Hopp til hovudinnhald

Fullversjon av tilsynsstrategi 2021-2024

Tilsynsstrategien peikar på tilsynets mål dei neste tre åra, og kva tiltak og prioriteringar vi vil gjere i denne strategiperioden.

    Om dokumentet

    Dokumentet forklarar det strategiske målbildet og visjonen til tilsynet for universell utforming av ikt (heretter kalla tilsynet eller Uu-tilsynet). Strategidokumentet peikar ut kva vi vil prioritere for at tilsynet skal kunne nå våre overordna mål.

    Strategien viser korleis Uu-tilsynet skal jobbe effektivt og formålstenleg i komande strategiperiode (2021-2024). Stadig raskare endringar i omgjevnadane krev auka endrings- og tilpassingsevne. Strategien gir retning slik at vi kontinuerleg kan sjekke av om endringane vi gjer, er i samsvar med våre langsiktige mål. Strategien legg grunnlaget for korleis vi skal lukkast med å skalere verksemda vår og peikar ut dei viktigaste prioriteringane for arbeidet.

    Dokumentet er delt i tre deler:

    1. Formål og samfunnsoppdrag.
    2. Sentrale utviklingstrekk.
    3. Visjon og strategisk målbilde.

    Del 1 beskriv målet med universell utforming som strategi for samfunnet, i tillegg til formålet med Uu-tilsynet. Del 2 beskriv sentrale utviklingstrekk som set rammer for tilsynet sine målsetjingar. Del 3 beskriv det strategiske målbildet for Uu-tilsynet dei neste fire åra.

    Innleiing

    Dei siste tiåra har samfunnet vårt vore prega av ei rask teknologisk utvikling, driven fram av ein datadriven økonomi. Nye løysingar hjelper til å gjere kvardagen vår enklare og smidigare. Kunstig intelligens, maskinlæring, 5G og ting med internett-tilknyting er alle eksempel på teknologiske drivarar som skaper nye produkt og tenester - og som har potensiale til å løyse både små og store problem i liva våre.

    Offentleg og privat sektor tilbyr digitale tenester og sjølvbeteningsløysningar i stadig større grad. Frå vi står opp om morgonen, sjekkar nyheitene på ein app, kjøper bussbillett på telefonen, loggar inn på PC-en på studiet eller på kontoret, sjekkar barna sine lekser, melder oss på eit kurs, betalar rekningane våre og ser på den siste Netflix-serien på iPaden, så brukar vi digitale løysingar. Vi får reseptar, bestiller legetime, søker barnehageplass og sjekkar skatten digitalt. Vi handlar i sjølvbeteningskassen på daglegvarebutikken og betalar med app på fotballkampen.

    Ei kartlegging om bruk av ikt-løysingar blant personar med nedsett funksjonsevne viser at 70 prosent av dei som svarte på kartlegginga, opplever utfordringar med bruk av ikt i daglegliv, arbeidsliv og studiar (Proba, 2020).

    Tilsynet sine oppgåver er å sikre at universell utforming er ein naturleg del av den digitale utviklinga, slik at alle innbyggjarane i Noreg får lik moglegheit til å delta.

    Frå 2021 skal alle ikt-løysingar retta mot allmenta i Noreg vere universelt utforma. Med webdirektivet kjem nye krav til løysingar i offentleg sektor. Det er utfordrande å følge opp at alle verksemdene etterlever regelverket med dei ressursar og verktøy som tilsynet har i dag.

    I den komande strategiperioden for 2021-2024 er det derfor behov for at tilsynet skalerer verksemda for å kontrollere større volum. Eit datadrive tilsyn gir auka volum på tenestene, kostnadseffektivitet og betre avgjerdsstøtte. For samfunnet fører det til auka verdiskaping og betre tenester for brukarane

    1 Formål og samfunnsoppdrag

    Det har store konsekvensar å bli utestengd frå dei digitale arenaene i samfunnet. For verksemder i privat og offentleg sektor, lag og organisasjonar, kan det òg ha store konsekvensar å ikkje nå ut til alle brukarane. Teknologi hjelper til å utvikle velferda, og samfunnet tener på at alle får høve til å bidra. Universell utforming er ei smart tilnærming til digitalisering. Digitalt utanforskap kan ha store konsekvensar for den enkelte si deltaking i samfunnet. Nedbygging av manuelle tenester krev smart digitalisering som tek høgde for mangfaldet i befolkninga. Å tenke universell utforming allereie frå starten av utviklinga av ikt-løysningar er både effektivt, målretta og kostnadssparande.

