Hopp til hovudinnhald
08. mai 2017

Det er ikkje greitt at nokre brukarar ikkje rekk opp til automaten fordi den står for høgt, eller at brukarar med barnevogn eller i rullestol ikkje kjem seg fram til automaten. Du som eig ein butikk, eller ein kiosk eller har ei verksemd som har ein sjølvbeteningsautomat, du må kjenne til krava om universell utforming.

Når du kjøper ein ny automat, ønskjer du sjølvsagt at flest mogleg skal kunne bruke den. Dette gjeld uansett om det er ein betalingsterminal, vareautomat, billettautomat eller andre automatar.

Universell utforming skal sikre at vi ikkje stenger nokon ute frå å bruke digitale sjølvhjelpstenester. For alle som eig ein automat vil omsyn til universell utforming gi ein god gevinst ved at fleire brukarar kan utføre tenestene sine sjølv.

Din automat - ditt ansvar

Krav og standardarar viser korleis vi kan legge til rette ein sjølvbeteningsautomat slik at den gir like moglegheiter for alle, uavhengig av funksjonsevne. Det er ikkje greitt at nokre brukarar ikkje rekk opp til automaten fordi den står for høgt, eller at brukarar med barnevogn eller i rullestol ikkje kjem seg fram til automaten.

Ta deg tid til å sjå informasjonsfilmen vi har laga, og gjer deg kjent med korleis du kan plassere ut automaten din på ein god måte. Følgjer vi krava når vi utformar og plasserer ut slike automatar, aukar sjansane for at alle kan bruke dei.

Film: Universell utforming av IKT - sjølvbeteningsautomatar (2 min.)

Automatar i Oslo sentrum i strid med krava

Regelverk og kontroll skal sikre likeverdig deltaking i det nye, digitale Norge. Då tilsynet i 2015 gjorde ei måling på automatar i Oslo sentrum, viste det seg at om lag halvparten av automatane var i strid med krava, og at spesielt tilkomsten var for dårleg.

Målet om likeverdig digital deltaking

Forskrift om universell utforming av IKT er heimla i lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Forskrifta presiserer kva krav som vert stilt til IKT, der automatar inngår som objekt for kontroll.

Brukarar skal lett kunne finne, nå fram til og bruke automaten, uavhengig av funksjonsevne og føresetnader. Å kontrollere utplassering av automatar er slik sett ein god og viktig start.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 2 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.