Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Horten kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Horten kommune. Ettersynet avdekte 1 avvik på området navigasjon. Det blei gitt 2 merknader på områda kontrast og koding.

2017:8
11. desember 2017

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Horten kommune i tidsrommet 18.08.2017 – 27.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.horten.kommune.no/.

    Rapporten gjer greie for avviket og merknadane som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Horten kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Horten kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

    2.2 Om testinga

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 11 indikatorar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Internet Explorer 11.
    • Chrome versjon 61.
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
    • Kodevalidatoren til W3C.

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Startsida
    2. Tjenester
    3. Horten svømmehall
    4. Barneskolene i Horten
    5. Horten kulturskole
    6. Skjemaer
    7. Skjema for søknad om norskkurs
      (Skjemaet går over fleire sider/faner med lik URL)
      1. Personalia
      2. Val av kurs
      3. Kontroller skjema
    8. Helse og oppvekst

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Navigasjon

    Horten kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Sider der tekst forsvinn eller overlappar med annan tekst eller funksjonalitet i 200 %-visning
    Nr Side Element
    1 Side 1 – 6 og 8 Hengelås i botntekst. Gjeld for alle sider utanom skjemasidene
    2 Side 3, Side 5 Facebook-vindauge
    3 Side 5 Tekst i punktmeny
    4 Side 5 Piler for navigasjon i bildekarusell
    5 Side 7 Logg inn - gjeld for alle skjemasider
    6 Side 7 Generell hjelp om skjema - gjeld for alle skjemasider
    7 Side 7 Personalia – knappar Avbryt og Neste
    8 Side 7 Val av kurs – knappar Forrige, Avbryt og Neste
    9 Side 7 Kontroller skjema – knappar Forrige, Avbryt og Send inn
    b) Element det ikkje er mogeleg å nå eller bruke med tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 1 – 6 og 8 Hengelås i botntekst. Gjeld for alle sider utanom skjemasidene
    2 Side 7 Modalvindauge for val av metode for logg inn
    3 Side 1 – 6 og 8 Tekstforstørring
    c) Nettside med snarveglenke som ikkje flyttar tastaturfokus til det første aktive elementet i hovudinnhaldet
    Nr Side Element
    1 Side 1 – 6 og 8 Heile nettsida
    d) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1 – 6 og 8 Forstørringsglas i søkefelt
    2 Side 4 7 barneskoler i Horten
    3 Side 5 Listemeny under hovudmeny
    4 Side 5 Vis alle
    5 Side 3, Side 5 Facebook vindauge: del, lik, kommenter play-knappar
    6 Side 3 Kontaktperson
    7 Side 7 Logg inn. Gjelder alle skjemasider.
    8 Side 5 Lenka bilete i karusell, 4 stk.
    9 Side 5 Pilene i biletkarusell
    10 Side 1 Knapp i biletkarusell
    11 Side 2 – 6 og 8 Fant du det du lette etter? Ja/Nei
    12 Side 6 Logg inn med e-post/logg inn med id-porten
    13 Side 6 Søk etter skjema
    14 Side 6 Liste med lenker over skjema tema
    15 Side 6 Type skjema (digitalt, papir, ekstern, innlogging)
    16 Side 6 Alle skjema i lenkeliste

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar treng å forstørra tekst eller som ønskjer, eller må navigere med tastatur.

    Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet. Snarveglenka skal flytte tastaturfokus til det første aktive elementet i hovudinnhaldet
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.2 Merknad 1: Kontrast

    Horten kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1 i høgkontrast-visning
    Nr Side Element
    1 Side 3, Side 5 Facebook
    b) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 7 Lukk og hjelp på informasjonskapslar info.
    c) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 7 Feilmelding i skjema - Postnr. må fylles ut

    3.2.1 Kommentar merknad 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    3.3 Merknad 2: Koding

    Horten kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld koding av skjemaelement på nettstaden.

    Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden, men er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden
    Nr Side Element
    1 Side 7 Kjønn - radioknapp mann og kvinne
    2 Side 7 Val av kurs. Tidspunkt
    b) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 7 Fornavn/etternavn
    c) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer skjemaelementet
    Nr Side Element
    1 Side 3 og 5 Liker - Facebook

    3.3.1 Kommentar merknad 2

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for skjermlesarbrukarar.

    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn.

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Horten kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 18.08.2017.
    2. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017 Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Oslo, Bærum, Skedsmo, Sarpsborg, Moss og Horten.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.
    5. Førebels tilsynsrapport vart sendt 27.10.2017.
    6. Tilbakemelding frå kommunen motteke 20.11.2017.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Horten kommune sendte følgjande dokumentasjon:

    • Oversendingsbrev
    • Organisering og ansvar – styrande dokument for nettstaden
    • Informasjon om nettstaden
      • Kjente utfordingar
      • Plan for feilretting
      • Verktøy for kvalitetssjekk og forbetring
    • Oversikt over dei 15 mest besøkte sidene i august 2017
    • Avtale med ACOS 17.09.2014
    • Avtale med Siteimprove
    • Generell uttale frå ACOS om universell utforming av nettstader
    • Generell uttale frå Sem og Stenersen Prokom om universell utforming av skjema
    • Handbok for nettpublisering
    • Sjekkliste for kvalitet på nett 06.11.2015
    • Statussjekk universell utforming – ACOS – veke 36 i 2017
    • Generell uttale frå IST om universell utforming av nettstader