Hopp til hovudinnhald

Krav om tilgjengelegheitserklæring

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader. Det er obligatorisk å bruke løysinga som ligg på uustatus.no.

    Tilgjengelegheitserklæring er eitt av dei nye krava som kom med EUs webdirektiv (WAD). Verksemdene som lagar tilgjengelegheitserklæring, må gå gjennom løysingane sine og sjekke status per krav. Ein må lage seg eit grunnlag for kva status ein vil fylle ut i erklæringa, som ein kan opprette på uustatus.no.

    Kravet gjeld verksemder i offentleg sektor

    Kravet gjeld for verksemder i offentleg sektor. Omgrepet offentleg sektor skal tolkast på same måte som i regelverket om offentlege anskaffingar. Det betyr at dersom verksemda skal følgje anskaffingsreglane, skal ein også ha tilgjengelegheitserklæring for sine nettstader. Det er verksemdene sjølv som pliktar å gjere denne vurderinga.

    Formålet med erklæringa

    Tilgjengelegheitserklæringa skal beskrive korleis og i kva grad nettstadar og mobilapplikasjonar oppfyller krava. Det gjer at verksemdene må kartlegge status for universell utforming i løysingane sine og publisere resultata i ei tilgjengelegheitserklæring, som er open for alle.

    Formålet er

    • at verksemdene blir merksame på sider som ikkje er i samsvar med krava til universell utforming, slik at dei rettar opp desse
    • å gi deg som brukar løysinga rettleiing om korleis du får informasjonen i eit tilgjengeleg format, dersom det manglar i løysinga
    • å vere ein kanal for tilbakemelding frå brukaren om svakheit i løysinga

    Krav til utforming og innhald

    Direktivet stiller fleire krav til formen og innhaldet.

    Tilgjengelighetserklæringa skal ha

    • informasjon om innhald som ikkje er universelt utforma og ei grunngjeving om kvifor dei ikkje følgjer krava
    • informasjon om eventuelt alternativt innhald som er universelt utforma
    • lenke til informasjon om klagerett og korleis brukaren kan klage på løysinga

    Grunnlaget for å fylle ut erklæringa er eitt av desse:

    • Intern vurdering gjort av verksemda.
    • Ekstern vurdering gjort av andre, for eksempel ein konsulent.
    • Anna grunnlag som skal vere godkjent av tilsynet.

    Verksemdene skal oppdatere tilgjengelegheitserklæringa minst ein gong i året, og når det vert gjort større endringar av nettstaden eller mobilapplikasjonen.

    Krav om tilbakemeldingsfunksjon

    I tilgjengelegheitserklæringa skal det også vere ein tilbakemeldingsfunksjon. Brukarane skal ha moglegheit til å gi tilbakemelding på nettstaden eller i appen.

    Dersom brukaren ber om eit tilgjengeleg alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma, skal verksemda svare på førespurnaden innan rimeleg tid. Kva som er rimeleg tid må ein vurdere ut frå kva innhald det gjeld, men vil truleg ligge mellom 3-6 veker.

    Felles løysing

    Digitaliseringsdirektoratet har utvikla ei løysing for tilgjengelegheitserklæring. Tilgjengelegheitserklæringa omfattar også krav om tilbakemeldingsfunksjon, der brukarar skal få informasjon om korleis dei kan gi tilbakemelding om manglande universell utforming til verksemda.

    Rettleiing for tilgjengelegheitserklæring

    På rettleiingssidene finn du informasjon om korleis du lagar ei tilgjengelegheitserklæring, ofte stilte spørsmål og forklaring på ord og uttrykk.