Hopp til hovudinnhald

Tilsyn med HelsaMi har avdekka mange feil på universell utforming. Etter at Helseplattformen AS ikkje retta feila innan fristen, får verksemda no vedtak om dagbøter.

Laga: 09. desember 2025

Feila gjer at nettstaden HelsaMi ikkje er like tilgjengeleg for alle og bryt med likestillings- og diskrimineringslova. Dersom feila ikkje er korrigert innan ti verkedagar, må Helseplattformen AS betale bøter på 50 000 kroner per dag.

Om saka

Helseplattformen AS er ansvarleg for løysinga HelsaMi som blir brukt av 425 000 innbyggarar i Midt-Noreg. Etter eit tilsyn som Uu-tilsynet gjennomførte tidlegare i år med HelsaMi, fann tilsynet 119 enkeltfeil innan 12 av 14 lovkrav til universell utforming av ikt og gav pålegg om retting.

Etter at fristen for retting var ute, står framleis 64 feil uløyste.

Uu-tilsynet sender Helseplattformen no vedtak om tvangsmulkt. Frist for å rette dei resterande feila er 19. desember. Etter dette startar dagbøter.

Av dei 64 feila som står att, har 17 moderat betydning, mens 3 har alvorlege konsekvensar for sluttbrukaren. Det samla omfanget av feil er framleis stort. Helseplattformen AS har vist manglande evne og vilje til å rette feila som er avdekka i tilsynet. Det gjeld både feil dei sjølv kan rette og som leverandøren må rette.

Eksempel på feil

Feila i denne saka går særleg utover personar som har nedsett syn eller er blinde, har nedsett motorikk eller nedsett kognisjon. Deler av feila går også utover alle brukarar.

For eksempel finn vi feil på koding, blant anna i reflow, der brukarar enkelt sagt skal kunne forstørre innhaldet til 400 prosent utan tap av informasjon eller funksjonalitet. Det er også feil på krav om ledetekst og feilmelding ved utfylling av skjema, som kan gjere det vanskeleg å vite kva som er obligatorisk å fylle ut.

Eit anna eksempel er svak kontrast mellom tekst og bakgrunn som gjer at teksten blir vanskeleg å lese for mange, men særleg for brukarar med nedsett syn og redusert fargesyn. Vi finn også for svak fokusmarkering ved navigering med tastatur som gjer det vanskeleg å orientere seg på nettstaden.

Helseplattformen AS sin leverandør, Epic, er ein stor internasjonal leverandør som har 3300 sjukehus på kundelista si. Regelverket for universell utforming av ikt gjeld i Noreg for både offentleg og privat sektor, men dei same reglane gjeld i Europa gjennom webdirektivet (WAD) og i USA gjennom The Americans with disabilities Act (ADA).

Digitale helsetenester skal vere i tråd med lovverket

– Digitale helsetenester er viktige for innbyggarane. Mange som er i kontakt med helsesektoren, er i ein sårbar livssituasjon. Med om lag 425 000 brukarar, er det avgjerande at nettstaden HelsaMi følger minstekrava til universell utforming. Dette er særleg viktig for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Vi må kunne forvente at verksemdene tilbyr gode digitale løysingar til innbyggarane som er i tråd med lovverket. Dei må ha gode rutinar for sjølve å avdekke og følge opp brot på regelverket. For å få til god universell utforming, må verksemdene jobbe systematisk og løpande – og i godt samarbeid med sine leverandørar, enten dei er nasjonale eller internasjonale, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapporten

Tilsynsrapport er publisert på uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Regelverket er forskrift om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova. Webdirektivet er innlemma etter 2021 og har gitt eit delt regelverk for offentleg og privat sektor. Tilgjengelegheitserklæring er eit krav for offentlege verksemder.

Pressespørsmål

Presse kan kontakte: