Hopp til hovudinnhald
24. november 2023

Tilgjengelegheitserklæringa skal oppdaterast jamleg, og minimum årleg. Kva betyr dette for kor grundig du må vere i testinga av nettstaden?

1. februar 2023 var ein merkedag for alle oss som jobbar med universell utforming på nett, og var nok ei vekkjar for mange andre. Dette var dagen alle offentlege nettstadeigarar skulle ha gjort opp status for universell utforming på sine nettstadar. Og ikkje berre dét, dette skulle erklærast via på nettstaden www.uustatus.no og erklæringa som då vart generert – tilgjengelegheitserklæringa – skulle vere publisert på den aktuelle nettstaden. Alt dette innan 1. februar altså.

Vedlikehald

Frøya kommune var først ute i november i fjor, og seinare kom både store og små offentlege verksemder på rad og rekkje. Dei aller fleste kom i mål innan fristen. I tillegg var det nokre som fekk alt på plass etter litt ekstra press og oppfølging frå Uu-tilsynet. Kommunar, fylkeskommunar, direktorat, fjellstyre og andre la ned ein formidabel innsats for å kartleggje, rette feil og erklære status. Det heile er rett og slett imponerande og har bidrege til å motverke digitalt utanforskap gjennom gjere nettinnhald universelt utforma.

På same måte som at du må halde ved like huset du bur i og det meste anna, så må også tilgjengelegheitserklæringa haldast ved like, men til skilnad frå eit hus, er dette vedlikehaldet pålagd. Forskrift om universell utforming av ikt (ikt-forskrifta) § 4e andre ledd slår fast at tilgjengelegheitserklæringa skal «oppdateres regelmessig, og minimum årlig».

I praksis skal du gjere dette

For mange nærmar eitt år seg med stormskritt. I praksis betyr dette at de må gjere opp status for nettstaden på nytt, registrere dette på www.uustatus.no og erstatte den publiserte lenka til den noverande erklæringa med den nye erklæringa. For vår eigen del oppretta vi den første tilgjengelegheitserklæringa for www.uutilsynet.no 27. januar 2023, men oppdaterte erklæringa 4. september 2023 etter at vi hadde retta ein del feil. Dette gjer at vi må oppdatere erklæringa på nytt seinast 3. september 2024.

Tusenkronersspørsmålet

Når du skal til å oppdatere erklæringa, kjem tusenkronersspørsmålet: Kor mykje arbeid må vi leggje ned i oppdateringa? Svaret på dette er diverre like kjedeleg som det er upresist – det kjem heilt an på.

Viss det ikkje har skjedd særleg med endringar på nettstaden sidan sist, treng du ikkje vere like grundig som om det har skjedd store endringar.

I blogginnlegget Kor ærleg skal eg vere? frå januar 2023, skreiv eg at ein skal gjere så godt ein kan, og heller supplere viss ein ikkje kom heilt i mål innan fristen. For å seie det på ein annan måte, no snart eit år seinare: Kom du ikkje i mål med ein grundig test innan 1. februar 2023, og heller ikkje har supplert erklæringa i ettertid, er tida inne no. Då kan det vere nyttig å sjå på artikkelen om korleis vi i Uu-tilsynet laga vår eiga tilgjengelegheitserklæring.

Dersom du allereie har gjort ei grundig kartlegging av status, og det ikkje i særleg grad har skjedd endringar, stiller det seg annleis. Då er det som utgangspunkt tilstrekkeleg med ei mindre grundig undersøking for å kontrollere om noko har endra seg.

Skjedd større endringar?

Har det derimot skjedd større endringar, bør du gå grundigare til verks, då dette aukar risikoen for at den første vurderinga ikkje lenger er representativ. For eksempel:

  • Endringar i publiseringsplattforma: Viss nettstaden er flytta til ei ny publiseringsplattform sidan førre oppdatering, eller det er gjort større oppdateringar på den eksisterande plattforma, talar dette for at ein bør gjere ei grundigare kartlegging.
  • Nye nøkkelpersonar: Viss det har kome inn nye personarar som held i tekstproduksjon, publisering osb. på nettsida kan dette tilseie at praksisen også har endra seg sidan sist gjennomgang. Dette talar då for ei grundigare kartlegging slik at eventuelle endringar reflekterast i tilgjengelegheitserklæringa.
  • Auka innhald: Viss det har kome til vesentleg med nytt innhald på nettsida, eventuelt at mykje (ofte gamalt) er fjerna, kan dette verke inn på tilgjengelegheita.
  • Mangelfullt sist gong: For mange kom 1. februar 2023 brått på, noko som resulterte i at testinga vart så som så. Viss det høyrest litt kjent ut at de fekk litt dårleg tid sist gong, talar dette i retning av at kontrollane bør vere litt grundigare enn elles denne gongen.

Større endringar er likevel ikkje einstydande med fleire feil. Viss ein i forkant av endringane har gjort avbøtande tiltak, slik som kunnskapsheving og innføring av tekniske eller manuelle kontrollmekanismar, gjer dette truleg at risikoen for brot tvert om har minska det meir endringar ein har gjort. Det er altså relevant å sjå til om endringane aukar risikoen for brot eller forventa samsvar.

Hald kontroll på status

Uavhengig av om endringane er til det verre eller det betre, skal likevel tilgjengelegheitserklæringa spegle realitetane på nettstaden. Det er derfor avgjerande at ein har kontroll på kva som er status for samsvar med krava til universell utforming. Viss det er gjort feilretting basert på ei kartlegging kan dette i mange tilfelle erstatte testing.

Her er det også viktig å ha med seg at det frå 1. februar 2024 kjem krav om synstolking av video publisert etter 1. februar 2024.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (2)

D

Dag

25. november 2023

Takk for påminnelsen, den er svært velkommen og til og med nødvendig.

Har dere planer til å sende påminnelser automatisk med tanke på at dere har strukturert informasjon om datoer i uustatus databasen?

Når jeg leser tilgjengelighetserklæringer, ser jeg ofte at folk prøver å spare tid og penger når de lager dem.
Det er kanskje ikke overraskende med tanke på økonomien, men hvor verdifulle er egentlig tilgjengelighetserklæringer som inneholder alt for lite informasjon og til og med skikkelige feil (som viser mangel på kunnskap)?

Er det planer om å undersøke kvaliteten på informasjonen i tilgjengelighetserklæringene?

Takk på forhånd, og jeg håper at de ansvarlige i offentlig sektor investerer mer i universell utforming i 2024.

In reply to by Dag (ikke verifisert)

S

Sigbjørn Råsberg

28. november 2023

Hei og takk for engasjementet!

Automatisk påminning gjennom uustatus er ein funksjonalitet vi i utgangspunktet har hatt lyst til å ha på plass, men som det ikkje har vore mogleg å prioritere hittil. Men det ligg på lista, og er noko vi ønsker å sjå på når vi får moglegheit til det.

Fram til no har Uu-tilsynet fokusert på å kontrollere om erklæring er produsert og publisert.

Webdirektivet som vart innført i 2021 inneheld krav om at tilsynet skal gjennomføre 240 forenkla og 30 inngåande kontrollar i året. Når tilsynet skal i gang med desse vil vi også kontrollere innhaldet i TE.

Vi ser at det å erklære status i seg sjølv har vore med på å auke medvitet i verksemdene kring universell utforming og behova dei som besøkjer nettstaden har. For brukarane er det viktig at innhaldet er rett.

Når innhaldet i erklæringane er mangelfullt, fell ein viktig funksjon av erklæringa vekk, og tilsynet vil derfor prioritere å følge opp dette framover.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
4 + 16 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.