Krav om tilgjengelegheitserklæring

Verksemder i offentleg sektor skal ha ei tilgjengelegheitserklæring for nettstader og appar. Dette er eit nytt krav som kjem med webdirektivet (WAD). Tilsynet lagar ei obligatorisk digital løysing for tilgjengelegheitserklæringa.

Kvinne i grønn genser holder opp nettbrett med tilgjengelighetserklæring

På denne sida

    Tilgjengelegheitserklæring er eitt av dei nye krava som kjem med EUs webdirektiv (WAD). Dei nye krava trer i kraft i Noreg 1. februar 2022, men startar å gjelde først 1. februar 2023 fordi det er eitt års innføringstid. Verksemdene som skal gjere seg klare til å ha ei tilgjengelegheitserklæring, må gå gjennom løysingane sine og sjekke status per krav. Ein må lage seg eit grunnlag for kva status ein vil fylle ut i erklæringa.

    Formålet med erklæringa

    Tilgjengelegheitserklæringa skal beskrive korleis og i kva grad nettstadar og mobilapplikasjonar oppfyller krava. Det gjer at verksemdene må kartlegge status for universell utforming i løysingane sine og publisere resultata i ei tilgjengelegheitserklæring, som er open for alle.

    Formålet er

    • at verksemdene blir merksame på sider som ikkje er i samsvar med krava til universell utforming, slik at dei rettar opp desse
    • å gi deg som brukar løysinga rettleiing om korleis du får informasjonen i eit tilgjengeleg format, dersom det manglar i løysinga
    • å vere ein kanal for tilbakemelding frå brukaren om svakheit i løysinga

    Krav til utforming og innhald

    Direktivet stiller fleire krav til formen og innhaldet.

    Tilgjengelighetserklæringa skal ha

    • informasjon om innhald som ikkje er universelt utforma og ei grunngjeving om kvifor dei ikkje følgjer krava
    • informasjon om eventuelt alternativt innhald som er universelt utforma
    • lenke til informasjon om klagerett og korleis brukaren kan klage på løysinga

    Grunnlaget for å fylle ut erklæringa er eitt av desse:

    • Intern vurdering gjort av verksemda.
    • Ekstern vurdering gjort av andre, for eksempel ein konsulent.
    • Anna grunnlag som skal vere godkjent av tilsynet.

    Verksemdene skal oppdatere tilgjengelegheitserklæringa minst ein gong i året, og når det vert gjort større endringar av nettstaden eller mobilapplikasjonen.

    Krav om tilbakemeldingsfunksjon

    I tilgjengelegheitserklæringa skal det også vere ein tilbakemeldingsfunksjon. Brukarane skal ha moglegheit til å gi tilbakemelding på nettstaden eller i appen.

    Dersom brukaren ber om eit tilgjengeleg alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma, skal verksemda svare på førespurnaden innan rimeleg tid. Kva som er rimeleg tid må ein vurdere ut frå kva innhald det gjeld, men vil truleg ligge mellom 3-6 veker.

    Felles løysing

    Digitaliseringsdirektoratet utviklar ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring. Den vil også omfatte ein tilbakemeldingsfunksjon. Der kan brukarar gi tilbakemelding om manglande universell utforming til verksemda.

    Fristar

    Fredag 28. mai 2021 vedtok Stortinget at krava i EUs webdirektiv blir del av norsk rett. Det vart dermed klart at nye krav inkludert tilgjengelegheitserklæring skal gjelde for verksemder i offentleg sektor. Krava trer i kraft 1. februar 2022. Det er 1 års innføringstid og krava startar å gjelde frå 1. februar 2023.

    Arbeidet med innføring av nye krav har vore forseinka. Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderte i samband med gjennomføringsarbeidet om den sentrale løysinga skal vere obligatorisk for verksemdene å bruke.

    Rettleiing for tilgjengelegheitserklæring

    På rettleiingssidene finn du informasjon om korleis du lagar ei tilgjengelegheitserklæring, ofte stilte spørsmål og forklaring på ord og uttrykk.

    Kvifor tilgjengelegheitserklæring - film på 1 minutt