Hopp til hovudinnhald

Sosiale medium og universell utforming

Innhald på sosiale medium skal vere universelt utforma, på same måte som i andre nettløysingar. Pass på at alle brukarane dine får tilgang på den same informasjonen, også på sosiale medium.

Regelverket for universell utforming på sosiale medium gjeld ikkje privatpersonar, men offentlege og private verksemder, lag og organisasjonar.

Summen av kanalane du brukar skal gi lik tilgang til informasjon for alle. Det kan gjere det enklare å spreie bodskapen til fleire brukarar og generere meir trafikk til heimesida di.

Slik sikrar du at du når alle i målgruppa di:

  • Bruk ein nettstad som hovudkanal.
  • Bruk sosiale medium som eit supplement for å spreie informasjon og generere meir trafikk til heimesida.
  • Unngå å publisere innhald eksklusivt på sosiale medium.
  • Bruk fleire kanalar for å nå flest mogleg brukarar.
  • Vurder å samle aktivitet på sosiale medium på ei eiga side på nettstaden for å flytte samfunnsdebatten inn til heimesida, og slik at brukarar av heimesida kan sjå kva som skjer i andre kanalar.

Når du skal legge ut informasjon, tenk etter:

  • Kva vil eg kommunisere?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva kanal er rett for dette bodskapet?
  • Får alle tilgang til det eg legg ut?

Gjer innhaldet universelt utforma:

  • Bilete skal ha alt-tekst slik at dei som ikkje ser, kan få lese opp kva biletet viser.
  • Unngå bilete av tekst. For tabellar og liknande der informasjonen er skriven inne i biletet, må den same informasjonen gis som alt-tekst eller i bileteteksta.
  • Sørg for god kontrast mellom tekst og bakgrunn, også i bilete av tekst.
  • Tekst videoar som er førehandsinnspelt.
  • Lag tekstleg alternativ til førehandsinnspelte lydopptak, for eksempel podkastar.
  • Gjer elektroniske dokument, for eksempel PDFar, universelt utforma før du lastar opp eller lenkar til dei.
  • Unngå innhald som glimtar.
  • Formuler lenker slik at brukarane får informasjon om formålet med lenka.
  • Bruk eit klart og tydeleg språk.