Hopp til hovudinnhald
11. november 2022

Tysdag publiserte Universitetet i Oslo eit innlegg på bloggen til UX Norge om feil dei har funne ved testing av løysinga vår uustatus.no. Vi er kjempeglade for engasjementet og vil gjerne dele eit svar her på bloggen om kva dei fann.

Tidlegare denne veka publiserte Kjetil Hansen ved Universitetet i Oslo eit blogginnlegg på uxnorge.no, der han hadde testa den nylanserte løysinga for tilgjengelegheitserklæring, uustatus.no, og funne feil. Vi ønsker debatt om uu, og ønsker derfor dette velkomment!

Utan tilpassing for mobil

At uustatus.no ikkje er tilpassa mobil, er vi klare over. Årsaken til at den ikkje er mobiltilpassa, er at det ikkje var mogleg å få til innan lanseringa 1. oktober, og vart dermed deklarert i tilgjengelegheitserklæringa som vi publiserte rett etter lansering. Vi har prioritert å få ut løysinga uustatus.no til målgruppene, før mobiltilpassing kom på plass. Grunnen til at vi prioriterte det slik denne gangen er mellom anna at vi i prosjektfasen for løysinga fekk innspel om at det viktigaste for blant andre referansegruppa, var å kunne bruke uustatus.no på PC. Behovet for å fylle ut på mobil var mindre. Derfor har vi valt å utsette dette, og ikkje la det kome i vegen for å kunne lansere løysinga 1. oktober. Men det vil komme på plass i løpet av første kvartal 2023.

Vi rettar

Når det gjeld dei andre feila UiO fann, så vart feilen med knapp ved inkurie ikkje fanga opp ved vår testing. Bra sett frå UiO. Det har vi no retta. At ikkje alle obligatoriske skjemafelt vart merka som obligatoriske, visste vi, men har ved ein feil blitt liggande i backlog, men er retta opp i no. Når det gjeld redundant Aria, bryt ikkje dette med WCAG i det påpeikte tilfellet, og er derfor ikkje erklært som feil.

Takk for at de seier frå

Vi ynskte å publisere ei tilgjengelegheitserklæring for uustatus.no kort tid etter lansering for å gi eit eksempel på korleis det kan gjerast, sjølv om vi ikkje var i mål med mobiltilpassinga.

Vi syns det er veldig kjekt at de testar oss ut – og ynskjer sjølvsagt ikkje at det skal vere feil å finne, men når de først finn dei, så er det jo superbra at de melder tilbake slik at vi får retta opp. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre sida. Arbeid med universell utforming skjer kontinuerleg, også for oss i tilsynet. Målet er at ein jobbar godt med uu for at brukaren får best mogleg løysingar.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Emne

Kommentarar (3)

O

Ola DeSverre Ser Ikke Dirt

11. november 2022

Først og fremst - gratulerer med UUstatus.no.

Når det er sagt kan jeg bare si at det er ganske enkelt å finne feil hos andre og av og til ikke så enkelt å fikse egne. Sånn er det bare.

Jeg finner flere WCAG brudd på https://uxnorge.no/status-for-uustatus/:

1. mangler "hopp til innhold"
2.feil alt tekst på bilde på toppen
3.mangler autocomplete på "din e-post" felt
4.overskrifter i footer som er ikke kodet som overskrifter
5.aktuelt menypunkt forsvinner ved 200% zoom

Er ganske enig med flere ting dere skriver om i svaret, men må reagere på deres tolkning rund "tilpasset mobil".

Jeg tror dere misforstår hvorfor er det viktig å tilpasse nettsider for "mobil" - det gjelder faktisk ikke bare mobil, men gjelder også alle PC brukere som trenger zoom for å kunne bruke nettsider.

Som dere skriver fint på https://www.uutilsynet.no/wcag-standarden/1410-dynamisk-tilpasning-refl…;

"Formålet med kravet er å sikre at brukere kan forstørre innholdet og lese det i én enkelt kolonne.

Når innholdet er zoomet inn til 400 prosent-visning, brekkes innholdet om til én kolonne. Da er det ikke nødvendig å rulle i mer enn en retning og innholdet blir lettere å lese. Dersom innholdet strekker seg utover rammene på nettleservinduet/skjermen, må brukeren rulle horisontalt for å lese innholdet. Da er det vanskelig å følge linjene med tekst.

Støtte for «reflow» er også kjent som responsivt design.

Kravet er spesielt ment å ivareta personer med nedsatt syn".

Mellom linjene av "om at det viktigaste for blant andre referansegruppa, var å kunne bruke uustatus.no på PC" kan jeg derfor lese at dere tenkte ikke universell utforming ved å glemme svaksynte som er nødt til å bruke zoom på PC (mer enn 320 000 personer levde med synshemming i Norge i 2018 ifølge Blindeforbundet).

Jeg er sikker at dere skal snart fikse ting og ha alt på stell. Stort sett er det ganske små feil. Som kunne enkelt unngås ved litt mer planlegging.

Dere snakker mye om å tenke UU fra starten av når man lager løsninger. Det er eneste veien, som med sikkerhet.
UUstatus.no er nå dessverre bevis at det er enklere å skrive om det en å faktisk implementere det. Dessverre.

Er derfor veldig bekymret hvordan dette påvirker andre som ser dere som et forbilde.
UUtilsynet burde jo ha peiling på UU fra A til Å...

Mvh Ola.

In reply to by Ola DeSverre S… (ikke verifisert)

M

Malin Rygg, Tilsynsdirektør

21. november 2022

Hei, Ola

Takk for kommentar på innlegget vårt. Det er flott å sjå denne typen engasjement rundt universell utforming. Når det gjeld nettsida som er testa og feil som er påpeika, verkar det som om dette gjeld UX Norge sine sider og ikkje uustatus.no som Uu-tilsynet er ansvarleg for. Vi er sikre på at UX Norge set pris på tilbakemelding om feil slik at dei blir merksame på, og kan rette dette😊

Når det gjeld vår løysing uustatus.no, har vi sjølvsagt hatt eit veldig bevisst forhold til universell utforming i heile prosessen med å lage nettstaden. Vi jobbar ut frå tanken om at universell utforming må stå i fokus frå starten, og undervegs i heile utviklings- og designløpet. Vi har også jobba grundig med intern testing, brukartesting og funksjonstesta med ulike brukargrupper.

Når det gjeld tolkinga av mobiltilpassing, er vi heilt samstemde på dette området. Her var det eg som direktør for tilsynet som uttrykte meg litt feil. Eg er jurist og ikkje teknolog og kan glippe i ordlyd og uttrykk når det gjeld meir teknisk språk og formuleringar. Men på dette området er vi altså heilt samstemde og einige om føremålet til kravet om dynamisk tilpassing. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre dei som ønskjer å bruke mobil, men også dei som har behov for å forstørre innhald på ein PC. Og som du påpeikar, så gjeld dette svært mange brukarar og er derfor eit veldig viktig krav.

Tilsynet ønskjer å vere eit førebilete i måten vi arbeider med universell utforming, og håpar våre arbeidsprosessar, rettleiing og våre løysingar reflekterer dette. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysingane våre og å rette feil som måtte dukke opp. Vi ser at sjølv med eit så bevisst forhold til universell utforming som vi har, kan det glippe enkelte stader.

M

Martin Berglund

13. februar 2023

Jeg savner litt mer avstand mellom avsnitt og en behagelig linjelengde. Helt grunnleggende utforming av god leseopplevelse. Disse manglene svekker tilliten til de som forvalter nettsiden.

Skriv ny kommentar

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 2 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.