Hopp til hovudinnhald
15. april 2026

Det skal vere enkelt å finne informasjon om universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar. Det har vi gjort noko med.

Tidlegare har desse erklæringane ofte lege spreidde på ulike nettsider, og vore vanskelege å finne fram til. Med den nye søkesida "Finn ei tilgjengelegheitserklæring" kan du enkelt søke opp både verksemder og konkrete ikt-løysingar – og få oversikt med éin gong.

Gå til søkesida: Finn ei tilgjengelegheitserklæring.

Meir enn berre eit oppslagsverk

Søkesida gir ikkje berre tilgang til erklæringar, ho gir også innsikt.

Du kan mellom anna

  • sjå om ei erklæring er oppdatert eller utdatert
  • filtrere på når erklæringa sist vart oppdatert
  • sjå kor mange gonger ei erklæring er besøkt det siste året

Dette gjer det enklare å samanlikne verksemder og få eit betre bilete av status for universell utforming i offentleg sektor.

Ei erklæring blir rekna som utdatert dersom ho ikkje er oppdatert på over eitt år. Alle verksemder skal oppdatere erklæringa minst årleg.

Byggjer på opne data

Søkesida er basert på opne data frå tilgjengelegheitserklæringane. Data frå ferdigstilte erklæringar er samla i eitt datasett, som kan brukast til analyse og vidareutvikling.

Ved å gjere desse dataene meir tilgjengelege, ønsker vi å leggje til rette for innsikt og vidare bruk – enten du er innbyggar, journalist eller jobbar med universell utforming.

Kva med din kommune?

Du kan bruke søkesida til å undersøke status i din eigen kommune, eller sjå nærare på andre verksemder i offentleg sektor. På den måten får du eit betre innblikk i korleis din kommune arbeider med universell utforming av digitale tenester. Du kan også samanlikne kommunen din med andre kommunar, og sjå kven som er gode førebilete. Dette kan vere nyttig både for innbyggarar som vil stille krav, og for tilsette i kommunen som jobbar med utvikling av digitale tenester. Slik bidreg søkesida til meir openheit og auka merksemd rundt universell utforming i heile landet.

Dette er berre starten

Dette er første versjon av søkesida. Vi ønsker å vidareutvikle løysinga, og er avhengige av tilbakemeldingar frå dykk som brukar søkesida.

Har du innspel? Send oss gjerne ein e-post på post@uutilsynet.no.

Portrettfoto Dag Ove Eggum
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Dag Ove Eggum

Dag Ove Eggum er produkteigar i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Portrettfoto Dag Ove Eggum
Dag Ove Eggum
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Skriv ny kommentar

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.