Hopp til hovudinnhald
03. juli 2019

Denne veka vart forslag til gjennomføring av EUs webdirektiv i Norge lagt ut på høyring. Lovforslaget skal gjelde både privat og offentleg sektor. Vi ber spesielt private verksemder om innspel.

I Norge har vi vore eit steg foran og hatt eit regelverk om universell utforming av ikt sidan 2013, men med EUs webdirektiv vil det norske regelverket endre seg, og vi håpar at så mange som mogleg og særleg private verksemder spelar inn kva de tenker om dette.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har utarbeidd eit høyringsnotat, i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet.

Høyringsnotatet ligg på Regjeringen.no

Les meir på våre sider om høyringa og endringar i regelverket.

God sommar vidare!

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 12 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.