Hopp til hovudinnhald
20. september 2017

Vi publiserer no for første gong tilsynets måleindikatorar.

Vi er glade for endeleg å kunne dele målemetoden vår med dykk. Både når vi fører tilsyn og når vi gjennomfører statusmålingar, brukar vi indikatorar for måling av universell utforming av nettløysingar. Verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller anskaffe nye, kan også bruke indikatorane.

Indikatorsettet er framleis under arbeid og vi set pris på alle tilbakemeldingar.

Kva er ein indikator? Kva kan vi bruke ein indikator til?

Ordet indikator kjem frå verbet «å indikere» som betyr «å angi», «å antyde» eller tilsvarande. Indikatorar brukar vi for å få informasjon om tilhøve som ikkje er direkte målbare, eller som er for kostbare eller kompliserte å måle direkte. Dette er tilfelle for universell utforming av nettsider.

Vi kan ikkje lese direkte ut av ei nettside om ho er utforma i samsvar med krava i standarden WCAG 2.0. Difor treng vi indikatorar som gir oss «indikasjonar» om i kva grad krava til universell utforming er ivaretekne.

Slik måler vi kvart enkelt suksesskriterium

Ved hjelp av tilsynet sitt sett av indikatorar er lovkrava tolka og beskrivne slik at dei er målbare. Ved å bruke indikatorane, får vi test- eller måleresultat for kvart enkelt suksesskriterium. Ved å sette saman informasjon eller testresultat frå fleire eller alle indikatorane, får vi informasjon om ei nettløysing er utforma i samsvar med regelverket.

Dette skal også sikre at vi både kan samanstille testresultat for å gjere ei samla vurdering av ein nettstad, og samtidig generere statistikk som gir informasjon om mange nettstader.

Les om måleindikatorane på sidene våre om testprosedyrar.

Vi ønsker ein open prosess og ser svært gjerne fram til å få innspel.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 10 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.