    «Ein person med nedsett funksjonsevne vil kunne stå opp om morgonen og lese ei avis, kjøpe bussbillett, komme seg inn i heisen på arbeidsplassen, kople seg på PC-en for å bruke arbeidsverktøyet og få melding via foreldreappen på kvelden. Det er viktig at alle disse delane fungerer og der er vi ikkje enno. Derfor driv vi ein dugnad for å få alle med.»

    Målet med universell utforming er at så mange som mogleg – uavhengig av funksjonsevne – skal kunne bruke dei same digitale løysingane, utan spesialløysingar. Nedsett funksjonsevne inkluderer fysisk, mental, intellektuell eller sensorisk funksjonsnedsetjing, midlertidig eller langvarig (FN, 2020). I løpet av livet vil dei fleste oppleve midlertidig eller varig funksjonstap. Dette kan for eksempel vere redusert syn eller høyrselstap som følgje av aldring eller arvelege sjukdommar. Funksjonsevne er òg avhengig av situasjon. Alle har behov for god kontrast når ein les på skjerm i sterkt sollys – også dei med normalt syn.

    Loven har ein definisjon av universell utforming:

    Universell utforming av ikt er utforming eller tilrettelegging av hovudløysninga i informasjons- og kommunikasjonsteknologi som er slik at verksemda sin alminnelege funksjon kan brukast av flest mogleg.

    For å sikre universell utforming har vi som samfunn lagt på plass reglar som legg eit minstenivå for korleis ei ikt-løysing skal vere utforma. Tanken er å ta omsyn til mangfaldet i befolkninga og gi innbyggjarane rom til å delta på like vilkår. Derfor seier vi at universell utforming er nødvendig for nokon – men bra for alle.

    1.1 Formålet med tilsynet sitt arbeid

    Tilsynet for universell utforming av ikt handhevar forskrifta om universell utforming av ikt. Formålet med regelverket går fram av Likestilling- og diskrimineringslova og er å

    • fremje likeverdig digital samfunnsdeltaking
    • bygge ned og hindre nye digitale barrierar
    • bidra til å hindre diskriminering

    Forskrifta om universell utforming av ikt vart vedteken 1. juli 2013. EUs webdirektiv om universell utforming av offentlege nettstader og mobilapplikasjonar (webdirektivet) vart vedteke av Stortinget 28. mai 2021 og trer i kraft 1. februar 2022.

    Etterleving av regelverket bidreg til å skape betre og meir brukarvennlege ikt- løysingar for alle innbyggjarar i Noreg. Auka kunnskap om universell utforming er viktig for å sikre likeverdig digital samfunnsdeltaking. Auka kjennskap til tilsynet og regelverket er viktig for at universell utforming skal bli ein naturleg del av utviklinga av digitale løysningar hjå verksemdene. Godt arbeid med universell utforming vil både gi løysingar som kan brukast av fleire, og auka brukartilfredsheit.

    2 Sentrale utviklingstrekk

    2.1 Eit digitalisert samfunn

    Digitaliseringa skjer på alle nivå i samfunnet, noko som set høgare krav til digitale ferdigheiter og kunnskap hjå befolkninga enn tidlegare. Med Covid-19-utbrotet har digitaliseringa av samfunnet akselerert og digital inkludering har vorte viktigare.

    Noreg har ei digital befolkning. 97 prosent av innbyggarane mellom 16 og 79 år er på internett. Både alder og funksjonsevne påverkar digital åtferd, i følgje SSB.

    630 000 personar mellom 15 og 66 år har funksjonsnedsetting. 850 000 innbyggarar er over 67 år. Andel med funksjonsnedsetting aukar med alderen. Det gjer også behovet for universell utforming. SSB sine folketalsframskrivingar fram mot 2040 (mellomalternativet) indikerer at det aldersgruppene over 60 år som står for auken i folketalet. Talet på personar over 80 år vert meir enn dobla.

    DFØ (og tidlegare Difi) si innbyggarundersøking for 2019 viser at personar mellom 15 og 66 år med funksjonsnedsetting brukar internett i mindre grad enn personar utan funksjonsnedsetting. Dei er også mindre grad nøgde med digitale tenester. Tilsvarande mønster ser vi for eldre brukarar, særleg for dei over 65 år.

