Rapport frå sektortilsyn med digitale tenester i helsesektoren
Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?
I 2025–2026 gjennomførte Uu-tilsynet eit omfattande sektortilsyn med digitale løysingar brukt i helsesektoren. Vi har sett på brukarmønster, identifisert barrierar og vurdert korleis verksemdene arbeider med universell utforming. Rapporten byggjer på ein kombinasjon av brukarundersøkingar og tekniske kontrollar.