Hopp til hovudinnhald
23. juni 2020

Når undervisning går over til å bli fulldigital, er det viktigare enn nokon gong å sikre at ikkje studentar vert utestengt frå det digitale læringsmiljøet.

Veit du korleis det fungerer for studentane dine å følge undervisninga digitalt? Med korona har undervisning raskt blitt meir og meir digital, og då er det viktig at du legg opp undervisninga opp slik at alle studentane får utbytte av det.

Kan fungere godt

I ein ny rapport kjem det fram at personar med nedsett funksjonsevne opplever IKT som hinder i utdanninga. Digital undervisning kan fungere godt for ein student med nedsett funksjonsevne. Gjort rett, vil digital undervisning vere meir tilgjengeleg enn ordinær undervisning. For eksempel er digitale dokument opplesbare for den som er blind eller har dysleksi i motsetning til papirkopiar eller bøker. Video med tekst kan vere meir tilgjengeleg for den som har nedsett høyrsel, enn vanleg tavleundervisning.

Innhaldet må vere for alle

I Norge har vi lovpålagte krav som du som undervisar må sette deg inn i. Ei digital løysing skal følgje krava, og også du som publiserer innhald må kjenne til korleis du gjer dette. Slik sikrar du at alle studentane dine kan få tilgang til materialet, enten det er video, bilde, tekst, dokument som PDF eller Power Point.

Studentar er ei samansett gruppe slik som vi alle er. Nokre har lese- og skrivevanskar eller dysleksi. Andre har nedsett syn eller høyrsel, eller har motoriske, kognitive eller psykologiske vanskar. Ingenting av dette er til hindring for å ta til seg informasjon og kunnskap dersom du sikrar at du underviser slik at dei kan oppfatte det du sender ut.

Frå 2018 fører Digitaliseringsdirektoratet tilsyn med nettløysingar i utdanningssektoren for å sikre at krava til universell utforming er oppfylt.

Nødvendig for nokon, nyttig for alle

Berre lyd og bilde i video fungerer ikkje for ein som er høyrselshemma. Sørg derfor for at videoopptak er teksta. Som eit minimum må du lage ein tekstbeskrivelse som gjengir relevant lydinnhald i videoen. Dette er nødvendig for mange studentar, men er også nyttig for alle studentane. Fleire og fleire synest det er praktisk med teksting fordi dei då kan sjå videoen utan å forstyrre dei som sit rundt seg, på lesesalen eller på bussen.

Legg du ut tabellar eller tekst som bilde, kan ikkje hjelpemiddel lese opp informasjonen, for eksempel eit opplesingsverktøy for ein student med lese- og skrivevanskar eller ein skjermlesar for ein student som er synshemma. Tenk også på det når du legg ut ein scanna PDF – den vert oppfatta som eit bilde og er ikkje opplesbar.

Sjekk rettleing

Universell ved NTNU har laga ein rettleiar om Zoom og har også gode ressursar på sine nettsider, som artikkelen om Tilrettelegging i koronatiden.

Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet tilbyr rettleiing, sjekk ut denne og send gjerne tilsynet e-post til post@uutilsynet.no dersom du har spørsmål.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.