Hopp til hovudinnhald

Rapport frå sektortilsyn med opplæringssektoren Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

I 2023 har Uu-tilsynet gjennomført eit omfattande sektortilsyn med digitale løysingar brukt i grunnskulen. Gjennom kartleggingar, kontrollar og gjennomgang av forsking, har vi fått innsikt og ei grundig oversikt over utfordringane i sektoren.

Forord

I denne rapporten ser vi på nøkkelspørsmål knytt til universell utforming av ikt i opplæringssektoren, utfordringar og moglegheiter, og vi gir råd til sektoren og aktørar om kva tilsynet meiner skal til for å sikra ei inkluderande og rettferdig digital utdanning for alle.

Les forord

Innleiing

Utdanning er eit nøkkelgode. Alle barn i Noreg skal gjevast dei same moglegheitene til å utvikle sine ferdigheiter og gjere seg nytte av den opplæringa som vert gitt i skulen.

Les innleiing

Konklusjonar og råd om tiltak

Overordna kan vi konkludere med at digitalisering av skulen byr på moglegheiter til elevar med ulike føresetnader, men vi har ein lang veg å hente ut gevinstane og sikre at digitaliseringa kjem alle elevar til gode.

Les konklusjonar og råd om tiltak

Samandrag

Barn med funksjonsnedsettingar har større nytte av digitale løysingar og brukar digitale læremiddel i større grad enn elevar utan funksjonsnedsetting. På nokre område fungerer derimot dei digitale løysingane dårlegare for elevar med funksjonsnedsetting. Det trengst derfor meir kunnskap for å sikre at digitalisering av skulen kjem alle elevane til nytte.

Les meir i samandraget av rapporten

Politiske mål, strategiar og handlingsplanar

Kunnskapsløftet har som formål at alle elevar skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter og nødvendig kompetanse for å klare seg i livet. Alle skal få tilpassa opplæring og dei same moglegheitene.

Les om politiske mål, strategiar og handlingsplanar

Omfang av digitale løysingar i grunnskulen

For å sikre likeverdig tilgang til opplæring og utdanning er det svært viktig at alle digitale verktøy og læringsressursar, og ikkje berre digitale læremiddel, er universelt utforma og vert tekne i bruk i skulen på måtar som sikrar at alle har tilgang. Dette set krav både til utforming av løysingane og til kompetanse hjå skuleleiarar og undervisningspersonell.

Les omfang av digitale løysingar i grunnskulen

Brukarerfaringar med digitale løysingar i grunnskulen

Omfanget av bruk av digitale læremiddel aukar med klassestega, og bruk av digitale løysingar i norsk og matematikk vert meir variert jo eldre elevane er. Barn på mellomsteget brukar digitale løysingar til fleire aktivitetar enn i småskulen. Elevar i ungdomsskolen brukar digitale verktøy i om lag same volum som elevar på mellomsteget, men med litt andre føremål.

Les brukarerfaringar med digitale løysingar i skulen

Marknaden for digitale læremiddel

Både tilbod og etterspurnad spelar ei viktig rolle i dagens marknad. Tidlegare var marknaden for digitale læremiddel i hovudsak tilbodsdriven, dominert av leverandørsida. Etter kvart som lærarar, elevar og andre er meir kjende med digitale læremiddel, moglegheiter og utfordringar, er marknaden meir driven av etterspurnaden.

Les om marknaden for digitale læremiddel

Regelverket skal sikre lik rett til utdanning

Alle har rett til skulegang og utdanning. I dette kapittelet viser vi relevant regelverk som skal sikre elevane sine rettar og regelverket for universell utforming av digitale løysingar og læremiddel.

Les om at regelverket skal sikre lik rett til utdanning

Status for universell utforming av ikt

Sjølv om det sidan 2018 er stilt krav om at ikt-løysingar i skule og utdanning skal vere universelt utforma, viser analyse av data frå tilsynet sine kontrollar av digitale læremiddel i 2023, at det framleis er ein lang veg å gå.

Les om status for universell utforming av ikt

Korleis sikre at digitalisering av skulen kjem elevane til nytte?

Fleire studiar viser at det er behov for å utvikle undervisingspraksis som er meir innretta mot moglegheitene som ligg i digitale einingar. Samstundes kan bruk av digitale einingar verke forstyrrande på læring, konsentrasjon og merksemd.

Les om korleis sikre at digitalisering av skulen kjem elevane til nytte

Slik har vi jobba med sektortilsynsrapporten

Med formål om å sette saman eit breitt kunnskapsgrunnlag om digitalisering i skulen, identifisere viktige tiltak for å sikre likeverdig opplæring og bidra til ein nyansert og mest mogleg kunnskapsbasert debatt, har vi gjort omfattande undersøkingar og sett på ulike mål, rettar og krav i samanheng med djuptgåande analyser og vurderingar.

Les om korleis vi har jobba med rapporten

Referansar

Sjå referansar som blei brukt i rapporten.

Sjå referanseliste