Hopp til hovudinnhald
07. oktober 2022

Eg snakka med mange gode folk på Arendalsveka om digitalt utanforskap, og i dag deler eg også praten eg hadde med Terje André Olsen, forbundsleder i Norges Blindeforbund. Dette er nummer fem i rekka av videointervju vi gjorde under Arendalsveka.

På bloggen her i haust deler eg intervjua eg gjorde under Arendalsveka om digitalt utanforskap. I dag les vi nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:

  • Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
  • Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
  • Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?

Vi deler intervjua her på bloggen, og neste ut var Terje André Olsen i Norges Blindeforbund.

– Digitalt utanforskap er eit problem både for verksemda som baserer seg på at alle er digitale og for brukaren som ikkje får til det digitale. Tenestene må vere laga for dei som skal bruke dei, ikkje for dei som eig dei. Vi gjer ikkje universell utforming berre fordi det er lovpålagt, men fordi vi ønsker gevinst og måloppnåing.

Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 17 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.