    Diagrammet under viser dei mest brukte internettenestene i 2020, etter alder.

    Dei mest brukte internettenestene i 2020, etter alder

    2.2 Digitale barrierar fører til digitalt utanforskap

    Med aukande digitalisering vert kvardagen enklare for mange. Digitalisering medfører også nedbygging av bemanna tenesteyting. Det gir utfordringar, særleg for eldre og personar med funksjonsnedsetting. Utfordringar med å ta i bruk digitale løysingar kan skape digitalt utanforskap.

    Digitaliseringa har skapt eit skilje mellom dei som har digital kompetanse og dei som heilt eller delvis ikkje meistrar det digitale. Alder, språkferdigheiter, økonomi, funksjonsevne og tilknyting til arbeidslivet påverkar digitale ferdigheiter. Pandemien har gjort dette gapet større gjennom at det er etablert nye digitale plattformar på område som tidlegare var analoge. Ei ny undersøking viser at ca 600 000 av oss har svak eller ingen digital ferdigheit (Kompetanse Norge, 2021).

    Ei kartlegging om bruk av ikt-løysingar blant personar med nedsett funksjonsevne viser at 70 prosent av dei som svarte på kartlegginga, opplever utfordringar med bruk av ikt i daglegliv, arbeidsliv og studiar (Proba, 2020).

    «For å si det kort: alt på jobben blir fryktelig tungvint og tidkrevende, og antakelig er jeg en belastning for mine kolleger. Det hender f.eks. at jeg sender dem e-post i istedenfor å legge informasjonen inn i et utilgjengelig program på IKT-plattformen. Det hender også at jeg ikke får beskjeder som ligger i et slikt program. Jeg har en lese/sekretærhjelp som hjelper meg av og til, men det kan på ingen måte erstatte tilgangen til arbeidsplassens datasystemer.»

    Universell utforming av ikt skal minske gapet mellom samfunnet sine krav til digital sjølvbetening og individet sine moglegheiter til deltaking på digitale arenaer. I 43 av 45 tilsyn med ikt-løysingar i privat og offentleg sektor, har vi avdekka brot på regelverket for universell utforming av ikt. Som samfunn har vi framleis ein lang veg å gå.

    2.3 Nye reguleringar fordrar datadrive tilsyn

    Då forskrifta vart innført i 2013, gjaldt den for alle nye ikt-løysingar i offentleg og privat sektor. 1. januar 2021 var det ikkje lenger berre nye løysingar, men det vart krav til at alle nettløysningar, mobilapplikasjonar og sjølvbeteningsautomatar skal vere universelt utforma. Reglane gjeld uansett kor mange tilsette verksemda har, kva omsetning eller organisasjonsform den har. I Noreg inneber dette at rundt 80 000-100 000 verksemder skal følgje krava. Dei fleste verksemder har ein nettstad. I tillegg er det om lag 6000 appar og 160 000 automatar i bruk i Noreg.

    Framover vil fleire nye reguleringar stille auka krav til tilsynet si verksemd. Webdirektivet og WCAG 2.1 inneber nye krav for offentleg sektor. I tillegg vil EUs tilgjengelegheitsdirektiv etter planen bli teke inn i norsk rett, og truleg tre i kraft i juni 2025. Tilgjengelegheitsdirektivet har som mål å styrke den indre marknaden, og universell utforming er eit verkemiddel for å oppnå dette.

    For arbeidet til tilsynet vil begge direktiva stille auka krav til handheving av regelverket, både i mengde og omfang. For tilsynet er det å jobbe datadrive ein føresetnad for å nå tenestevolumet som blir kravd av oss framover. Målet for ei datadriven verksemd er å effektivt innhente relevant data av høg kvalitet og omarbeide den til innsikt. Dette gjer at vi i ny strategiperiode vil digitalisere og automatisere deler av verksemda. Slik kan tilsynet bidra til at fleire verksemder etterlever regelverket for universell utforming.

      3 Visjon og strategisk målsetting

      Uu-tilsynet har ei uavhengig rolle som tilsynsmyndigheit for uu av ikt. Sjølv om tilsynet er fagleg uavhengig, samarbeider vi med Digdir sine andre avdelingar for å utvikle tilsynet til ein datadriven, digital organisasjon. Tilsynet følger verdiane i Digdir som er å vere uredd, påliteleg og inkluderande.

