Hopp til hovudinnhald

Fredag vedtok Stortinget nye krav om universell utforming av nettstader og appar som følgjer av EUs webdirektiv (WAD). Dei nye krava gjeld for offentleg sektor.

Fredag 28. mai vedtok Stortinget nye krav om universell utforming av nettstader og appar.

Intra- og ekstranett skal no følgje krav om universell utforming, og det vert innført krav om synstolking av videoopptak som vert lagt ut på nett. Offentlege verksemder får plikt til å utarbeide ei tilgjengelegheitserklæring for sine nettstader og appar.

Kven gjeld det?

Noreg har hatt krav om universell utforming av ikt sidan 2013, som gjeld for både offentleg og privat sektor. Dei nye krava gjeld kun for offentleg sektor.

– Tilsynet er glad for at webdirektivet blir gjort del av norsk rett. Dette er eit viktig steg mot auka digital inkludering for alle, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Dei nye krava vil tre i kraft 1. januar 2022. Det blir ei innføringstid på eitt år, og dermed vil krava gjelde frå 1. januar 2023.

Kva er EUs webdirektiv?

EUs webdirektiv (EU 2016/2102 – WAD) stiller nye krav til offentlege organ sine nettstader og mobilapplikasjonar. Direktivet er ein del av EUs strategi for utvikling av den digitale indre marknaden, og dei nye krava skal gi betre tilgang til alle, og særleg til personar med nedsett funksjonsevne.

Kulturdepartementet, saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, har jobba med nasjonal gjennomføring av direktivet.

Les meir i nyheitssak på Regjeringen.no.