Hopp til hovudinnhald
22. september 2022

Denne veka har eg vore i Tromsø på Nordisk ministerråds konferanse om digital kompetanse og livslang læring for berekraftig omstilling i Norden (DigiNorden). Mitt innlegg på konferansen handla om korleis universell utforming og brukaroppleving er ein føresetnad for å oppnå både livslang læring og eit berekraftig samfunn.

Malin Rygg står på scena og held presentasjon framfor eit engasjert publikum i Tromsø.

Denne veka har eg vore i Tromsø på Nordisk ministerråds konferanse om digital kompetanse og livslang læring for berekraftig omstilling i Norden (DigiNorden). Konferansen går inn som eit ledd i utarbeidinga av ein handlingsplan for å gjennomføre visjonen om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region fram mot år 2030 gjennom å gjere Norden grønt, konkurransedyktig og sosialt berekraftig.

På programmet var det spanande innlegg frå mellom anna Medietilsynet og ulike aktørar i Norden som jobbar med å auke brukarars digital kompetanse retta inn mot funksjonen dei har som elevar, studentar, arbeidstakarar osv. Vidare hadde professor Mia Buhl ved Universitetet i Aalborg eit inspirerande innlegg om digital inkludering av «hard to reach learners».

Digitainability

Digitalisering og berekraft er begge globale megatrendar som mellom anna handlar om å gje folk ein meiningsfull kvardag, livsopphald, men livslang læring handlar også om å møte arbeidslivets behov for rett kompetanse. I Tromsø vart eg for første gong introdusert for eit nytt ord som seg inn i seg korleis desse megatrendane jobbar saman: Digitainability.

Eg var invitert for å snakke om korleis universell utforming (uu) og brukaroppleving (ux) er ein føresetnad for å oppnå både livslang læring og eit berekraftig samfunn. FNs berekraftsmål femner om det meste i samfunnet, og handlar om optimalisering av samfunnet for å gjere det best mogleg for menneske gjennom å setje mål knytt til mellom anna klima, opplæring, arbeidsliv med meir. Eit berande prinsipp er tanken om at alle skal med – «leaving no one behind». Dette passar som hand i hanske med Uu-tilsynets visjon om eit samfunn utan digitale barrierar.

Livslang læring

Læring skjer gjennom heile livet, både formelt og uformelt, og er avgjerande for moglegheita til å delta i samfunnet på like vilkår. På same måte følgjer digitale verktøy oss i dag frå vogge til grav. Faktisk kan vi på mange måtar seie at det digitale livet i dag startar allereie før ein er fødd. Uformell læring hos komande foreldre om graviditet og kva som er best for fosteret, skjer i dag på appar og nettstadar. Foreldras tilgang på denne informasjon kan slik få følgjer ikkje berre for deira liv, men også barnet.

Herifrå går det slag i slag ut livet – med og utan digitale verktøy. Det mest openberre er kanskje barnehage, skule og utdanning, men behovet for å tileigne seg ny kunnskap er kontinuerleg gjennom livet, og kan vere framkalla av samfunnsendringar, ny teknologi, endringar i arbeidslivet og nye sosiale arenaar og endra livssituasjon for å nemne noko.

Enten vi likar det eller ikkje er digitale verktøy er ein del av læringa, og ofte er det digitale verktøyet eit læremiddel for å oppnå annan kunnskap.

Digitaliseringa har for lengst innteke den formelle opplæringa. Skulen har for lengst, og med større eller mindre suksess, teke i bruk digitale verktøy i læringa. I våre tilsyn ser vi at heile 96 % av alle løysingane vi har kontrollert har eitt eller fleire avvik frå krava til universell utforming. Dessverre er ikkje situasjonen noko annleis innanfor opplæring og utdanning.

Kven skal ta ansvaret?

Når ein digitaliserer i høgt tempo er det naturleg at ikkje alt blir perfekt på første forsøk, men her må verksemdene som rullar ut digitale verktøy til sine brukarar ta eit ansvar. For er det naturleg at det er brukarane som skal ta støyten for verksemdenes prøving og feiling? Vi digitaliserer ikkje for dei tekniske løysinganes skuld – men for å gje brukarane eit betre tilbod.

Digitalisering av læringa handlar derfor ikkje om teknologi, men betre læring. Denne nye, betre og varierte læringa skal då vere for alle – viss ikkje møter vi ikkje krava til eit likeverdig og berekraftig samfunn.

Ofte treng vi ikkje finne opp hjulet på nytt – vi kjem langt med å sjå på korleis dei flinkaste i klassen lukkast og hente inspirasjon frå dei. Her kan ein til dømes sjå til kva aktørar på dataspel-marknaden gjer for å utvikle spel som kan nå alle. Når ein niåring med funksjonsnedsetjing kan game med kompisane sine (ekstern side, video på engelsk) må vi også kunne forvente at han skal kunne spele det spesiallaga mattespelet som skulen tilbyr i matematikkundervisninga.

Sjå bloggen uu + gaming = sant?

Universelt utforma digitale løysingar handlar om vilje og prioriteringar. Som systemeigar må ein stille seg spørsmålet «er det brukarane som skal tilpasse seg oss og vår løysing eller er det vi som skal tilpasse oss brukarane?».

To grunnleggjande prinsipp

Til dette vil eg berre seie at det er skulane, utviklarane, designarar, kommunar og andre som er systemeigarar og profesjonelle partar, ikkje brukarane. Derfor er det sjølvsagt dei som må ta dei tunge taka og stiller til rådvelde løysingar som set brukarane i sentrum. Då fell vi tilbake på to grunnleggjande prinsipp for å setje brukarane i sentrum som bør liggje til grunn for all kravspekking, anskaffing, utvikling, implementering og vidareutvikling av ikt-løysingar:

  • «Don’t fix the user»
  • «Don’t make me think»

Eg oppmodar alle som jobbar med løysingar som skal ut til brukarar, enten de er teknologar, pedagogar, finansfolk eller andre, til å hengje desse to prinsippa på veggen slik at de stadig får ei påminning om at det er brukaren som må stå i sentrum.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 5 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.