Hopp til hovudinnhald
14. august 2026

Ein elev skal ikkje vere avhengig av å møte den rette læraren, gå på den rette skulen eller ha foreldre som kan kjempe for å få den hjelpa eleven treng. Likevel tyder fleire kunnskapsgrunnlag på at nettopp slike forhold framleis kan vere avgjerande. 25 år etter at NOU’en «Fra bruker til borger» må vi spørje: Kvifor blir ansvaret for inkludering framleis lagt på eleven og familien, når vi så lenge har visst at barrierane må løysast på systemnivå?

Denne veka deltok eg i ein debatt i regi av Dysleksi Norge under Arendalsuka om kor tilgjengeleg skulen er for elevar med lærevanskar.

Ni personar på scena i debatt under Arendalsveka, inkludert ordstyraren heilt til venstre. Bilde tatt frå bak i teltet, med ryggen til publikum i forgrunnen.
Frå debatten i Arendal. Frå venstre: ordstyrar Rita Lie, statssekretær Synnøve Skaar, generalsekretær i Dysleksi Norge Caroline Solem, forbundsleder i Skolelederforbundet Mona Søbyskogen, tilsynsdirektør i Uu-tilsynet Malin Rygg, stortingsrepresentant for Høyre og leiar i Stortingets utdannings- og forskningskomité Mathilde Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Rødt og medlem i stortingets utdannings- og forskningskomité Hege Bae Nyholt, administrerande direktør i Maskinentreprenørenes forbund Julie Brodtkorb og 2. nestleiar i Utdanningsforbundet Thom Jambak.

Utgangspunktet var mellom anna skulelydboksaka, og kor viktig tilgang til lydbøker og andre tilgjengelege læremiddel er for elevar med dysleksi og andre lesevanskar. Men debatten handla om noko større: Korleis sikrar vi at alle elevar får reelle moglegheiter til å lære, meistre og delta i skulen – også når dei har andre føresetnader enn fleirtalet?

25 år seinare: Kven ber ansvaret?

I 2001 kom NOU 2001:22 Fra bruker til borger – En strategi for nedbygging av funksjonshemmende barrierer. Utvalet tok utgangspunkt i målet om full deltaking og likestilling, men konstaterte eit stort gap mellom dei politiske måla og røynda.

Eit hovudpoeng var at barrierane ikkje berre måtte forståast som eit problem for den enkelte, men som eit resultat av korleis samfunnet er utforma. Omsynet til ulike føresetnader måtte inn som ein premiss når vi utviklar system og løysingar. Utvalet understreka at hovudutfordringane var knytte til samfunnsutforminga, og at formell likestilling ikkje var tilstrekkeleg. Målet måtte vere reelle moglegheiter til deltaking. Dette perspektivet var også ein del av grunnlaget for regelverket om universell utforming av ikt som kom i 2013.

25 år seinare er problemstillinga framleis aktuell. Den nye NOU 2026:10 om fellesskulen understrekar at inkludering ikkje berre handlar om å vere fysisk til stades i same klasserom. Det handlar også om i kva grad elevane arbeider og lærer saman, utviklar relasjonar og opplever meistring saman med andre.

Samtidig peikar utvalet på at det framleis er utfordrande å få til ei tilpassa opplæring der kvar elev får tilfredsstillande utbytte og blir inkludert i læringsfellesskapet.

Dette er eit viktig utgangspunkt for diskusjonen om dysleksi og lærevanskar, men også for situasjonen til elevar med nedsett funksjonsevne meir generelt.

Sektortilsynet viser svikt på systemnivå

I 2024 la Uu-tilsynet fram ein rapport frå sektortilsynet: Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

Konklusjonen vår var at teknologi og digitalisering gir store og nye moglegheiter for læring og meistring for elevar med ulike føresetnader. Men vi fann også at mykje manglar for å sikre at alle barn og unge kan delta på likeverdige vilkår.

Dette handlar ikkje berre om feil i enkelte digitale læremiddel. Funna viser at det sviktar i mange delar av systemet rundt eleven.

Ingen av dei digitale læremidla eller dei andre digitale løysingane vi kontrollerte gjennom tilsyn og klagesaker, møtte alle minstekrava vi kontrollerte. Berre 12 prosent av grunnskulane vurderte at dei hadde tilstrekkeleg kompetanse på universell utforming av ikt. Færre enn 20 prosent av skuleleiarane la vekt på personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming ved val av læremiddel.

Vi fann også at skulane mangla system og kompetanse til å ta teknologien i bruk på ein inkluderande måte. Elevar med funksjonsnedsetting rapporterer å ha større nytte av digitale løysingar enn andre elevar, men universell utforming og samspel med hjelpemiddel er ei utfordring. Nokre elevar er avhengige av inkluderande teknologi for i det heile å kunne delta i den ordinære undervisninga.

