Hopp til hovudinnhald
25. oktober 2022

I dag deler vi intervjuet med Kristin Ruud, generalsekretær i Seniornett, i serien av videointervju frå Arendalsveka. Temaet i serien er digitalt utanforskap og eg snakka med mange gode folk om dette. Intervjua deler vi her på bloggen i haust.

Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:

  • Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
  • Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
  • Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?

Vi deler intervjua her på bloggen, og i dag er det Kristin Ruud, generalsekretær i Seniornett, som er neste ut.

– Digitalt utanforskap er eit samfunnsproblem som er størrre enn vi trur. Mange eldre slit med heilt enkle ting, har ikkje orda eller omgrepa for kva som er feil, og dermed er det vanskeleg å be om hjelp. Mange kjenner seg digitale, men treng likevel kurs. Ein nasjonal hjelpetelefon og kurs burde supplere digitale tenester, seier Kristin Ruud.

Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
11 + 1 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.