Hopp til hovudinnhald
04. januar 2023

Vi skriv 2023, og 1. februar nærmar seg med stormskritt. For mange av dykk som les dette betyr det éin ting: Overgangsperioden for nytt regelverk og krav om tilgjengelegheitserklæring går ut. I samband med dette får eg stadig oftare spørsmål om kva som skjer etter 1. februar, og då særleg med dei som ikkje har publisert tilgjengelegheitserklæring eller som har erklært brot på regelverket.

Berre for å ta det med ein gong: Det er ikkje slik at det å erklære brot på minstekrava automatisk fører til eit varsel om dagbøter frå oss. I første omgang kjem vi til å kontrollere om det i det heile er publisert tilgjengelegheitserklæring, og på sikt kan det bli aktuelt med sanksjonar, men enn så lenge prioriterer vi rettleiing. Kontrollar med innhaldet i erklæringane kjem tidlegast i 2024.

Vi skal likevel gjennomføre ordinære tilsyn i 2023, og desse kan sjølvsagt føre til pålegg om retting og om nødvendig dagbøter. Det er ikkje varsla tilsyn for 2023 enno, men det er allereie klart at vi held fram med søkelys på opplæringssektoren.

Medvit

Noko av føremålet med tilgjengelegheitserklæringa er å auke medvitet hjå systemeigarar. Dei har ansvar for å sikre at løysingane dei gjer tilgjengelege møter minstekrava til universell utforming.

Sjølv om mange refererer til «det nye kravet om universell utforming», så er det viktig å få fram at dette ikkje på nokon måte er noko nytt. Rett nok har det ikkje før no vore krav om tilgjengelegheitserklæring, og det har kome tolv nye tekniske krav med overgangen frå WCAG 2.0 til WCAG 2.1. Men allereie i 2013 kom forskrift om universell utforming av ikt-løsninger (ikt-forskrifta) med 35 tekniske krav. Dette gir verksemdene som har jobba systematisk med universell utforming ein fordel i arbeidet med å utarbeide ei tilgjengelegheitserklæring. Eit eksempel på dette er Frøya kommune, som var først ute med å publisere tilgjengelegheitserklæring – berre éi veke etter lansering av løysinga for tilgjengelegheitserklæringa. Dette var mogleg fordi Frøya over tid har jobba aktivt med universell utforming av nettløysingane sine.

Det å vite status for løysingane er eit viktig første steg, og ein føresetnad, for å kunne rette feil. Det er på mange måtar meir alarmerande dersom ei løysing ikkje har tilgjengelegheitserklæring, enn om ei løysing erklærer nokre brot på minstekrava.

Kunnskap

Dette tek meg over til kva som skjer dersom du i testinga av nettløysinga di avdekker brot på minstekrava. Som eg var inne på innleiingsvis er det ikkje slik at det å erklære brot på minstekrava automatisk fører til sanksjonar. Mange vil kanskje kalle det eit paradoks, men Uu-tilsynet har faktisk sjølv erklært nettstaden www.uustatus.no med brot på 7 av 47 krav.

Les artikkelen om korleis Uu-tilsynet laga tilgjengelegheitserklæring for eigne løysingar

Før du eventuelt erklærer feil i løysinga, bør du først undersøke om det let seg gjere å rette feilen – enten sjølv eller ved å melde frå til leverandøren dersom det er aktuelt.

Dersom du ikkje får retta feilen, kan det hende at det går inn under eit av unntaka i ikt-forskrifta § 4c. Alternativt kan du vurdere om det å møte kravet kan reknast som uhøveleg stor byrde, jf. ikt-forskrifta § 1. Viss ikkje, må det erklærast som eit brot. I tilgjengelegheitserklæringa kan du då gjere greie for bakgrunnen for brotet og korleis det eventuelt skal rettast. Vidare kan du gjere greie for korleis innhaldet er tilgjengeleg på andre måtar.

Gjer så godt de kan

Det er viktig å understreke at det lønner seg å vere ærleg om status for nettløysingane, og at openheit ikkje i seg sjølv fører til sanksjonar. Så veit vi at det er ein del verksemder som er avhengige av ekstern bistand og testrapportar frå leverandørar. Ikkje alle klarer å få dette på plass til fristen 1. februar, sjølv om dei har vore ute i god tid. Til dei av dykk som «står i kø» for slik testing, eller av andre grunnar ikkje føler dykk klare til fristen, er mi klare oppmoding at de må gjere så godt de kan.

Tilgjengelegheitserklæringa er eit arbeidsdokument som skal oppdaterast minimum årleg. Erklær derfor det de har status for. Er det noko de ikkje har fått testa skikkeleg enno? Skriv det i tilgjengelegheitserklæringa og gje eit estimat for når de reknar med å ha resultata klare og kan oppdatere erklæringa. Så supplerer de heller erklæringa når de har kome lenger i arbeidet med å gjere opp status og publiserer erklæringa på nytt.

Lukke til med innspurten til 1. februar – og hugs å spare krefter til maratonen som tek til med ein gong etterpå!

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (2)

J

Johannes Nag

04. januar 2023

Takk for fint innlegg! Eg meiner eg høyrte fra ei som jobba fram wad-direktivet i EU at det ikkje var intensjonen at innhold no blir fjerna hvis det ikkje er godt nok. Vi må passe oss for å ikkje gje eit dårligare tilbod for alle i vår iver etter å gje likeverdige tilbud?

In reply to by Johannes Nag (ikke verifisert)

S

Sigbjørn Råsberg

04. januar 2023

Takk for det, Johannes.

Som du er inne på er føremålet med WAD å gjere innhaldet på offentlege nettstadar meir tilgjengeleg for brukarane. Av-publisering av innhald er ikkje nødvendigvis den beste løysinga på dette, då for eksempel rettleiingsplikta uansett gjer seg gjeldande.

Vår tilråding er at viss det er meir som ikkje er i samsvar med krava enn det ein har kapasitet til å rette, så bør ein starte med å gjere ei vurdering av kva som er viktigast å prioritere først. Denne prioriteringa kan for eksempel gå på volum, målgruppe, aktualitet eller anna.

Vidare må det gå fram av tilgjengelegheitserklæringa viss det er noko som bryt med krava.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 13 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.