Når noko ikkje fungerer, er også klagesystemet fragmentarisk og tidkrevjande. Elevar risikerer å gå glipp av undervisning og læring medan saka deira blir behandla. Ein ungdomsskuleelev har ikkje tid til å sitte dag for dag i månadsvis eller år for å komme i gang med læringa si.

Skjerm eller bok er ikkje det viktigaste spørsmålet

Den nye fellesskuleutgreiinga viser til forsking som finn betre leseforståing på papir for lengre og meir komplekse tekstar. Utvalet meiner også at lærarane bør ha betre tilgang til trykte læremiddel og kunne velje dei når dei meiner det gir best opplæring.

Dette er viktig kunnskap som skulen må ta på alvor. Men ein generell diskusjon om «skjerm eller bok» fangar ikkje mangfaldet i elevgruppa. For nokre elevar fungerer papir best. For andre kan lyd, tekst-til-tale, skjermlesar eller andre digitale funksjonar vere avgjerande for å få tilgang til lærestoffet.

I undersøkinga som Proba samfunnsanalyse gjennomførte som del av sektortilsynet, svarte 56 prosent av føresette til barn med funksjonsnedsetting at barnet føretrekte digitale læremiddel framfor analoge. Blant føresette til barn utan funksjonsnedsetting var delen 45 prosent. Samtidig brukte 36 prosent av elevane med funksjonsnedsetting eller lærevanskar hjelpemiddel saman med digitale løysingar.

For at slike hjelpemiddel skal fungere godt, er dei ofte avhengige av at dei digitale løysingane er universelt utforma. Uu-tilsynet fann at manglande inkludering kan skape unødvendige skilje mellom elevar.

Dette illustrerer kvifor likeverdig opplæring ikkje nødvendigvis betyr at alle elevar skal bruke same løysing på same måte. Teknologi er eit hjelpemiddel, ikkje eit mål i seg sjølv. Det avgjerande er om læremiddelet og undervisninga gir eleven tilgang til det faglege innhaldet, og reell moglegheit til å lære og delta.

Like rettar kan ikkje vere eit spørsmål om flaks

Dysleksi Norge sin ferske rapport Kompetansestatus 2 finn mange liknande utfordringar. Blant anna meiner 41 prosent av rektorane i undersøkinga at elevar som har krav på individuelt tilrettelagt opplæring, ikkje får oppfylt rettane sine. Skuleleiarane anslår også at 61 prosent av elevar med dysleksi, dyskalkuli og DLD har behov for intensiv opplæring, men at mange ikkje får det.

Når kompetansen og systema ikkje er gode nok, blir oppfølginga personavhengig. Kva oppfølging eleven får, kan bli påverka av kva skule eleven går på, kva læraren kan om lærevanskar og funksjonsnedsetting, og om skulen kjenner til og kan bruke aktuelle hjelpemiddel.

Når systemet ikkje sikrar rettane godt nok, får også ressursane rundt barnet større betydning. Foreldre som sjølve må finne fram til rettar og hjelpemiddel, forstå teknologien, følge opp skulen og drive saka framover, har svært ulike føresetnader for å lykkast. Mange elevar og foreldre opplever å stå aleine med utfordringane.

Barn kjem til skulen med ulike føresetnader. Forskjellane handlar ikkje berre om funksjonsevne eller lærevanskar, men også om økonomi, levekår, helse, språk og ressursane i familien. Dersom eit tilgjengeleg og likeverdig opplæringstilbod i praksis blir avhengig av kva foreldra kan bidra med, risikerer skulen å forsterke forskjellar som allereie finst utanfor skuleporten.

For inkludering handlar om meir enn tilgang til læremiddel og hjelpemiddel.

I debatten i Arendal sette Julie Brodtkorb ord på ein viktig dimensjon: kva det gjer med eit barn å møte manglande meistring igjen og igjen gjennom skulegangen.

Skulen skal gi elevane kunnskap og ferdigheiter og stille krav. Samtidig må elevane få reelle moglegheiter til å utvikle og vise den kompetansen dei har.

At ein elev har tilgang til eit læremiddel eller er til stades i undervisninga, betyr ikkje nødvendigvis at eleven opplever meistring, deltaking og inkludering.

Målet må vere at elevar med ulike behov så langt som mogleg kan lære, arbeide og oppleve meistring som ein del av det same fellesskapet. Det er eit bærande prinsipp i fellesskulen, og eit viktig perspektiv i diskusjonen om digitalisering.

Vi treng meir kunnskap om kva som verkar

Eit viktig funn i sektortilsynet var at vi manglar kunnskap om kva tiltak som har størst effekt for å klare å inkludere fleire. Teknologien har gitt elevar med funksjonsnedsetting og lærevanskar mange nye moglegheiter. Sjølv om mykje har skjedd sidan Fra bruker til borger vart lagt fram i 2001, viser sektortilsynet likevel at det framleis finst barrierar som hindrar elevar å delta på likeverdige vilkår.

