Opne data frå tilgjengelegheitserklæringane
Uu-tilsynet tilbyr datasett med data frå tilgjengelegheitserklæringane.
Laga: 11. februar 2026
Informasjon om datasett
Ansvarleg for datasett: Tilsynet for universell utforming av ikt
Kontakt: post@uutilsynet.no
Datasett «Erklæringar med resultat»
Datasettet «Erklæringar med resultat» er tilgjengeleg i JSON-format og inneheld informasjon om alle ferdigstilte erklæringar: Kva verksemd som har laga erklæringa, kva ikt-løysing erklæringa er laga for, og anna metadata. Datasettet inneheld også data om kvart enkeltkrav.
Beskrivelse av datafelt for kvar erklæring
| API feltnamn | Beskriving |
|---|---|
| erklaeringId | Unik identifikator for erklæringa |
| organisasjonsnummer | Organisasjonsnummeret til verksemda som har oppretta erklæringa |
| verksemdNamn | Namnet på verksemda som har oppretta erklæringa |
| iktLoeysingNamn | Namnet på ikt-løysinga som erklæringa er oppretta for |
| erklaeringErOppdatert | Om erklæringa er oppdatert det siste året |
| iktLoeysingType | Om ikt-løysinga er av typen nettstad eller app |
| iktLoeysingAdresse | Nettadressa til framsida av nettstaden |
| publiseringsadresse | Kva nettadresse lenka til tilgjengelegheitserklæringa vert publisert på |
| erklaeringsAdresse | Nettadressa til tilgjengelegheitserklæringa |
| foersteProduserteErklaering | Dato erklæringa vart produsert for første gang |
| sisteOppdatering | Dato for siste oppdatering av erklæringa |
| samsvarsstatus | Samsvarstatus for ikt-løysinga |
| talSamsvar | Talet på krav i erklæringa som er i samsvar med WCAG |
| talBrot | Talet på krav i erklæringa som ikkje er i samsvar med WCAG |
| talIkkjeRelevant | Talet på krav i erklæringa som ikkje er relevante (løysinga har ikkje denne typen innhald) |
| nettstadType | Om nettstaden er tilgjengeleg for alle (Internett), berre tilsette i verksemda (Intranett), eller utvalde tredjepartar (Ekstranett) |
| plattform | Kva type plattform appen er utvikla for (mobiltelefon, nettbrett, eller begge) |
| operativsystem | Kva type operativsystem appen er utvikla for (Android, eller iOS/iPadOS) |
| appversjon | Versjonsnummeret for appen |
Beskrivelse av datafelt for kvart enkeltkrav
| Krav | Nummeret til WCAG-kravet |
|---|---|
| oppfyllerAltInnhaldKravet | Om alt innhald i løysinga oppfyller kravet |
| brytInnhaldetRegelverket | Om det er innhald i ikt-løysinga som bryt kravet i regelverket |
| brytInnhaldetRegelverketDetaljar | Detaljar om innhaldet i ikt-løysinga som ikkje er universelt utforma |
| innhaldetOmfattaAvRegelverket | Om det er innhald i ikt-løysinga som ikkje er omfatta av regelverket |
| InnhaldetOmfattaAvRegelverketDetaljar | Detaljar om innhaldet i ikt-løysinga som ikkje er omfatta av regelverket |
| unnatekeGrunnaUhoevelegStorByrde | Om innhaldet er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde for verksemda |
| unnatekeGrunnaUhoevelegStorByrdeDetaljar | Detaljar om kvifor verksemda meiner det er ei uhøveleg stor byrde å følgje kravet. |
| finstTilgjengelegeAlternativ | Om det finst tilgjengelege alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma |
| finstTilgjengelegeAlternativDetaljar | Detaljar om tilgjengelege alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma |