Hopp til hovudinnhald
31. januar 2023

Vi har publisert tilgjengelegheitserklæring for uutilsynet.no og i dag bloggar vi om korleis vi har jobba med dette.

I fjor publiserte vi eit blogginnlegg om korleis vi jobba med tilgjengelegheitserklæringa vår, der vi gjekk igjennom heile prosessen med kartlegging, testing og kvalitetssikring av løysingane uutilsynet.no og uustatus.no - til utfylling, produsering og publisering av tilgjengelegheitserklæring for sistnemnde løysing. I oktober publiserte vi tilgjengelegheitserklæring for uustatus.no. No har vi også publisert tilgjengelegheitserklæring for uutilsynet.no.

Brot på tre krav

I arbeidet med tilgjengelegheitserklæringa har vi gått systematisk gjennom nettstaden vår for å sjå om alt innhald er i samsvar med krava. Undervegs i arbeidet fann vi feil som vi sjølv har retta, og feil som er sendt vidare til utviklar-teamet­ for retting. Vi har også funne nokre feil som vil ta lenger tid å rette, og som har høg prioritet i dei komande vekene. Totalt har vi erklært brot på 3 av 47 krav. Brota gjeld feil på suksesskriteria 1.4.3 Kontrast, 2.4.7 Synlig fokus og 3.1.2 Språk på deler av innhold. Vi har derfor starta ein dialog med vår leverandør for dei feila som leverandøren må rette, og vi har lagt ein plan for retting. Så vil vi oppdatere erklæringa fortløpande, etter kvart som feila blir retta.

Eit representativt utval

Vi testa på eit representativt utval av sidetypar og funksjonalitet på nettstaden vår. Dette har gjort oss bevisste på kvar vi har svakheiter i løysinga, og dermed kvar vi skal rette tilsvarande feil. Likevel kan det finnast brot på krava på sider me ikkje har testa. I erklæringa har vi svara så godt vi har kunna, basert på resultata frå testing, retting og retesting, men dersom brukarar oppdagar feil, ønskjer vi tilbakemelding på post@uutilsynet.no.

Vegen vidare

No er fristen for å publisere tilgjengelegheitserklæringar her, og mange har nok opplevd den siste tida som ein sprint. Men det er no den verkelege jobben startar.

Tilgjengelegheitserklæringane er eit augeblinksbilde av status for universell utforming i nettløysingane. Nettstader er dynamiske, og krava til universell utforming og tolkinga av desse vert utvikla heile tida. Det er derfor viktig å ha eit bevisst forhold til universell utforming, slik at ein held seg oppdatert på regelverket, får på plass gode rutinar, og heile tida jobbar for å oppretthalde og forbetre utforminga av nettløysingane.

Nettredaktør i tilsynet, Malin Øvrebø
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Øvrebø

Malin Øvrebø er nettredaktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Teknolog Rebecka Marie Nilsen
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Rebecka Marie Nilsen

Rebecka Marie Nilsen er teknolog i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattarar

Nettredaktør i tilsynet, Malin Øvrebø
Malin Øvrebø
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Teknolog Rebecka Marie Nilsen
Rebecka Marie Nilsen
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
13 + 7 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.