Hopp til hovedinnhold

Vi får nye krav i Noreg om universell utforming av ikt, men arbeidet er forseinka på grunn av EFTA-prosessen. Fristane for oppfylling av nye krav vert utsett.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet jobbar med nasjonal gjennomføring av EUs direktiv om universell utforming av nettstader og mobilapplikasjonar i offentlege organ (WAD-direktivet).

På grunn av forseinkingar i EFTA-prosessen, trer reglane ikkje i kraft 1. juli 2020, som var foreslått i høyringa om forslaget til gjennomføring av EUs nye reglar om universell utforming av IKT frå sommaren 2019.

Noreg har krav om universell utforming av ikt frå før, men dei nye krava frå EU gjeld hovudsakleg synstolking av multimediainnhald (video), krav om ei tilgjengelegheitserklæring og tilbakemeldingsfunksjon, og krav om universell utforming av nye intranett og ekstranett.

Digitaliseringsdirektoratet vil lage ei sentral digital løysing for tilgjengelegheitserklæring.