Tilgjengelegheitserklæring

Verksemder i offentleg sektor skal ha ei tilgjengelegheitserklæring for nettstader og appar. Dette er eit nytt krav som kjem med webdirektivet (WAD). Tilsynet lagar ei obligatorisk digital løysing for tilgjengelegheitserklæringa.

Kvinne i grønn genser holder opp nettbrett med tilgjengelighetserklæring

På denne sida

    Tilgjengelegheitserklæring er eitt av dei nye krava som kjem med EUs webdirektiv (WAD). Dei nye krava trer i kraft i Noreg 1. januar 2022, men startar å gjelde først 1. januar 2023 fordi det er eitt års innføringstid. Verksemdene som skal gjere seg klare til å ha ei tilgjengelegheitserklæring, må gå gjennom løysingane sine og sjekke status per krav. Ein må lage seg eit grunnlag for kva status ein vil fylle ut i erklæringa.

    Verksemdene skal bruke ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring som tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet lagar i 2021. Løysinga skal vere klar for utrulling i 2022. Arbeidet starta i 2020, og vert klart mot slutten av året. Ein betaversjon av løysinga vart testa i pilot sommaren 2021.

    Formålet med erklæringa

    Tilgjengelegheitserklæringa skal beskrive korleis og i kva grad nettstadar og mobilapplikasjonar oppfyller krava. Det gjer at verksemdene må kartlegge status for universell utforming i løysingane sine og publisere resultata i ei tilgjengelegheitserklæring, som er open for alle.

    Formålet er

    • at verksemdene blir merksame på sider som ikkje er i samsvar med krava til universell utforming, slik at dei rettar opp desse
    • å gi deg som brukar løysinga rettleiing om korleis du får informasjonen i eit tilgjengeleg format, dersom det manglar i løysinga
    • å vere ein kanal for tilbakemelding frå brukaren om svakheit i løysinga

    Bloggen svarer deg

    Mange spør korleis erklæringa skal sjå ut, kva dei skal skrive og korleis dei får tilgang. Vi har blogga om dette, gå til fagbloggen vår og les Din uustatus=tilgjengelegheitserklæring.

    Ein kort introduksjon i 6 steg - film på 2 minuttar om tilgjengelegheitserklæringa

    Krav til utforming og innhald

    Direktivet stiller fleire krav til formen og innhaldet.

    Tilgjengelighetserklæringa skal ha

    • informasjon om innhald som ikkje er universelt utforma og ei grunngjeving om kvifor dei ikkje følgjer krava
    • informasjon om eventuelt alternativt innhald som er universelt utforma
    • lenke til informasjon om klagerett og korleis brukaren kan klage på løysinga

    Grunnlaget for å fylle ut erklæringa er eitt av desse:

    • Intern vurdering gjort av verksemda
    • Ekstern vurdering gjort av andre, for eksempel ein konsulent
    • Anna grunnlag som skal vere godkjent av tilsynet

    Verksemdene skal oppdatere tilgjengelegheitserklæringa minst ein gong i året, og når det vert gjort større endringar av nettstaden eller mobilapplikasjonen.

    Krav om tilbakemeldingsfunksjon

    I tilgjengelegheitserklæringa skal det også vere ein tilbakemeldingsfunksjon. Brukarane skal ha moglegheit til å gi tilbakemelding på nettstaden eller i appen.

    Dersom brukaren ber om eit tilgjengeleg alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma, skal verksemda svare på førespurnaden innan rimeleg tid. Kva som er rimeleg tid må ein vurdere ut frå kva innhald det gjeld, men vil truleg ligge mellom 3-6 veker.

    Felles løysing

    Digitaliseringsdirektoratet utviklar ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring. Den vil også omfatte ein tilbakemeldingsfunksjon. Der kan brukarar gi tilbakemelding om manglande universell utforming til verksemda.

    Ein betaversjon vart testa frå juni til august 2021. Pilotgruppa, som besto av 18 verksemder i offentleg sektor, testa ulike brukaroppgåver i løysinga.

    Utviklinga av betaversjonen har skjedd i samråd med referansegruppa, som har bestått av representantar frå NAV, Skatteetaten, DFØ, Norsk Helsenett, i tillegg til kommunane Oslo, Bergen og Sogndal.

    Fordeler

    Fordelene med denne løysinga er at

    • verksemdene slepp å utvikle ei eiga løysing for tilgjengelegheitserklæring og får dermed reduserte kostnader
    • det vert enklare for verksemdene å fylle ut erklæringa
    • nødvendige oppdateringar i malen for erklæringa kan gjerast sentralt
    • det vert lettare for brukarar med éin felles mal som er lik for mange nettstadar

    Tidsfristar

    Fredag 28. mai 2021 vedtok Stortinget at krava i EUs webdirektiv blir del av norsk rett. Det vart dermed klart at nye krav inkludert tilgjengelegheitserklæring skal gjelde for verksemder i offentleg sektor. Krava trer i kraft 1. januar 2022. Det er 1 års innføringstid og krava startar å gjelde frå 1. januar 2023.

    Arbeidet med innføring av nye krav har vore forseinka. Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderte i samband med gjennomføringsarbeidet om den sentrale løysinga skal vere obligatorisk for verksemdene å bruke.

    Kvifor tilgjengelegheitserklæring - film på 1 minutt