      Digdirs visjon er: Saman for ein enklare kvardag.

      3.1 Mål og visjon for Uu-tilsynet

      Visjon: «Eit samfunn utan digitale barrierar»

      Formålet med regelverket er lik samfunnsdeltaking for alle innbyggjarane i Noreg. Regjeringa har eit mål om ein ikt-politikk for verdiskaping og deltaking for alle og universell utforming som del av utvikling av digitale tenester, er eit viktig verkemiddel for å nå målet. Visjonen bygger opp under forventingane og målsetjingane som er omtala i FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), og FNs berekraftsmål nr. 10 om mindre ulikskap.

      Tilsynet sitt framtidsbilete for 2025 set retning og beskriv ambisjonane. I 2025 er Uu-tilsynet

      • eit betre kjent myndigheitsorgan som gir tydeleg rettleiing og informasjon om universell utforming av ikt
      • den leiande kjelda til kunnskap på fagområdet for universell utforming av ikt
      • eit datadrive tilsyn som driv kontrollar i stort omfang med automatisert rapportering og deling av data

      Vi har tre overordna mål for kommande strategiperiode som er utdetaljert under.

      3.2 Hovudmål 1: Fremme auka etterleving av regelverk for universell utforming av ikt

      Handheving av regelverket skal byggast på data. Analyse av data frå kontroll og områdeovervaking gir grunnlag for kunnskapsbaserte avgjerder. Slik kan vi innrette tiltaka der dei gir mest effekt. Digitalisering og automatisering skal bidra til auka kapasitet. Dette fører til auka tal kontrollar, samt meir effektiv sakshandsaming og rettleiing.

      3.2.1 Risikobasert tilsyn

      Tilsynet skal bidra til at offentlege og private aktørar etterlever regelverket for universell utforming. Datadrivne analysar og statusmålingar dannar grunnlag for risikobasert tilsyn. Risikobasert tilsyn inneber

      • ei tydeleg prioritering mot sektorar, verksemder eller tenester som er viktige for likeverdig samfunnsdeltaking
      • ei tydeleg prioritering mot område med lågast grad av samsvar med regelverket.

      I perioden 2021-2024 skal tilsynet auke talet på kontrollar. Webdirektivet stiller nye krav til offentlege verksemder, blant anna ved at nettstader og mobilapplikasjonar i offentleg sektor skal ha ei erklæring som viser status for samsvar med krava i regelverket. Tilsynet har på oppdrag frå KDD utvikla ei sentral løysing for tilgjengelegheitserklæring som er obligatorisk for verksemdene å ta i bruk. Løysinga genererer data for effektiv kontroll og analyse og bidreg til at tilsynet er i stand til å gjennomføre kontrollar i det volum som direktivet krev.

      3.2.2 Sakshandsaming

      Tilsynet skal gjennomføre sakshandsaming effektivt og med rett kvalitet. Sakshandsaming omfattar blant anna tilsyn, dispensasjonssaker og uttalesaker. Inntil 2021 har tilsynet hatt liten moglegheit til å digitalisere arbeidsprosessane. Sakshandsaminga i dag er manuell og ressurskrevjande. Når tilsynet no digitaliserer, vil vi i kommande strategiperiode sjå på måtar sakshandsaminga kan effektiviserast og automatiserast på.

      3.2.3 Rettleiing og informasjon

      Tilsynet har ei viktig rettleiingsrolle innanfor fagområdet universell utforming av ikt. Kommunikasjon og rettleiing er blant tilsynet sine høgast prioriterte område.

      Den viktigaste kanalen er tilsynet sin nettstad, uutilsynet.no. Nettstaden med informasjon om regelverket, rettleiing om minstekrava og korleis dei kan oppfyllast, og beste praksis i universell utforming av ikt, skal vidareutviklast i strategiperioden. Særleg vil rettleiing om nye krav som følgje av webdirektivet vere prioritert.

      Tilsynet skal sørge for effektiv målgrupperetta informasjon og rettleiing gjennom nettstad, presse, sosiale media, e-post og telefon. Tilsynet gir også opplæring og rettleiing gjennom webinar, foredrag, podkast og e-læring.

      Tiltak innan kommunikasjon og rettleiing vert prioriterte på bakgrunn av områdeovervaking og brukarinnsikt. For å ha god kunnskap om brukarbehov og konsekvensar av manglande universell utforming, har vi årlege dialogmøte med bransje- og brukarorganisasjonar og større leverandørar eller tredjepartsaktørar.

      3.3 Hovudmål 2: Styrke rolla som fagorgan på området universell utforming av ikt gjennom analysar, utgreiingar og datadeling

      Målsetjinga til tilsynet er å vere ein leiande kunnskapsprodusent innan området universell utforming.

      3.3.1 Områdeovervaking

      Prioriteringar og innretting i tilsynet byggjer på analysar av

      • status for universell utforming av ikt
      • data for digital åtferd og digitalisering i privat og offentleg sektor
      • kjennskap til regelverk og tilsynet
      • marknaden for produksjon og distribusjon av ikt-løysingar

      Statistikk, analysar og områdeovervakingsrapportar vert publisert på tilsynet sin nettstad, uutilsynet.no. Tilsynet brukar både eigne data og tredjepartsdata i kartleggings- og analysearbeidet. Dette for å gi eit meir komplett bilde og djupare innsikt innan området universell utforming, digitalisering og digital åtferd.

      3.3.2 Regelverk

      Tilsynet skal vere ein bidragsytar innan utvikling av regelverk og fremme samarbeid om bruk av teknologi i testing av etterleving i Noreg og EU. Tilsynet brukar kunnskap om fagområdet frå kartleggingar og områdeovervaking til å bidra med innspel til utvikling, oppdatering og implementering av regelverket for eksempel i utgreiingsarbeid for KDD.

      Tilsynet bidreg til utvikling av fagområdet gjennom

      • deltaking i internasjonale ekspertgrupper
      • deltaking i arbeid med standardar, målemetodar og konsekvensutgreiingar
      • digitalisering og automatisering av tilsyns- og kontrollprosessen

      Regelverket om universell utforming i EU påverkar nasjonalt regelverk gjennom EØS-avtalen. Tilsynet er representert i fleire internasjonale ekspertgrupper for å bidra til at regelverket til ei kvar tid er formålstenleg for handheving. Desse ekspertgruppene er i hovudsak SAGA, WADEX og NOBAN. I tillegg har tilsynet ei rolle inn mot relevante internasjonale og nasjonale interessentar i samband med tilgjengelegheitsdirektivet.

      SAGA er ei strategisk rådgivingsgruppe som skal arbeide for å inkludere universell utforming i relevant standardiseringsarbeid på europeisk nivå. SAGA jobbar for å få universell utforming inn i tverrgåande standardiserings-arbeid i Europa og har blant anna bidrege til utvikling av den europeiske standarden EN17161:2019, som er den første europeiske standarden for Design for all.

      WADEX står for The web accessibility Directive Expert Group og er ledet av EU-kommisjonen. WADEX er oppretta med føremål om å støtte implementeringa av EUs webdirektiv, samt vere eit forum for utveksling av «beste praksis» knytt til tilgjengelegheit (accessibility).

      NOBAN er en Nordisk-Baltisk samarbeidsgruppe for fagleg utveksling om handheving av EU-regelverk. Samarbeidet går på tvers av Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Estland. Målet med samarbeidet er å utveksle erfaringar og metodar forkorleis handheve EUs regelverk.

      3.4 Hovudmål 3: Utvikle tilsynet til ein datadriven organisasjon med digitale prosessar

      Arbeidsmetodane i tilsynet skal bygge på data og innsikt. Dette sikrar kunnskapsbaserte avgjerder og sørger for effektivitet i arbeidsprosessane. Målet er å auke produksjonsvolum og produktivitet.

      Dette skal vi oppnå gjennom å

      • etablere ein datadriven kultur
      • utvikle evne og kompetanse på å jobbe datadrive med hjelp frå nye verktøy
      • gode rutinar og metodar for å sikre høg datakvalitet og smart datastyring
      • utvikle og skalere våre arbeidsmetodar med digital understøtting
      • iterativt utvikle heilskaplege teknologiske løysningar

      Iterasjon - å gjenta ein prosess, analysere resultata kvar gang og modifisere for optimal effektivitet for å oppnå eit bestemt mål eller utfall.

      3.4.1 Heilskapleg arkitektur og digital understøtting

      Ein god datamodell og god plattform for informasjonsforvaltning er avgjerande for å kunne jobbe datadrive og ta gode, datadrivne avgjerder. Framover vil vi jobbe med følgjande:

      • Etablere ein heilskapleg digital arkitektur som legg til rette for god datakvalitet, effektiv innhenting, forvaltning og bruk av data i avgjerder og styring.
      • Iterativt teste ut nye løysingar for automatisering gjennom pilotar.

      Ein heilskapleg dataplattform og arkitektur gir høve til å samle kvalitativ og kvantitativ informasjon frå ulike kjelder, både i og utanfor organisasjonen, i ein felles datamodell. Dette er nødvendig for å kunne omarbeide data til innsikt, samt sikre transparens og gjenbruk av data på tvers i organisasjonen. Vidare vil det bli definert kva tenester som gir forretningsverdi for organisasjonen og for verksemdene. Nye løysingar vil bli testa gjennom pilotar og iterativt gjort betre gjennom agile arbeidsmetodar.

      3.4.2 Datadriven kultur

      For å bli meir datadrivne, vil vi legge til rette for ein kulturendring i tilsynet. Endringa inneber

      • å legge vekt på data i alle arbeidsprosessar
      • tillit til data - at vi er trygge på kvaliteten på våre data og leverer frå oss god datakvalitet vidare
      • at avgjerder blir tekne ut frå data og innsikt gjennom opne prosessar
      • vi stiller spørsmål og utfordrar idear

      Effektiv dataproduksjon, analyse, rapportering og oppfølging i alle deler av verksemda føreset at tilsynet har gode rutinar og metodar for å sikre høg datakvalitet og smart datastyring. Dette gjer vi ved å

      • etablere og kommunisere prinsipp for datastyring
      • etablere ein data- og metodeansvarleg som har ansvar for å forvalte data og prosessar
      • kartleggje og avdekke rom for automatisering i prioriterte prosessar

      Kjelder

      Datatilsynet. (2020). Lover og regler. Henta frå: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-verktoy/lover-og-regler/

      Digitaliseringsdirektoratet. (2021). Rammeverk for informasjonsforvaltning. Henta frå: https://www.digdir.no/informasjonsforvaltning/rammeverk-informasjonsforvaltning/2118

      Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). (2020). Mål- og resultatstyring. Henta frå: https://dfo.no/fagomrader/mal-og-resultatstyring

      Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). (2020). Hva er Mål- og resultatstyring. Henta frå: https://dfo.no/fagomrader/mal-og-resultatstyring/hva-er-mal-og-resultatstyring

      Forente Nasjoner (FN). (2020). Konvensjon om rettighetene til personer med nedsatt funksjonsevne. Henta frå:
      https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/konvensjon-om-rettighetene-til-personer-med-nedsatt-funksjonsevne

      Greg R. Oldham, & J. Richard Hackman. (2010). Not what it was and not what it will be: The future of job design research. Journal of Organizational Behavior, 31(2/3), 463-479.

      Kolbjørnsrud, V. (2018). Collaborative organizational forms: on communities, crowds, and new hybrids. Journal of Organization Design (Aarhus), 7(1), 1–21. https://doi.org/10.1186/s41469-018-0036-3

      Lovdata. (2013). Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løsninger. Henta frå: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-06-21-732

      Ording, Oda. (2020, 8. desember). Skattemeldingen får strykkarakter: − Hindrer oss fra å være selvstendige. VG. Henta frå: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/86PP4x/skattemeldingen-faar-strykkarakter-hindrer-oss-fra-aa-vaere-selvstendige

      Proba. (2020). Erfaringer med bruk av IKT-løsninger blant personer med funksjonsnedsettelser. Henta frå: https://proba.no/rapport/erfaringer-med-bruk-av-ikt-losninger-blant-personer-med-funksjonsnedsettelser/

      Regjeringen. (2020). FN Konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne CRPD. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/tema/likestilling-og-inkludering/likestilling-og-inkludering/konvensjoner/fn-konvensjonen-om-rettar-til-menneske-med-nedsett-funksjonsevne-crpd/id2426271/

      Regjeringen. (2020). Nasjonal strategi for kunstig intelligens. Henta frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/1febbbb2c4fd4b7d92c67ddd353b6ae8/no/pdfs/ki-strategi.pdf

      Regjeringen. (2020). Starter arbeid med stortingsmelding om datadrevet økonomi og innovasjon. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/starter-arbeid-med-stortingsmelding-om-datadrevet-okonomi-og-innovasjon/id2680668/

      Store Norske Leksikon. (2014). Den nye økonomien. Henta frå: https://snl.no/den_nye_%C3%B8konomien