Hopp til hovudinnhald

I oktober starta utrullinga av løysinga du skal bruke for å lage tilgjengelegheitserklæring for dine nettstader. Samtidig sette tilsynet opp ein liten konkurranse om kven som var først klar med erklæring, og allereie etter kort tid hadde Frøya kommune publisert, og fekk besøk og premie av tilsynet.

08. desember 2022
Margrethe Berg Goksøyr og Dag Ove Eggum frå tilsynet overrekker stor melkesjokolade til Line Helen Wedø Bårdsen i Frøya kommune.

I oktober lanserte vi i Uu-tilsynet ein liten konkurranse for å premiere verksemda som først var klar med å publisere ei tilgjengelegheitserklæring. Konkurransen gjekk samtidig som vi starta utrullinga av Digdirs nye løysing på uustatus.no, som er obligatorisk å bruke for å lage erklæring.

Etter berre ei veke hadde Frøya kommune publisert erklæring på nettstaden sin, og var derfor første ut og vinnar av konkurransen. Uu-tilsynet, representert av seksjonssjef for tilsyn, Margrethe Berg Goksøy, jurist Tom Nesvåg og prosjektleiar for utrulling av tilgjengelegheitserklæring, Dag Ove Eggum, reiste på besøk i november for å dele ut sjokolade og gode ord for arbeidet. Dei møtte nettredaktør Frode Larsen og digitaliseringsrådgjevar Line Helen Wedø Bårdsen.

– Frøya kommune har jobba godt og målretta med universell utforming og det er kjekt å sjå at dei har teke uustatus.no raskt i bruk. Framleis er det fleire som ikkje har logga seg inn, men vi reknar med mange er i gang med forarbeidet som er å teste nettstadane sine. Vi håpar at verksemdene kjem i mål og brukar rettleiinga vår på uutilsynet.no. Dei kan gjerne ta kontakt med oss i tilsynet der som det er spørsmål enten teknisk eller juridisk, seier prosjektleiar Dag Ove Eggum.

Kravet om å ha tilgjengelegheitserklæring for å vise status på universell utforming av din nettstad, kjem fra EUs webdirektiv. Tidsfristen er å ha publisert erklæring frå 1. februar 2023 og gjeld verksemder i offentleg sektor.