Den forskingsbaserte kunnskapsoppsummeringa som låg til grunn for sektortilsynet, peikar mellom anna på behov for meir kunnskap om pedagogisk praksis og didaktisk tilrettelegging ved omfattande bruk av digitale einingar, digitale økosystem og inkludering og ekskludering i skulen. Skjermbrukutvalet har også etterlyst meir kunnskap om god digital undervisningspraksis.

Teknologien er ikkje pedagogikkens fiende. Brukt rett er universelt utforma digitale løysingar eit viktig og nødvendig bidrag for å skape større likskap i skulen. Men det er ikkje nok at digitale læremiddel teknisk sett oppfyller krava til universell utforming. Vi må også vite meir om korleis teknologi, læremiddel og hjelpemiddel skal brukast pedagogisk for å gi inkluderande opplæring i praksis.

Skal vi lukkast med å utvikle ein meir inkluderande skule over tid, må tiltaka vere kunnskapsbaserte. Vi må vite meir om kva som faktisk verkar for ulike elevar, særleg for elevar med lærevanskar eller nedsett funksjonsevne og behova deira for inkluderande bruk av digitale løysingar.

Meistring i skulen betyr noko for vegen vidare

Fellesskuleutvalet peikar på at skulefråvær, låg skulemeistring og fråfall kan vere risikofaktorar for seinare utanforskap, medan tilknyting til skulen og gjennomført utdanning er sentrale beskyttande faktorar.

NOU 2019:2 om framtidige kompetansebehov peikar på at dei som sluttar i vidaregåande opplæring, har større sannsynlegheit for å stå utanfor både arbeid og utdanning. Som Julie Brodtkorb peika på i debatten på Arendalsveka, kan overgangen frå yrkesfag til arbeidsliv bli vanskelegare dersom vurderingsformene i praksis måler lærevansken eller funksjonsnedsettinga, i staden for kompetansen eleven skal dokumentere.

Utgreiinga viser også til at personar utan fullført vidaregåande har høgare arbeidsløyse og er overrepresenterte på ulike trygdeordningar.

Dei ferskaste tala frå NAV viser at 110 000 unge mellom 20 og 29 år stod utanfor arbeid eller utdanning ved utgangen av 2025, som er 15,6 prosent av aldersgruppa. Det var 4000 færre enn året før, så utviklinga går i rett retning. Men talet viser framleis omfanget av utfordringa.

Årsakene er mange og samansette. Men kunnskapen om betydninga av meistring, fullført utdanning og tilknyting til skulen viser kvifor det er så viktig å fjerne barrierar tidleg.

Det er i skulen vi legg mykje av grunnlaget for at barn og unge skal få utvikle og bruke potensialet sitt vidare i utdanning, arbeidsliv og samfunn.

25 år seinare: Systema må ta høgde for mangfaldet

Det har skjedd mykje sidan Fra bruker til borger vart lagt fram i 2001.

Vi har fått eit sterkare regelverk. Universell utforming er etablert som eit verkemiddel for likestilling og deltaking. Digital teknologi har gitt moglegheiter til å presentere og tileigne seg informasjon på måtar som var langt mindre tilgjengelege for 25 år sidan.

Men den grunnleggande utfordringa som NOU-en peika på i 2001, er framleis relevant: Dersom systema blir utforma for ein førestilt «normalbrukar», tek den ikkje høgde for mangfaldet og kan skape barrierar for dei som har andre føresetnader. Då blir det den enkelte som må kompensere og tilpasse seg i etterkant.

Den samla konklusjonen i vårt sektortilsyn var at det manglar ei heilskapleg og systematisk tilnærming for å sikre at like moglegheiter for alle blir ein realitet. Konsekvensen er at eleven og foreldra sjølve blir sittande med ansvaret for å få læringssituasjonen til å fungere, og dette utfordrar retten til likeverdig opplæring og utdanning.

Funna peikar på fleire område som må sjåast i samanheng: kvalitet og universell utforming i læremidla, kompetanse og ansvar ved innkjøp, lærarane sin kompetanse, tilgang til hjelpemiddel, inkluderande pedagogisk praksis, effektive ordningar når noko ikkje fungerer, og eit betre forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling.

Likeverd betyr ikkje at alle elevar skal lære på same måte eller bruke dei same løysingane. Det betyr at systemet må ta høgde for ulike føresetnader og gi kvar elev reell tilgang til læring og deltaking.

Det er viktig for den enkelte eleven. Men det er også viktig for fellesskapet.

Som samfunn treng vi at kvar og ein får moglegheit til å utvikle og bruke evnene og kompetansen sin. Og kvar og ein treng moglegheita til å vere ein del av fellesskapet, men det kan ikkje vere eit spørsmål om flaks.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Skriv ny kommentar

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.