebels rapport frå kommunen motteke 20.11.2017.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Moss kommune sendte følgjande dokumentasjon:

    • Oversendingsbrev
    • Informasjon om nettstaden og dei ulike vedlegga
    • Revidert tilbod på redesign av nettstaden til Moss kommune 2014
    • Avtale datert 05.12.2013 mellom Moss kommune og ACOS
    • Vedlikehaldsavtale ACOS programvare 01.08.2014
    • Dokumentasjon frå ACOS om universell utforming
    • Kravspesifikasjon skjemadesigner
    • Kontrakt for anskaffelse av ACOS Skjemadesigner og Flytdesigner 15.12.2016
    • Avtale på design og oppsett av portal for prosjektet nye Moss kommune
    • Tilbod på versjon 15 - Oppgradering ACOS - InfoLink 25.04.2016
    • Kartleggingsskjema i forbindelse med overgangen til versjon15.
    • Avtale med SiteImprove, datert 15.11.2015
    • Nøkkeltal for nettstaden til Moss kommune pr. september 2017
    • Oversikt over mest besøkte sider pr. september 2017
    • Status på alle kjente feil og problem pr. september 2017 knytt til universell utforming