Ni av ti innbyggarar brukar digitale løysingar i helsesektoren. Samtidig møter mange barrierar, og ingen av løysingane Uu-tilsynet har kontrollert, oppfyller alle krava til universell utforming. Det viser eit nytt sektortilsyn.
For første gong har Uu-tilsynet gjort ein systematisk gjennomgang av korleis innbyggarane møter digitale løysingar i helsesektoren. Tilsynet har undersøkt erfaringane til innbyggarane, kontrollert appar, nettstader og dokument og innhenta erfaringar frå verksemder og brukarorganisasjonar.
– Digitale helsetenester fungerer godt for mange, men ikkje for alle. Når stadig fleire tenester berre finst digitalt, blir tilgangen til teknologien også ein tilgang til helsehjelp. Då må løysingane fungere for heile befolkninga, seier Malin Rygg, tilsynsdirektør i Uu-tilsynet.
Resultata
Dei fleste brukar digitale helseløysingar utan store problem, men 18 prosent møter minst éin barriere. Det svarer til så mange som 750 000 personar.
Personar med låg digital kompetanse, låg helsekompetanse, enkelte funksjonsnedsettingar eller manglande elektronisk ID møter barrierar oftare enn andre.
Eit sentralt problem er å finne fram blant dei mange digitale løysingane. Det finst over 7 300 digitale løysingar i helsesektoren, og om lag 800 av dei er retta mot innbyggarane. Av dei som opplever vanskar, er 53 prosent usikre på kva teneste dei skal bruke. Andre møter tekniske feil, vanskeleg språk eller manglande universell utforming. BankID er også ei hindring for mange. Ein av tre brukar kunstig intelligens for å finne og forstå helseinformasjonen.
Ingen oppfyller alle krava
Uu-tilsynet har kontrollert appar, nettstader og dokument i helsesektoren. Ingen av dei kontrollerte løysingane oppfyller krava til universell utforming som inngjekk i kontrollane.
Barrierane kan få store konsekvensar. Nær ein av fem som møter barrierar, får ikkje fullført det dei prøver å gjere. Ni prosent må dele personopplysningar med andre for å få hjelp, medan 21 prosent får mindre tillit til dei digitale tenestene.
Digital inkludering er også beredskap
Digitale løysingar er i ferd med å bli kritisk infrastruktur. I ei krise må viktig informasjon og helsehjelp kunne nå heile befolkninga, uavhengig av funksjonsevne, språk og digital kompetanse. Rapporten peikar derfor på universell utforming og digital inkludering som ein del av arbeidet med beredskap.
Fire råd til sektoren
Uu-tilsynet gir i rapporten fire råd til helsesektoren:
- Sikre likeverdige helsetenester i ei digital tid.
- Gjer universell utforming til ein del av den strategiske styringa.
- Tenestetilbydarar og leverandørar må styrke arbeidet med universell utforming.
- Bygg ein universelt utforma digital infrastruktur som del av totalberedskapen.
Les rapporten
Les heile rapporten: «Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?»
På temasida om helse finn du statistikk og korte versjonar av funna.
Les også ein artikkelen: «Sjukt digital – historia om korleis helsesektoren vart digital og kven som fall utanfor».
Rapporten vart lagt fram på Pressens hus i Oslo torsdag 24. september, med innlegg frå Inger Anette Finrud i Helsedirektoratet, Kristin Fuglerud i Norsk Regnesentral og Vidar Strømme i Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM). Opptak av lanseringa blir publisert i etterkant.