EU vil ha like krav til tilgjengelegheit i heile marknaden. Det er bra for leverandørar som vil selje på tvers av land, og endå betre for folk som i dag møter digitale stengsel i kvardagen. EAA er på veg.
Digital inkludering er ikkje noko pynt vi kan ta fram når vi får tid. Det er sjølve nøkkelen til å få det digitale samfunnet til å fungere for alle. EU har kalla dette tiåret for det digitale tiåret, og har digital inkludering som ein føresetnad for å kome i mål innan 2030. Altså: dette er ikkje valfag. Dette er planen.
Noreg er ein av verdens mest digitaliserte land, og mange ting har blitt mykje enklare for dei fleste – Vipps, skattemelding, e-resept, videolege og alt det der. Men vi ser også baksida: folk som ikkje kjem seg på bussen fordi billetten berre finst i ein app, som ikkje får handla på nett utan hjelp, eller som gir opp nettbanken før dei har kome til «logg inn». Det er ikkje fordi folk er «dårlege på data». Det er fordi løysingane ikkje er gode nok for folk.
I EU har dei derfor innført EAA – det europeiske tilgjengelegheitsdirektivet. Det set krav til viktige produkt og tenester i privat sektor, som bank, transport og netthandel. Målet er enkelt: færre hinder, fleire med. Og ja, det handlar også om marknad: EU vil ha like krav på tvers av land, så du skal kunne selje i Europa utan å lure på kva som gjeld kvar gong du får kundar i eit nytt land.
Eg var nyleg i London på TechSharePro 2025, den største tilgjengelegheitskonferansen i Europa. Når eg ser at aktørar som Microsoft, Meta, Amazon og Google er der – så er det fordi dei ser tilgjengelegheit som ein konkurransefordel. Eg deltok i panel med myndigheitsorgan frå Nederland (som allereie har innført EAA) og der var beskjeden heilt på linje med det vi har sagt i Norge sidan 2013: start med universell utforming no. Finn avvika, lag ein plan, og dokumenter jobben. Det er mykje enklare å vere føre var enn å springe etter med brannsløkkar.
Og berre så vi har det på det reine: EAA er ikkje det same som webdirektivet (WAD). WAD gjeld nettsider og appar og har vore i Noreg sidan 2022. EAA gjeld fleire typar produkt og tenester. Same tanken, større verktøykasse.
EAA er ikkje innført i Noreg enno, men det kjem. Så ja: keep calm and carry on – men med tilgjengelegheit på to-do-lista di, ikkje som ein god intensjon du aldri heilt får tid til. For dette handlar ikkje om ekstra pynt. Det handlar om at folk skal få leve liva sine utan å måtte be om digital hjelp til kvar minste ting. Og det er eigentleg ganske rimeleg.
Les også artikkelen til jurist i tilsynet Sigbjørn Råsberg i Lov og data, publisert i september 2025.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.