Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet har gitt Helseplattformen AS dagbot for feil på nettstaden Helsa Mi.

Laga: 22. desember 2025

Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i år med Helsa Mi, vart det avdekka 119 enkeltfeil innan 12 av 14 enkeltkrav til universell utforming av ikt. Helseplattformen AS vart ilagt ei dagbot på 50 000 kroner.

Feila inneber at løysinga ikkje kan brukast på like vilkår av alle, og Helseplattformen AS bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.

Om saka

Tilsynet har i år ført kontroll med Helseplattformen AS med nettstaden Helsa Mi. Gjennomført kontroll avdekka 119 enkeltfeil innan 12 av 14 enkeltkrav til universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.1.

Då frist for retting gjekk ut 8. desember 2025, viste oppfølgingstesten at det sto att 64 feil. Det førte til at Helseplattformen AS fekk vedtak om tvangsmulkt, dersom feila ikkje var retta innan 19. desember 2025 kl. 12.00.

Ny oppfølgingstest 19. desember 2025 viser at det gjenstår seks feil på tre ulike krav, og det betyr at dagbøter på 50 000 kroner løper frå og med 20. desember 2025, med ti prosent auke per månad frå 1. februar 2026.

Helseplattformen AS er ansvarleg for løysinga HelsaMi som blir brukt av 425 000 innbyggarar i Midt-Noreg. Helseplattformen AS sin leverandør, Epic, er ein stor internasjonal leverandør som har 3300 sjukehus på kundelista si. Regelverket for universell utforming av ikt gjeld i Noreg for både offentleg og privat sektor, men dei same reglane gjeld i Europa gjennom webdirektivet (WAD) og i USA gjennom The Americans with disabilities Act (ADA).

Digitale helsetenester skal vere universelt utforma

– Digitale helsetenester er viktige for alle innbyggarar. For at alle skal kunne bruke dei, må løysingane vere universelt utforma. Dette er særleg viktig for eldre og personar med nedsett funksjonsevne, og for menneske som er i ein sårbar livssituasjon. Då er det avgjerande at ein stor aktør med så mange brukarar tek ansvar for å sikre tilgjengelege løysingar, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapporten

Tilsynsrapport er publisert på uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Regelverket er forskrift om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova. Webdirektivet er innlemma etter 2021 og har gitt eit delt regelverk for offentleg og privat sektor. Tilgjengelegheitserklæring er eit krav for offentlege verksemder.

Pressespørsmål

Presse kan kontakte: