uubloggen

uubloggen er ein fagblogg som handlar om universell utforming av ikt. Her bloggar tilsynet og gjestebloggarar. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å skrive eit innlegg.

Siste kommentarer

Arne Hovland
30. april 2021
Gjesteblogg: Nedsatt hørsel og hjemmeskole
Så kjekt å lese og få din erfaring med dette. Du har grunn til å være stolt over å ha løst det som var vanskelig. Regner med at læremester kom igjen når skolen åpnet igjen. Lykke til videre.👍😁
Malin Øvrebø
02. februar 2021
Er automatisk teksting av video mogleg?
Hei Jarle,
Frå og med 1. januar 2021, er utgangspunktet at alle videoopptak med lyd, skal vera teksta. Føresetnaden er at den aktuelle nettstaden eller appen er omfatta av regelverket. Alle nettstader og appar i skule- og utdanningssektoren skal som hovudregel følgje krava. Når videoopptaket er produsert eller publisert, har vanlegvis ikkje betydning. Utdanningsinstitusjonane har ansvar for at videoane dei brukar, er teksta i samsvar med krava, uavhengig av om dei er eigenprodusert eller produsert av leverandør (profesjonelle).
Kravet til teksting er nærare omtalt i rettleiinga vår om video- og lydopptak. Tolkinga av kravet til teksting er også dokumentert i testprosedyrane våre.
Dersom verksemda ser at dei ikkje kan etterleva delar av krava, kan dei søkje om dispensasjon. Det skal mykje til for å få innvilga dispensasjon. Det er verksemdas ansvar å sørgje for nødvendig kunnskap og kompetanse om universell utforming av ikt, anten internt eller eksternt.
Tilsynet jobbar med å auke kjennskapen til regelverket med informasjon og rettleiing til alle samfunnsområde. I tillegg har vi satsingsområde og målretta tiltak i bestemte sektorar. Vi vurderer at skule- og utdanningssektoren er eit aktuelt satsingsområde for 2021. Vi kjenner til at teksting av video er krevjande for mange, og dette er også trekt fram som ei utfordring av skule- og utdanningssektoren.
Send gjerne oppfølgingsspørsmål til post@uutilsynet.no, dersom du lurer på noko meir.
Venleg helsing
Malin Øvrebø,
nettredaktør
Jarle Håvik
20. januar 2021
Er automatisk teksting av video mogleg?
Hei,
Har sett igjennom ein del videoar som no vert produsert rundt omkring på vidaregåande skular for presentasjon av skulane i desse Corona-tider. Så og sei ingen har teksting, særs mange er spelt inn med dårleg lydkvalitet og når eg konferer med ansvarlige (les: leiing) på skulane svarer dei med at dei ikkje visste at videoar som er spelt inn i fortid skal være teksta, medan nokon også seier at dette har vi ikkje ressursar til og videoane er spelt inn av våre eigne og ikkje profesjonelle. Er det gitt unntak for kravet om teksting til denne typen informasjonsfilmar?