Ved nyttår skal alle nettstadar og appar vere universelt utforma – er du i rute?

Alle nettstadar og appar som er omfatta av regelverket, skal vere universelt utforma frå 1. januar 2021. Dette gjeld uavhengig av alderen på ikt-løysinga.

17. des 2020

Regelverket vart innført i 2013 og er gjeldande for både offentleg og privat sektor. Overgangsperioden i regelverket er straks over.

- Verksemder, leverandørar og produsentar har hatt sju år til å sette seg inn regelverket. Vi forventar derfor at løysingane no oppfyller krava til universell utforming, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Framover vil tilsynet utføre fleire kontrollar enn tidlegare, og tek i bruk reaksjonar i alle tilsyn der det er avvik frå krava. Det betyr at verksemdene får pålegg om å rette avvik og varsel om tvangsmulkt, når endeleg tilsynsrapport vert sendt ut. Dette er gjort med tilsyna med Nav og Skatteetaten.

Lovgjevar sette ein romsleg frist slik at alle kunne tilpasse seg regelverket. Verksemdene kan søke om dispensasjon også etter årskiftet, men vilkåret for det er strengt. Dispensasjon er berre aktuelt i unntakstilfelle.

Rettleiing har heile tida vore ei av dei viktigaste oppgåvene for tilsynet, og nettsida er hovudkanalen. Her finn du blant anna: