Oppdatert regelverk som følgje av webdirektivet (WAD) er no klart
Endra regelverk om dei nye krava om universell utforming av ikt er no kunngjort i ei forskriftsendring. Offentleg sektor skal følgje nye krav frå 1. februar 2023.
Forskrifta er endra som følgje av nye krav i forbindelse med webdirektivet. Dei nye krava frå EU betyr totalt 14 nye tekniske krav, inkludert synstolking av videoopptak. I tillegg kjem krav om tilgjengelegheitserklæring, og krav om universell utforming av nye intranett og ekstranett.
Tilgjengelegheitserklæring
Uutilsynet lagar ei løysing for tilgjengelegheitserklæring som er obligatorisk for offentlege verksemder å bruke.
Synstolking vert utsett
Synstolking vert utsett inntil vidare. Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) vil avklare dei økonomiske konsekvensane av kravet før det vert innført.
Privat sektor
Privat sektor skal framleis følgje dagens krav, og vert ikkje påverka av endringane.