Aktørar og tenester i helsesektoren
Helsesektoren består av mange nettsider, appar, aktørar og tenester. For innbyggaren kan det bety mange inngangar til helsehjelp – og ein krevande veg gjennom ulike tenester og system.
For å forstå kva innbyggarane møter digitalt, er det nyttig å sjå på korleis helsesektoren er bygd opp, kven aktørane er og korleis tenestene heng saman.
Helsesektoren er stor og kompleks
Over 60 000 verksemder tilbyr helse- og sosialtenester, og 5 565 fastleger brukar Helsenorge. I tillegg finst eit stort mangfald av digitale løysingar som innbyggarar, behandlarar og verksemder må forhalde seg til. Dei 420 tilgjengelegheitserklæringane som er knytte til helsesektoren, illustrerer noko av breidda i dei digitale tenestene.
verksemder innan helse- og sosialtenester
fastlegar brukar Helsenorge
tilgjengelegheitserklæringar er knytt til helsesektoren
Aktørar og roller i sektoren
Helse- og omsorgssektoren består av mange aktørar med ulike rollar og ansvar. Kartet gir ei forenkla oversikt over korleis sektoren heng saman, frå politisk styring og nasjonal forvaltning til tenesteytarar, leverandørar, brukarorganisasjonar og kunnskapsmiljø.
Innbyggaren si reise gjennom helsesektoren
For innbyggaren kan møtet med helsesektoren innebere mange steg og kontakt med fleire aktørar og fleire nettsider og appar. Illustrasjonen viser ei mogleg reise frå informasjon og kontakt, via behandling, medisin og oppfølging, til klage og erstatning. Dei ulike stega heng saman i eit løp, og innbyggaren må stadig skifte mellom ulike tenester, aktørar og digitale løysingar undervegs.
Jo fleire aktørar og digitale løysingar innbyggaren må bevege seg mellom, desto viktigare blir det at tenestene er enkle å finne, forstå og bruke.