Hopp til hovudinnhald

Appar i offentleg sektor skal også ha tilgjengelegheitserklæring. Fristen er 1. februar 2026.

Laga: 10. desember 2025

I desember har vi sendt ut informasjonsbrev til alle verksemder i offentleg sektor med påminning om at fristen for tilgjengelegheitserklæring (TE) for app nærmar seg.

Dersom ei verksemd tilbyr appar retta mot innbyggarar, skal verksemda ha TE for desse appane. Dette er ei venleg påminning om å få på plass erklæring innan fristen 1. februar 2026.

Kravet om TE omfattar både appar som verksemda har utvikla sjølv og appar som er leverte av tredjepartar.

For å forenkle arbeidet med appar som er leverte av tredjepartar, har vi i år lansert leverandørportalen i uustatus.no. Her kan verksemda be leverandøren om å registrere sine testresultat, som kan nyttast som underlag når TE skal opprettast. Verksemda vurderer sjølv kva appar som bør testast av leverandør, og kva appar ein handterer fullt ut internt.

Hugs også å oppdatere tilgjengelegheitserklæringar du har

Vi minner samtidig om at alle erklæringar skal oppdaterast minst éin gong i året. Manglande oppdateringar kan føre til dagbøter. Sjekk gjerne om verksemda di har lagt ned eller fjerna nettstader, då må du også slette erklæringane frå uustatus.no. Sjekk også om du har nye nettsider som skulle hatt erklæring. Også manglande erklæring kan føre til sanksjonar.

Meir informasjon om krav og gjennomføring av TE finn du på uutilsynet.no. Dersom du har spørsmål, kan du sende e-post til post@uutilsynet.no.