Hopp til hovudinnhald

Etter ein kontroll uutilsynet gjennomførte i haust med Tønsberg kommune, vart det avdekka feil i appen Min Skole. Kommunen retta ikkje alle feila innan fristen og risikerer dagbøter på 35 000 kroner dersom ikkje feila er korrigert innan 7. januar.

Feila er brot på krava om universell utforming av ikt. Det inneber at appen ikkje kan brukast av alle, og Tønsberg kommune bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova. Dersom brota ikkje er retta innan 7. januar, må Tønsberg kommune betale bøter på 35 000 kroner per verkedag.

Om saka

Tilsynet har i haust ført kontroll med Tønsberg kommune, med appen Min Skole, som kommunen brukar i kommunikasjon mellom skule og føresette. Gjennomført kontroll avdekka brot på fem av seks lovkrav om universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.0.

Tønsberg kommune fekk pålegg om retting etter tilsynet, med frist for å korrigere brota. Etter fristen gjekk ut, viser ein oppfølgingstest at det framleis er feil på tre av seks minstekrav.

Kommunen har no fått vedtak om tvangsmulkt, og dagbøter vil gå kvar verkedag frå og med måndag 10. januar dersom ikkje alle feil er retta til 7. januar kl. 12.00.

Det er kommunen som har ansvaret for at løysingar som vert brukte etterlever krava til universell utforming av ikt, sjølv om desse er kjøpte av tredjepartar. Min Skole er levert av Visma og er i bruk av fleire kommunar i landet.

Kva feil står att

Tønsberg kommune har gjort ein stor jobb med å korrigere feil, men har ikkje kome i mål med retting innan fristen som var sett. Det var framleis feil på tre av seks minstekrav:

  • Det er brot på krav om ikkje-tekstleg innhald der bilde ikkje har tekstalternativ.
  • Det er brot knytt til feilmeldingar som ikkje vert lese opp med skjermlesar og feilmeldingar som ikkje viser kor feila er.
  • Det er brot knytt til manglande leietekst som skal vise brukaren kva eit element i appen betyr.

Feila som står att, gjer appen vanskeleg å bruke for personar med nedsett syn og nedsett kognisjon.

Kommunikasjonen mellom skulen og heimen må vere for alle

Dialogen mellom skule og føresette skjer ofte digitalt, og det er viktig at verktøy som skulen tek i bruk kan brukast av alle, uavhengig av funksjonsevne.

– Dette er ein app som er i bruk av svært mange kommunar og som når ei stor brukargruppe. Det er svært uheldig at eit verktøy som skal brukast til kommunikasjon mellom skule og føresette ikkje er i tråd med universell utforming av ikt. Det er viktig at store leverandørar som leverer løysingar som mange verksemder brukar, er bevisste på krava om universell utforming og sørger for at produkta som blir levert, er i samsvar med lovkrava. Eg vil tilrå verksemder som brukar tredjepartsløysingar å sørge for at krav om universell utforming av ikt er presisert i kontraktar, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Meir informasjon

For meir informasjon om tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Pressespørsmål

Ta gjerne kontakt:

Lovgrunnlag

Tvangsmulkt er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven).

Forskrift om universell utforming av ikt.