Hopp til hovudinnhald
28. oktober 2022

På lik linje med andre offentlege tilsyn, er også Tilsynet for universell utforming av ikt sett til å handheve norsk rett i samsvar med gjeldande skrivne og uskrivne forvaltningsrettslege prinsipp. Så kva går då vårt internasjonale arbeid ut på?

Utsiktsbilde over Mont des Arts Park med Statue du Roi Albert 1er og Town Hall tower i Brussel i bakgrunnen.

Ein seier gjerne at «no man is an island», og det gjeld også for rettslege reguleringar, sjølv om det er soleklart at det er norsk rett som gjeld i Noreg. Over mange hundre år har norsk rett på dei fleste område blitt påverka og inspirert av korleis ein gjer det i andre land. Til dømes henta Magnus Lagabøtes by- og landslover frå andre halvdel av 1200-talet inspirasjon frå allereie etablert lovgjeving i både Nord- og Sør-Europa. Vidare er det eit nordisk lovsamarbeid på ei rekke rettsområde, til dømes avtalar, arv og ekteskap, som i praksis inneber at regelverka er svært like på tvers av landegrensene.

Internasjonalisering er altså ikkje noko nytt, og det gjer seg i aller høgste grad også gjeldande på området universell utforming av ikt. Så sjølv om både rettleiinga vår, vedtaka, ikt-faglege uttaler til Diskrimineringsnemnda med meir, byggjer på norske lover og forskrifter, så er det ikkje til å kome unna at dette igjen ofte byggjer på internasjonalt arbeid.

Tekniske krav på tvers av landegrenser

Dei tekniske krava for appar og nettstadar som forskrift om universell utforming av ikt byggjer på, WCAG 2.0 og 2.1, er utarbeidde av det internasjonale World Wide Web Consortium (W3C). Vidare har nok mange fått med seg forskriftsendringa som tok til å gjelde frå 1. februar i år som følgje av innføringa av EUs Webdirektiv (WAD). Neste direktiv ut i rekka av internasjonal påverking, er EUs Tilgjengelegheitsdirektiv (EAA), som etter planen skal tre i kraft sommaren 2025. Slik er EU er ein heilt sentral premissgjevar også i norsk rett.

I praksis ser vi at internasjonalt arbeid er den viktigaste pådrivaren for regelverksutvikling i norsk rett. Dette er naturleg, då ikt-løysingane ofte opererer heilt eller delvis på tvers av landegrenser. Som ein følgje av dette, har tilsynet teke ei aktiv rolle i arbeidet som skjer internasjonalt for å kunne ta del i utforminga.

Internasjonalt på fleire frontar

Vi jobbar internasjonalt på mange ulike frontar – i både formelle og uformelle nettverk. Til dømes deler vi erfaringar med andre myndigheitsorgan i det nordisk-baltiske nettverket (NOBAN), og vi deltek i EUs ekspertgruppe for WAD (WADEX). I dei fleste tilfella ser vi dei same problemstillingane på tvers av landegrensene, og då er dette viktige forum for å dele tolkingar og moglege løysingar.

Vidare bidreg vi aktivt inn i relevante internasjonale høyringar. Eit konkret døme på dette er arbeidet som går med å utarbeide ein ny versjon 3.0 av WCAG. Dette er eit arbeid der resultatet ligg langt fram i tid, men det er likevel viktig å delta no. Når dei tekniske krava først er på plass, er det for seint å gjere endringar.

Regelverket for universell utforming av ikt bygger i stor grad på, eller viser til, internasjonale tekniske standardar. Til dømes er den europeiske standarden EN 301 549 v3.2.1 (PDF-versjon / Word-versjon) sentral i gjennomføringa av WAD, og dei komande åra kjem det til å både bli gjort tilpassingar av eksisterande standardar, og det vil bli utarbeida nye standardar knytt til tilgjengelegheitsdirektivet (EAA). Uu-tilsynet ynskjer å vere så tett som mogleg på denne typen arbeid, for på den måten å kunne dele erfaringar og sikre at våre behov blir tekne vare på.

I tillegg til å svare på høyringar, er den mest openberre måten å påverke dette arbeidet gjennom å delta i standardiseringskomitéar. Det er desse komitéane som arbeidar aktivt med korleis krava skal utformast og kva som skal regulerast i standardane. Uu-tilsynet har derfor eit mål om å delta i relevante standardiseringskomitéar.

Leiar av SAGA

Når det kjem til standardisering, sit uu-tilsynet i ein unik posisjon gjennom at tilsynsdirektøren, Malin Rygg, er convenor (leiar) for Strategic Advisory Group on Accessibility (SAGA). Dette er eit rådgjevande strategisk organ for dei to europeiske standardiseringsorganisasjonane CEN og CENELEC. SAGA er sett saman av ekspertar på universell utforming frå heile Europa, representantar for EU-kommisjonen, brukarorgansisasjonar med fleire. SAGA arbeider med universell utforming i vid forstand – ikkje berre ikt. Dei komande åra kjem likevel arbeidet med tilgjengelegheitsdirektivet (EAA) til å stå sentralt i SAGA, noko som gjer at universell utforming av ikt blir langt framme på dagsorden. Arbeidet med dette vart for alvor sparka i gang denne veka då SAGA hadde eit to-dagars møte og workshop i Brüssel om det komande arbeidet med harmoniserte standardar til EAA. Her deltok nokre av dei fremste fagpersonane i Europa innan standardisering og universell utforming for å førebu arbeidet med utarbeiding av nye standardar og revidering av eksisterande.

SAGA set oss i ein nøkkelposisjon til å vere tett på både pågåande prosessar og dei fremste fagpersonane innan universell utforming i Europa. Saman med anna internasjonalt arbeid gjer det oss i stand til å lære av dei beste, unngå andre sine feil og dele vår kompetanse og erfaring.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 3 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.