Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet gjer no data frå tilgjengelegheitserklæringane søkbare på nett. Slik kan fleire bruke data til både analyse, benchmarking og til utvikling av nye tenester.

Laga: 12. februar 2026

Data frå tilgjengelegheitserklæringane (TE) har vore etterspurt. Tidlegare har opplysningane vore delte manuelt på førespurnad. No blir dei publiserte som eit samla, maskinleseleg datasett som alle kan bruke.

– Tilgjengelegheitserklæringane blir mykje brukte, og interessa for data frå erklæringane er stor. Ved å opne dei, legg vi til rette for meir gjenbruk, meir innsikt og betre offentlege tenester, seier Dag Ove Eggum, produkteigar for tilgjengelegheitserklæring i Uu-tilsynet.

Dette viser datasettet

Datasettet inneheld informasjon om alle ferdigstilte erklæringar: Kva verksemd som har laga erklæringa, kva ikt-løysing erklæringa er laga for, og anna metadata. Datasettet inneheld også erklært status på enkeltkrav. Ein kan for eksempel hente ut data for ei heil verksemd eller ein kommune, eller analysere status per enkeltkrav i WCAG-standarden.

Datasettet inneheld ikkje leverandørvurderingar, personinformasjon, informasjon frå tilbakemeldingsfunksjonen eller uferdige erklæringar.

Datasettet er tilgjengeleg i JSON-format og kan enkelt takast i bruk i analyseverktøy.

Mange les erklæringane

Bruken av tilgjengelegheitserklæringane er allereie høg. Sidan starten er det registrert over 500 000 besøk, og mange brukarar er inne på fleire erklæringar. Nokre erklæringar er særleg populære – mellom anna var Skatteetaten si erklæring blant dei mest leste i april.

– Dette viser at ordninga fungerer. Tilgjengelegheitserklæringane er ei god løysing, og no tek vi arbeidet eitt steg vidare ved å opne dataa, nettopp fordi mange har spurt om tilgang, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i Uu-tilsynet.

Bidreg til meir deling av offentlege data

Ved å publisere datasettet gjer Uu-tilsynet det enklare å få innsikt i status for universell utforming i Noreg. Tidlegare har data frå erklæringane vore delte manuelt på førespurnad. No blir dei publiserte som eit samla, maskinleseleg datasett som kan brukast direkte i analyseverktøy. Opne og maskinleselege data gir betre kunnskapsgrunnlag – både for verksemder, styresmakter og samfunnsaktørar.

Publiseringa er i tråd med regjeringa sitt mål om meir deling og vidarebruk av offentlege data.