Hopp til hovudinnhald

Skatteetaten etterlever ikkje krava til universell utforming av ikt i skattemeldinga. Vi har testa lesing, utfylling og innlevering, og det vart avdekka to avvik. Dette inneber at Skatteetaten ikkje sikrar at skattemeldinga er mogleg å bruke for alle.

07. desember 2020

Tilsynet for universell utforming av ikt har i haust gjennomført ein kontroll med skattemeldinga som er ein del av Skatteetaten sine nettsider. Kontrollen avdekka brot på 5 av 19 krav som vart testa. Skatteetaten har fått pålegg om retting, og skal rette avvika innan 1. mars 2021. Dersom avvika ikkje er retta innan denne datoen, vil Skatteetaten få tvangsmulkt i form av dagbøter.

Kvifor tilsyn med skattemeldinga?

Alle skal på ein god og enkel måte kunne bruke nettløysingar dei møter i kvardagen, uansett funksjonsevne, i tråd med formålet med regelverket om universell utforming av ikt.

Bakgrunnen for tilsynet med Skatteetaten var mellom anna klager frå publikum på at den tidlegare skattemeldinga var lite universelt utforma. Det var umogleg å få lest opp denne med skjermlesar og anna hjelpemiddelteknologi. Dette var på grunn av at skattemeldinga var ei PDF-fil utan strukturen som hjelpemiddelverktøy brukar.

Skattemeldinga har stor verknad for økonomien til den einskilde, og er eit skjema som alle innbyggarar kjem i kontakt med. Det er derfor viktig at brukaren kan fylle ut og lese skattemeldinga, utan hjelp frå andre.

Skatteetaten har lansert ny løysing for skattemeldinga, og det var derfor viktig å få testa om denne løysinga var i tråd med regelverket.

Eksempel på feil

Tilsynet har funne feil som gjeld skjema og koding.

Brota som er tilsynet har avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Skattemeldinga er eit juridisk bindande dokument som gjeld rettar og plikter for brukaren. Derfor er det særleg viktig at skjemaet er enkelt å fylle ut riktig første gang og at feilmeldingar i skjemaet gir brukaren den informasjonen som trengs for å korrigere feil.

Feil i kodinga gjer at skjemaet er vanskeleg å bruke for blinde og svaksynte.

– Skatteetaten er ei stor, offentleg verksemd som tilbyr grunnleggande nasjonale tenester. Skattemeldinga blir mottatt av alle lønnsmottakarar, pensjonistar og uføretrygda. Den har stor betydning for den enkelte sin økonomi, og det er viktig at brukaren kan fylle ut og lese eiga skattemelding utan å måtte be om hjelp frå andre, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynets sider.

Oppdatering

Det er avdekka brot på 5 av 19 krav, ikkje 6 som først opplyst. Tidlegare var det telt med eit brot på krav 1.4.4 om forstørring, men vi har ikkje avdekka feil på dette kravet. Tilsynsrapport er oppdatert.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt: