Hopp til hovudinnhald
19. november 2021

Lurer du på kva ei tilgjengelegheitserklæring er? Det handlar om å gjere opp status for nettsider og appar. Det gjeld spesielt deg som er nettredaktør eller nettansvarleg.

Snart er det lovpålagt at nettsida eller den digitale løysinga di har erklæring om tilgjengelegheit - for deg som jobbar i offentleg sektor. Det betyr at du sjekkar om nettsida, den digitale løysinga eller appen din følgjer krava til universell utforming av ikt. Etterpå loggar du deg inn på ei digital skjemaløysing (som du snart får tilgang til) og fyller ut ei erklæring. Når du er ferdig, får du ut ei lenke til erklæringa som du skal publisere slik at alle kan lese erklæringa di.

Du som har ansvar for nettløysingar i offentleg sektor, må også sørge for at nettsida, appen eller løysinga du jobbar med, følgjer fleire krav til universell utforming. Til no har det vore lovpålagt å følgje 35 suksesskriterium i standarden Web Content Accessibility Guidelines (WCAG). Med nye krav skal du i tillegg følgje 12 fleire suksesskriterium som handlar om synstolking og kriterium spesielt eigna for mobil. Dei nye krava kjem fordi webdirektivet frå EU har blitt ein del av det norske regelverket og det fører til at vi får to sett med lovkrav om universell utforming; eitt som gjeld offentleg sektor og eitt for privat. Dei nye, skjerpa krava for offentleg sektor gjeld nettstadar og appar, men også intra- og ekstranett.

Film om tilgjengelegheitserklæring

Vi i Uu-tilsynet har i år laga ein liten film om tilgjengelegheitserklæringa for å forklare kva dette inneber for deg, delt inn i seks steg. Sjå og del gjerne filmen vidare.

Kven er tilgjengelegheitserklæringa for?

No når du har sett filmen over, veit du meir om kva dette er. Men kven er erklæringa til for?

Brukaren

Først og fremst er ei tilgjengelegheitserklæring til for brukaren eller innbyggaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad eller app er universelt utforma. Brukaren får informasjon om brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemdene ikkje følger regelverket. Brukaren melder frå om feil og manglar direkte til verksemda i erklæringa og sender eventuelt klage til Diskrimineringsnemnda. Dei kan melde frå med e-post, telefon eller eit digitalt skjema, men det er opp til verksemda å bestemme kanalen.

Verksemda

Tilgjengelegheitserklæringa vil sørge for at verksemda set seg inn i krava og er bevisste på om dei følger regelverket eller ikkje. Å få opp status vil hjelpe verksemda å prioritere universell utforming.

Tilsynet

Tilsynet brukar tilgjengelegheitserklæringa som ei informasjonskjelde i kontroll, rettleiing, i tillegg til statistikk og analyse, for eksempel knytt til status for etterleving og utval av verksemder til tilsyn.

Vi lagar ei felles løysing

I år har Uu-tilsynet fått i oppdrag i tildelingsbrevet å utvikle ei løysing for tilgjengelegheitserklæring. Løysinga vart testa ut i ein betaversjon i sommar og vert lansert i løpet av 2022. Den er obligatorisk for verksemder i offentleg sektor.

Kva er fordelene?

Nokre spør oss om dei ikkje berre kan lage ei erklæring sjølve, men det kan ein ikkje. Alle skal bruke den same løysinga og fordelene er følgjande:

  • Det er oversiktleg og trygt for verksemdene med ein oppdatert mal og ein prosess med rettleiing.
  • Brukaren får betre oversikt og kan melde inn barrierar.
  • For Uu-tilsynet gjer løysinga det enklare å handheve regelverket.

Kva må verksemda gjere no?

Den viktigaste jobben kan du starte med allereie no. Set deg inn i krava og få oversikt over løysinga di om korleis de ligg an. Krava er dei som gjeld frå før - 35 suksesskriterium i WCAG - i tillegg til dei nye - 12 suksesskriterium i WCAG. Vi veit at ikkje alle kjenner WCAG like godt, men bruk Uu-tilsynets sider med rettleiing. Her har vi snudd WCAG slik at du kan lese om krava delt inn etter tema du kjenner att, som for eksempel skjema, bilder og grafikk, video og lydopptak og kontrast (god nok kontrast på tekst mot bakgrunn).

Du som verksemd må med andre ord starte med følgjande:

  • Test nettstaden eller appen opp mot krava.
    • 47 krav på nivå A og AA i WCAG 2.1.
  • Du kan teste internt eller med eksterne ressursar.

Dette er viktig fordi testinga er grunnlaget for informasjonen du som verksemd fyller ut i skjemaet.

Dei nye krava gjeld berre offentleg sektor, og vi er i gang med å legge om rettleiing og løysingsforslag på uutilsynet.no for at du enklare skal finne rettleiing om kva krav som gjeld din sektor og korleis du følger krava.

Når får du tilgang?

Du får tilgang ved at du får tilsendt eit varsel, og det vert ei stegvis utrulling i 2022.

  • Du som verksemd får varsel med informasjon på e-post eller eFormidling.
  • Når du har fått varsel, går du til www.uustatus.no - denne sida er per i dag under arbeid.
  • Du loggar deg inn på www.uustatus.no i to trinn:
    • Først loggar du inn i ID-porten med eigen eID, for eksempel BankID.
    • Deretter fyller du inn verksemda sitt organisasjonsnummer og PIN-koden som står i varselet.
    • Du er no logga inn i løysinga og kan opprette erklæring for verksemda som du representerer.

Korleis ser erklæringa ut?

Løysinga for tilgjengelegheitserklæring er delt inn i følgjande steg:

  • Opprett ei erklæring for nettsted eller app.
  • Om løysinga.
  • Vurdering av løysinga.
  • Om tilbakemeldingsfunksjonen.
  • Frivillig felt om arbeid med universell utforming av ikt.
  • Oppsummering.
  • Produser tilgjengelegheitserklæring.

Når du produserer tilgjengelegheitserklæringa, får du ei lenke. Lenka skal du publisere på den aktuelle nettstaden eller appen.

Krav til publisering

  • Lenka skal ligge på framsida, gjerne i botnteksten.
  • Lenketeksten skal enten vere på bokmål "Tilgjengelighetserklæring" eller på nynorsk: "Tilgjengelegheitserklæring".

Ferdig erklæring

Ei ferdig tilgjengelegheitserklæring skal oppsummere for brukarane i kva grad nettstaden eller appen er i samsvar med krava til universell utforming av ikt. Den gir ei liste over kva brukarutfordringar eit brot på krava skapar – for eksempel ved bruk av nettsida eller app utan syn, bruk med nedsett syn og nedsett høyrsel.

Erklæringa er delt inn etter dei fire prinsippa i WCAG-standarden:

  1. Mogleg å oppfatte.
  2. Mogleg å bruke.
  3. Forståeleg.
  4. Robust.

Oppsummeringa viser status for kvart krav som ikkje er universelt utforma.

Eksempel:

Prinsipp 1 Mogleg å oppfatte: Det er brot på suksesskriterium 1.1.1 Ikkje-tekstleg innhald (nivå A).

Erklæringa skal ha tekstfelt der verksemda skriv konkret kva deler av løysinga som ikkje følger krava. For eksempel:

  • Suksesskriterium 1.1.1 Ikkje-tekstleg innhald (Nivå A): Vi har ikkje tekstalternativ til bilde og diagram fordi det ikkje er mogleg å legge inn tekstalternativ i CMS'et vi brukar. Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i bilde og diagram.
  • Innhald som ikkje er omfatta: Vi har PDF'ar med bilder og desse dokumenta er publisert før 1. juli 2014.
  • Tilgjengelige alternativ: Ein del PDF'ar finst også som Word-filer.

Hugs til slutt

Løysinga er enno under arbeid og ein betaversjon vart testa i ein pilot sommaren 2021. Vi ruller ut løysinga til offentleg sektor hausten 2022. Privat sektor får ikkje tilgang, sidan dette ikkje er krav som gjeld for dei.

Hugs at den viktigaste måten du som verksemd kan gjere deg klar for dette på, er å gå gjennom nettløysinga di og sjekke den opp for kvart krav. Det gjer du enten sjølv eller med ein ekspert. Dette er den største jobben, og det er grunnlaget for vurderinga av di løysing som du skal fylle inn i tilgjengelegheitserklæringa. Legg ein plan for å forbetre dersom løysinga ikkje oppfyller alle krava i dag.

Nokre krav kan ein nettredaktør ordne sjølv, andre krav gjeld designer eller utviklar. Vi svarer deg på e-post om du har spørsmål. Send e-post til post@uutilsynet.no og du får svar frå enten teknologar eller juristar i Uu-tilsynet.

Kommunikasjonsansvarleg Torhild Brudvik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Torhild Kristin Brudvik

Torhild Brudvik er kommunikasjonsansvarleg i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Kommunikasjonsansvarleg Torhild Brudvik
Torhild Kristin Brudvik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.